Nordstog (Bykle gnr 15/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordstog
Rydda: omkr. 1667
Utskilt: 1668
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 2
Type: Gardsbruk

Nordstog, som ligg i breidd med Der inne og Attistog i fellestunet i Gjerden i Bykle, vart utskilt frå Der inne ein gong på 1660-talet.

Fyrste oppsitjaren her var son åt Åvold Knutsson Gjerden og fyrste kona, Gyro Eivindsdotter, fødd Trydal.

  • Knut Åvoldsson Gjerden, f ca 1632-34, d ca 1710
g 1681 m Torbjørg Olavsdtr. Nesland, d 1756. Born, iallfall:
  • Åvold, f ca 1686, g m Hæge Knutsdtr. Mosdøl, sjå Nesland Der heime, gnr 10, bnr 2
  • Olav, f ca 1691, g 1718 m Ingebjørg Bjørgulvsdtr., sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f ca 1690, g m Åvold Tarjeisson Byklum, sjå Utistog
  • Borghild, f ca 1697, g 1724 m Bjørgulv Alvsson Breive, sjå Breive Der inne, gnr 1, bnr 2
  • Tore, f ca 1702, d 1720, ug
  • Jorunn, f 1703, g 1726 m Olav Såvesson Stavenes, sjå Bjørnarå Der aust, gnr 18 bnr 1

Torbjørg Olavsdotter var frå Nesland Der heime, og dotter åt Olav Gunnarsson Nesland og kona, Tore Jonsdotter.

Då Knut og Torbjørg skulle gifte seg i 1681, laut dei løyse kongebev avdi ho var «hans faders halvsøsters datterdatter», står det i tingboka, men ettersom me korkje kjenner opphavet til Tore Jonsdotter Nesland eller namna på syskena åt Åvold Gjerden, hjelper ikkje dette oss stort, bortsett frå at me altså kan slå fast at Knut og Torbjørg var noko skylde.

Knut må ha vore flink med pengar, iallfall skaffa han seg hand om mykje eigedom. Me reknar opp gardpartane hans i den rekkjefylgja han fekk tak i dei: I 1683 lånte han ut ein sum (kor mykje vert ikkje oppgjeve) til Tarjei Knutsson Byklum, og fekk pant i 3 skinn i Utistog. I 1693 lånte han ut 126 dalar til Åsmund Gunnarsson Nesland mot pant i 3 skinn i Nedre Mosdøl, og same året 60 til Knut Gunnarsson Nesland mot pant i 3 skinn i Nordtveiti. I 1702 var det Folke Torleivsson Hoslemo som trong lån. Han fekk 123 dalar, og Knut fekk pant i 6 skinn i Gjerden, dvs. Attistog. I 1704 ervde Torbjørg Olavsdotter 6 skinn i Nesland Der heime etter foreldra sine, det var halvparten av det bruket. I tillegg til dei nemnde partane kom ein panteåker i Utistog, kalla Badstogåkeren, for eit lån på 5 dalar til Åvold Drengsson, og endå ein støyl under Utistog som heitte Skaret, med ei tilhøyrande slåtte som heitte Reinsmyri, også desse hadde Åvold Drengsson pantsett for 5 dalar.

Alle dei nemnde eigedomspartane var med i buet då Tore heldt friviljug oppgjevingsskifte i 1728. Bortsett frå parten i Nesland, som var odelsgodset hennes, dreia det seg heile vegen om «brugeligt pant», slik at det var opp til panthavaren å avgjera kven som skulle bruke dei nemnde gardpartane. Det ser ut til at Knut Åvoldsson let enka Svålaug bruke Attistog ei tid etter pantsetjinga, men kring 1710 tykkjest ho ha flutt åt sonen i Hoslemo, helst avdi Knut Åvoldsson då var død, og son hans ville bruke både Nordstog og Attistog.

At Knut Åvoldsson døydde ved dette leitet, høver også ihop med at Åvold Knutsson, eldstesonen, overtok foreldra sin eigedom (6 skinn) på Nesland det året, og då straks flutte dit. I 1724 fekk han kaupe 6 kalveskinn til i Nesland, og åtte frå då av heile Der heime.

Dermed vart det den nest eldste av sønene som ca 1710 overtok bruket her, og dertil overtok han endå 6 kalveskinn i Gjerden, då han sat med både Der inne og Attistog.

