Nordsamar

«Søefin fra Tanafjord. Kone fra Laxefjord». (Johannes Flintoe)

Nordsamar er fellesnamnet for dei samane som tradisjonelt snakkar ein av dei nordsamiske dialektane — finnmarkssamisk, sjøsamisk og tornesamisk. Av desse er det finnmarkssamisk som utgjer hovuddialekten og normeringsutgangspunktet. Nordsamane høyrer heime i Noreg frå nordlige delar av Ballangen kommune og nordover, i Sverige frå nordlige delar av Gällivare kommune og nordover, i det meste av det samiske området i Finland, og tradisjonelt òg langs den ytre kystlina eit lite stykke austover Kolahalvøya i Russland. I sørvest grensar det nordsamiske kulturområdet til lulesamar, i nordaust til enaresamar og skoltesamar, og lengst i aust til kildinsamar.