Nordre Gudbrandsdalske kompani

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. sep. 2017 kl. 19:58 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: {{Under arbeid}} '''Nordre Gudbrandsdalske kompani''' kan nyttast som ei samlenemning på den avdelinga av Hæren som i hovudsak bestod av [[Leksikon:Utskrivningsvesen|utskrivne]...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Nordre Gudbrandsdalske kompani kan nyttast som ei samlenemning på den avdelinga av Hæren som i hovudsak bestod av utskrivne soldatar frå Lesja prestegjeld, Lom prestegjeld og Vågå prestegjeld i Gudbrandsdalen. Ein kan seie kompaniet kom til ved hærordninga av 1662-1666 da Opplandske regiment vart frådelt frå Akershusiske regiment.

Dei militære rullane (sjå nedafor) er dei beste kjeldene til å identifisere dei avdelingane soldatar frå ymse lokalsamfunn gjorde teneste i, for sjølve kompania hadde i tiåra etter at Hæren vart etablert som regel namn etter sjefen eller eit nummer.

Frå starten på 1660-åra er det teke vare på slike rullar for Opplandske regiment, og dei syner at

  • i 1662 var det rulleført 142 mann frå Lesja, Vågå med Sel / Breibygda og Lom i 5. kompani under kaptein Johan Wade
  • i 1665 var det rulleført 139 mann frå desse prestegjelda i kaptein Ole Bruns kompani
  • i 1670 var det rulleført 135 mann frå desse prestegjelda i kaptein Ole Bruns kompani
  • i 1693 var det rulleført 140 mann frå desse prestegjelda i kaptein Brünecks kompani
  • i 1696 var det rulleført 140 mann frå desse prestegjelda i kaptein Brünecks kompani

På Kjærlands plansjeverk for perioden 1662-1718 er kompaniet kalla Nordre Gudbrandsdalske.

Etter den nye hæreordninga frå 1718 er nemninga også bruk om Lesja kompani, men da er soldatane i hovudsak utskrivne frå Lesja prestegjeld. Dermed kan ein seie at dette kompaniet opphøyrte i 1718.

Kjelder