  • Olav Knutsson Gjerden, f ca 1691, d 1723
g 1718 m Ingebjørg Bjørgulvsdtr. Bratteland, d 1740. Born:
  • Tarjei, f 1719, d 1720
  • Tarjei, f 1721, d 1721
  • Tore, f 1722, d 1722
  • Olav, f 1723, g 1751 m Gunhild Tarjeisdtr. Nesland, sjå nedanfor

Ingebjørg var dotter åt Bjørgulv Tarjeisson Bratteland, men kva kona åt Bjørgulv heitte, veit me ikkje. Vidare har me ein tokke av at Ingebjørg var syster åt Jorunn Bjørgulvsdotter, som var gift med Augund Tarjeisson i Der inne, men det er meir usikkert.

Som det går fram ovanfor døydde Olav Knutsson alt i 1723, og den av sønene som kom til å vekse opp og taka over eigedomen, var fødd etter at faren var borte. Ingebjørg Bjørgulvsdotter dreiv etter alt å døme garden med leigehjelp frametter til ho døydde i 1740. Ho åtte på den tid berre bruket her, 2 kyr, 2 geiter, 7 sauer og 4 lam, står det. Heile eiga vart verdsett til 37 riksdalar, og når gjeld og skiftekostnader var trekte ifrå, var det att verdiar for 20 dalarar til sonen.

Olav Olavsson overtok dei 3 kalveskinna i Gjerden som mora hadde hatt, og budde her til 1763. Men i 1751 hadde han gift seg med Gunhild Tarjeisdotter, som var odelsjente til Vodden Nesland, og i 1761 fekk dei skifteskøyte på heimebruket hennes. Eit par år seinare flutte dei dit, og budde der til omlag 1793. Men i 1788 eller derikring, hadde dei selt Vodden til Gunnar Knutsson Nesland, så dei siste 5 åra sine der var dei bruksfolk. I 1793 eller 1794 flutte dei hit att, og budde sidan her til dei båe døydde i 1809. I den lange perioden då Olav og Gunhild budde på Nesland har me ikkje funne bruksfolk i Nordstog, så kanskje har eigedomen då vore bortleigd til oppsitjarane i Attistog og/eller Der inne?

I 1804 tok Olav og Gunhild foddog, og skøytte bruket her over på eldste sonen. Hovudomtalen av foreldra hans er plassert i bolken om Vodden Nesland, og sonen skulle då, etter den vanlege skipnaden i denne boka, vore oppførd med etternamn Nesland. Men etterdi han både ætta frå Gjerden og budde her, set me han likevel opp som fylgjer:

  • Knut Olavsson Gjerden, f 1756, d 1829
g 1782 m Asgjerd Jonsdtr. Holen, f 1754, d 1836. Born:
  • Birgit, f 1782, d 1786
  • Hallvard, f 1786, g 1817 m Sigrid Andresdtr. Brotteli, sjå Sygard Nesland, gnr 10, bnr 3
  • Auver, f 1789, g 1. 1817 m Ingebjørg Kristensdtr. Hisdal, g 2 1843 m Ingebjørg Kjetilsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1792, d 1872, ug, sjå nedanfor, jfr. Naustdøl under Nesland.
  • Gunhild, f 1796, g 1818 m Jon Andresson Brotteli, sjå Brotteli.

Asgjerd Jonsdotter var frå Myri Holen. Jon Olavsson Tveiten og kona, Åshild Folkesdotter, fødd Holen, var foreldra hennes.

Birgit Knutsdotter fekk i 1829 sonen Knut. Faren var Jon Auversson Vatnedalen, son åt Auver Jonsson Holen og kona, Turid Sigbjørnsdotter. Knut Jonsson livde opp, og vart i 1874 gift med Åse Knutsdotter Byklum. I åra som fylgde budde han med henne på plassen Naustdøl under Vodden, der han iallfall sidan 1865 hadde halde til ilag med mora. Ein kan lesa meir om han i bolken om den verestaden.

I 1807 kaupte Knut Olavsson Holen Der uppe av Alv Tovsson for 306 riksdalar, men selde same dagen det bruket vidare til Torleiv Hallvardsson Tveiten for 351. Bakgrunnen for at handelen vart gjort på denne måten var nok at Asgjerd hadde odel til Holen. Iallfall skaffa transaksjonen Knut 45 dalarar i lomma.

