Nordsamar

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 2. jan. 2020 kl. 12:10 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[kategori:Troms fylke» til «[[Kategori:Troms og Finnmark fylke]] [[Kategori:Troms»)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Søefin fra Tanafjord. Kone fra Laxefjord». (Johannes Flintoe)

Nordsamar er fellesnamnet for dei samane som tradisjonelt snakkar ein av dei nordsamiske dialektane — finnmarkssamisk, sjøsamisk og tornesamisk. Av desse er det finnmarkssamisk som utgjer hovuddialekten og normeringsutgangspunktet. Nordsamane høyrer heime i Noreg frå nordlige delar av Ballangen kommune og nordover, i Sverige frå nordlige delar av Gällivare kommune og nordover, i det meste av det samiske området i Finland, og tradisjonelt òg langs den ytre kystlina eit lite stykke austover Kolahalvøya i Russland. I sørvest grensar det nordsamiske kulturområdet til lulesamar, i nordaust til enaresamar og skoltesamar, og lengst i aust til kildinsamar.