Nordmørslista

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. okt. 2019 kl. 07:49 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Nordmørslista''' er ei tverrpolitisk valliste i Møre og Romsdal. Bakgrunnen for at lista vart oppretta i april 2015 var sjukehusstriden mellom Nordmøre og Romsdal.…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordmørslista er ei tverrpolitisk valliste i Møre og Romsdal. Bakgrunnen for at lista vart oppretta i april 2015 var sjukehusstriden mellom Nordmøre og Romsdal.

I tillegg til å ville oppretthalde sjukehusfunksjonar i Kristiansund, går Nordmørslista inn for at dei nordmørskommunane som ønskjer det bør få gå over til Trøndelag. Dei arbeider òg for betre samferdselsløysingar, fleire offentlege arbeidsplassar og eit godt utdanningstilbod på Nordmøre.

I fylkestingsvalet 2015 stilte liste opp i Møre og Romsdal, og fekk 8020 røyster. Dette gav fire representantar i fylkestinget. I fleire kommunar fekk lista mest røyster; i Kristiansund heile 53,9 %. Lista samarbeider med Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Venstre.

Det var i forkant av stortingsvalet 2017 strid i gruppa. Ein del meinte at det var uheldig å stille opp i dette valet, medan andre meinte at det var eit naturleg svar på det at ingen av dei etablerte partia hadde nokon frå Nordmøre på sikker plass. På eit ekstraordinært årsmøte den 15. desember 2016 valde fleire å trekke seg; mellom dei var tre av dei fire representantane i fylkestinget. Det var ei tid særs uroleg, med mellom anna påstandar om kupp.

Nordmørslista stilte til val i 2017, og fekk berre 1,5 % av røystene. Beste resultat var i Kristiansund, med 3,5 % – eit fall på over femti prosentpoeng frå fylkestingsvalet.

I kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 stilte Nordmørslista opp i fylkestingsvalet i Møre og Romsdal. Dei fekk 4378 røyster, svarande til 3,7 %. Dette gav to mandat, altså ei halvering av gruppa. I kommunestyrevalet stilte Nordmørslista opp i to kommunar, Kristiansund og Aure. Teknisk sett var dette registrert som eigne lister, siden Nordmørslista ikkje er registrert som eit politisk parti. I Kristiansund fekk lista 1881 røyster, svarande til 16,6 %. Dette gav åtte mandat. I Aure fekk dei 244 røyster, 12,1 %. Dette gav to representantar i kommunestyret.

Litteratur og kjelder