Knut og Asgjerd åtte også Sygard Nesland, som dei hadde kaupt av Gunnar Knutsson Nesland ca 1798. Dei budde der frå det året til dei flutte hit i 1804. Sidan vart dei sitjande med heimelen til Sygard til 1829, dvs. til nest fyre Knut døydde. Eldstesonen, som hadde budd der sidan 1817, fekk då skøyte på det bruket.

Samstundes fekk den nest eldste skøyte hjå foreldra på bruket her:

  • Auver Knutsson Gjerden, f 1789, d 1875
g 1. 1817 m Ingebjørg Kristensdtr. Hisdal, f 1792, d 1837. Born:
  • Knut, f 1817, g 1849 m Birgit Salmundsdtr. Tveiten, sjå nedanfor
  • Torleiv, f 1821, g 1. 1849 m Birgit Pålsdtr.Byklum, g 2. 1851 m Birgit Eivindsdtr. Trydal, f 1829, sjå nedanfor
  • Asgjerd, f 1823, d 1845, ug
  • Olav (e.), f 1826, g 1852 m Birgit Tarjeisdtr. Dale, sjå Lisletjønnhaugen under Holen
  • Kristen, f 1829, d 1861, ug
  • Olav (y.), f 1832, g 1858 m Ingebjørg Torleivsdtr. Haugo, sjå Lii under Gjerden
  • Torbjørg, f 1835, g 1859 m Jon Olsson Hoslemo, sjå Øystre Haugen under Byklum, gnr 14, bnr 21
g 2. 1843 m e Ingebjørg Kjetilsdtr. Stavenes, f 1790, d 1847, ikkje born.

Kristen Auversson Nomeland i Hisdal og kona, Torbjørg Sigurdsdotter, var foreldra åt den fyrste av dei to Ingebjørg-ene Auver var gift med. Ingebjørg Kjetilsdotter, andre kona, var enke etter Ånund Pålsson Stavenes. Foreldra hennes var Kjetil Eivindsson Løyning og kona, Anne Helleiksdotter, fødd Kvisle.

Auver hadde også dottera Gro, fødd i 1816. Mor hennes var Gunvor Gjermundsdotter, ei dotter åt Gjermund Gunsteinsson Stavenes og kona, Margit Torleivsdotter. Gro døydde ugift hjå morforeldra på Stigamoen i 1837. Mor hennes gifte seg i 1828 med Knut Sveinsson Maurlii. Det står noko lite meir om henne i bolken om Maurlii.

I 1843 tok Auver foddog for seg og andre kona, og skøytte bruket over på eldstsesonen:

  • Knut Auversson Gjerden, f 1817, d 1850
g 1849 m Birgit Salmundsdtr. Tveiten., f 1817, g 2. 1855 m landhandlar Daniel Torleivsson Jore, Valle, ei tid busett Konsmo, jfr. Valle IV, 603, sidan Fiane i Gjerstad, ikkje born

Birgit Salmundsdotter var frå Ryningen. Foreldra hennes var Salmund Snæresson på det bruket og kona, Margit Olsdotter, fødd Stoplestog. Som det går fram ovanfor gifte ho seg omatt nokre år etter at Knut var borte.

I 1844 hadde Knut fått sonen Olav. Mor hans var Hæge Bendiksdotter, ei dotter åt Bendik Vrålsson Berdalen og kona, Asbjørg Sveinungsdotter. Mora tente i Gjerden, både då Olav Knutsson vart fødd hausten 1844, og då han døydde i februar året etter. I 1855 gifte Hæge seg med enkemannen Torjus Olsson på plassen Brònen under Rygnestad. Ho døydde der i 1875 (jfr. Valle VI, 389).

I 1852 skøytte enka Birgit Salmundsdotter og verfaren, Auver Knutsson, saman bruket over på Torleiv, den yngre bror åt Knut for 200 speciar:

  • Torleiv Auversson Gjerden, f 1821, d 1861
g 1. 1849 m Birgit Pålsdtr.Byklum, f 1827, d 1850, born:
  • Ingebjørg, f 1849, g m Knut Pålsson Byklum, sjå Kroné, gnr 14, bnr 6
g 2. 1851 m Birgit Eivindsdtr. Trydal, f 1829, d fyre 1900, ho g 2. 1869 m Dreng Hallvardsson Ørnefjødd, til Amerika 1881. Born:
  • Dødfødd gut, 1854
  • Dødfødd gut, 1855
  • Dødfødd gut, 1856
  • Auver, f 1858, d Skafså 1940, g 1898 i Minnesota m (syskenbarn) Turid Såvesdtr. Trydal, f 1871, d Skafså 1961, born, sjå Torstveit, Trydal, gnr 17 bnr 28

Birgit Pålsdotter, fyrste kona åt Torleiv, var frå Kultro. Foreldra hennes var Pål Oddsson Byklum og kona, Kristi Ånundsdotter.

