Nordsamar

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. okt. 2013 kl. 15:18 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Nordsamar''' er fellesnamnet for dei samane som tradisjonelt snakkar ein av dei nordsamiske dialektane — finnmarkssamisk, sjøsamisk og [[...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordsamar er fellesnamnet for dei samane som tradisjonelt snakkar ein av dei nordsamiske dialektane — finnmarkssamisk, sjøsamisk og tornesamisk. Av desse er det finnmarkssamisk som utgjer hovuddialekten og normeringsutgangspunktet. Nordsamane høyrer heime i Noreg frå nordlige delar av Ballangen kommune og nordover, i Sverige frå nordlige delar av Gällivare kommune og nordover, i det meste av det samiske området i Finland, og tradisjonelt òg langs den ytre kystlina eit lite stykke austover Kolahalvøya i Russland. I sørvest grensar det nordsamiske kulturområdet til lulesamar, i nordaust til enaresamar og skoltesamar, og lengst i aust til kildinsamar.