Birgit Eivindsdotter, kone nummer 2, var frå Storstein i Trydal. Foreldra hennes var Eivind Ånundsson på det bruket og kona, Turid Kjetilsdotter, fødd Tveiten (Valle).

Torleiv vart ikkje gamal, ser me, men han fekk fleire etterkomarar i bygda enn borna åt dottera, jamvel om sonen, Auver Torleivsson, ikkje er registrert i den gamle gards- og ættesoga. Son hans att, Såvi Auversson Torstveit i Trydal, er nemnd i den boka (18), men utan at det vert opplyst at han ætta frå Gjerden, eller Bykle i det heile.

Birgit Eivindsdotter, enka etter Torleiv, overdrog i 1868 bruket til Olav P. Byklum, ein av sønene åt Pål Knutsson Berdalen i Kroné. Han var bror til mannen av Ingebjørg Torleivsdotter:

  • Olav Pålsson Byklum, f 1831, d 1905, ug

Som det går fram ovanfor var Olav ugift. Men han budde ikkje åleine, den yngre broren og familien hans var bruksfolk her i nesten heile oppsitjartida hans:

  • Torleiv Pålsson Byklum, f 1834, d 1912
g 1872 m Ingjerd Torleivsdtr. Holen, f 1848, d 1937. Born:
  • Jorunn, f 1873, d 1873
  • Pål, f 1874, g 1917 m Jorunn Knutsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Jorunn, f 1877, g 1895 m Torleiv Drengsson Mosdøl, sjå Berget Mosdøl, gr 13, bnr 2
  • Torleiv, f 1880, d 1881
  • Torleiv, f 1882, d 1804
  • Olav, f 1885, g 1907 m Gunvor Drengsdtr. Mosdøl, sjå Kultran, gnr 14, bnr 8
  • Asgjerd, f 1889, g 1912 m Åsmund Åvoldsson Byklum, sjå Fådapen, gnr 14, bnr 20

Ingjerd Torleivsdotter var frå Holen Der uppe. Foreldra hennes var Torleiv Hallvardsson Holen og kona, Asgjerd Hallvardsdotter, fødd Nesland.

Torleiv og Ingjerd hadde flinke born. Til konfirmasjonen vart Pål (1889) karakterisert som «Næsten udmærket god», Jorunn (1892) som «Særdeles god», Torleiv (1897) som «Udmærket god» og Olav (1900) som «Meget god».

Olav Pålsson sat på bruket til nest fyre han døydde, men i 1904 skøytte han det over til den eldste av brorsønene:

  • Pål Torleivsson Gjerden, f 1874, d 1935
g 1917 m Jorunn Knutsdotter Byklum, f 1893, d 1940. Born:
  • Torleiv (e.), f 1918, g 1942 m Ingebjørg Torleivsdtr. Røysland, sjå nedanfor
  • Ingjerd, f 1920, husmor, d 1995, g m Ragnar Høifødt, f 1920, d 2002, busett Nøtterøy, born:
  • Knut, f 1923, lærar, lokalhistorikar, g 1954 m Gro Taraldsdtr. Nomeland, f 1927, busett Akkerhaugen, born, sjå gnr 15, bnr 32 Asparås.
  • Ingebjørg, f 1925, d 1929
  • Torleiv (y.) Jarinn, lærar. f 1929, g m Ingjerd Breivik, Øystese, busett Skien, born:
  • Jorunn, f 1966, g m Bård Pettersen, busett Vesterålen
  • Bent, f 1969, g m Inger Kvalevåg, Larvik, busett Skien
  • Kristi, f 1973, sb m Kjetil Holm, busett Oslo
  • Gunnar, f 1933, lærar, g m Anne Grethe Henriksen, Fredrikstad, busett Askim, born:
  • Pål Henry, f 1963, busett Stavanger
  • Vidar, f 1965, busett Bergen, g m Jorunn Svendsen

Jorunn Knutsdotter var frå Kroné, dotter åt Knut Pålssson Byklum og Ingebjørg Torleivsdotter Gjerden.

Me tek den fylgjande stubben etter Olav G. Holen jr. (Holen, 3, 46):

Pål dreiv garden godt, det var ein slitar av dei sjeldne, og så kraftig som han var, så rokk han mykje. Han var ein 3 alners kar, som dei sa i Bykle, ca 1, 90 m høg, og godt bygd. Naboen hans, Åsmund Gjerden, fortalde meg at han bar ein 100 kilos mjølsekk ifrå Innistog og upp til Gjerden, og leidde hesten. Det heitest at han bar sekken etter strotten, men om han kvilte ein gong eller to [på vegen] veit eg ikkje.

I 1913 selde Pål ifrå Austre Grønmyrjuvet til Haddeland og Stranderud for kr 4.360. Det fekk bnr 6 og ei skyld på 12 øre. Då dei to fossekraftspekulantane overdrog det til ervingane sine i 1919, vart det verdsett til kr 26 000, og då desse selde det vidare att til Kristiansands e-verk i 1955 var prisen 500 000.

Pål sette seg opp nytt fjos i 1929. Attåt gardsarbeidet styrde han trygdekassa i Bykle i mange år. Han døydde i 1935, og Jorunn overtok då trygdekassa, og styrde henne til ho døydde 5 år seinare.

Året etter fekk Torleiv Pålsson skifteskøyte på bruket, som ved dette høvet vart verdsett til kr 3000.

  • Torleiv Pålsson Gjerden, f 1918
g 1942 m Ingebjørg Torleivsdtr. Røysland, f 1914, d 2006.10.29. Born:
  • Ingvill, f 1968, g m Lars Ove Aurdal, f 1965 Heggedal, busett Heggedal, 2 born
  • Trygve, f 1946, oppsynsmann, g 1970 m Torbjørg Asbjørnsdtr. Rysstad, sjå nedanfor, jfr. Jarehaugen, gnr 15, bnr 41.
  • Gudmund, f 1953, kraftverksarb., d 2005, g 1982 m Angjerd Olsdtr. Myrum, sjå Sarvsjå, Tomt 7, gnr 15, bnr 66
  • Jon, f 1956, ing., g m Liv Hilde Holm, f 1957, sjå Kraftbo, bnr 81

Ingebjørg Torleivsdotter kom frå Nigard Røysland, bnr 5. Foreldra hennes var Torleiv Drengsson Flateland og Gyro Knutsdotter Røysland.

Torleiv overtok arbeidet som trygdekassestyrar etter foreldra. Etter ei tid i kommunestyre og formannskap vart han på 1950-talet liksåvel kommunekasserar, og i praksis også formannskapssekretær. I desse posisjonane deltok han sentralt i striden som førde til at Borten-regjeringa vedtok at Bykildammen ikkje skulle byggjast. Han slutta som kommunekasserar i 1975, men heldt fram som trygdesjef til han gjekk av med pensjon i 1985.

I tillegg til alt det offentleg arbeidet, som i 1985 skaffa han kongens fortenestemedalje i sylv, rakk Torleiv også å drive garden med hest, 2-3 kyr, gris og 15-20 sauer. I 1946 flutte han loptet fram på tunet, og sette det ved sidan av uthuset. Året etter bygde han ein reisverksdel innåt den gamle tømmerstoga, og kledde inn heile huset med tømmermannspanel.

Etter påbyggjinga hadde huset ei grunnflate på 88 kvadrat. Men etter som tida gjekk synte det seg at tilbygget frå 1947 ikkje var godt nok fundamentert. I staden for å stelle på det gamle huset ein gong til, bygde Torleiv i 1969-70 ei ny stoge på framsida av uthuset. Her bur han og kona i dag (2006).

I 1988 overdrog han eigedomen til den nest eldste av sønene.

  • Trygve Torleivsson Gjerden, f 1946
g 1970 m Torbjørg Asbjørnsdtr. Rysstad, f 1950, born: sjå Jarehaugen, bnr 41

I 1996 kaupte Trygve også Der inne, bnr 3, som låg utan nokon erving til å taka over etter at Gunhild O. Gjerden døydde. Trygve har arbeidd mykje med å stelle med dei gamle husa på båe dei to bruka sine. Dette er fortalt meir om i bolken om Der inne.

Trygve og kona hans bur i Jarehaugen, bnr 41, og det me elles har å fortelje om dei og borna deira står i bolken om den verestaden.


0941 Bykle komm.png Nordstog (Bykle gnr 15/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder