Nordstog Trydal (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Nordstog Trydal
Rydda: 1578
Utskilt: Fyre 1624
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: lnr 42
Type: Gardsbruk

Nordstog Trydal femnde sidan kring 1580 over den vestlege halvparten av Trydal i Bykle kommune. På 1660-talet vart Der inne kløyvd ifrå, men omlag 200 år seinare vart dei to bruka slegne i hop att. Avdi eigaren i 1877 ynskte det slik, vart Nordstog då offisielt sletta or matrikkelen. Då dette var fyre innføringa av det moderne bruksnummersystemet, lyt me her føre opp eigedomen med løpenummeret frå 1838-matrikkelen, lnr 42.

I bolken om den udela garden er det fortalt om korleis brørne Tarald og Svenke Torgrimssøner fekk tak i Trydal i 1578, og at dei truleg bytte garden i to like store bruk, Systog og Nordstog. Systog kjem me til etter kvart, men her skal det handle om Nordstog, som Tarald Torgrimsson i 1609 selde til Jorunn Eivindsdotter Rygnestad og sønene hennes, Torleiv, Eivind, Svein og Dreng Åsmundssøner, etter at Jorunn fyrst hadde sikra seg pant i garden alt i 1591.

Men frå 1578 til 1609 tykkjest Tarald Torgrimsson å ha budd her. Me veit omtrent ingenting om han eller familien hans, men set han likevel opp som fylgjer:

  • Tarald Torgrimsson Brottveit, til stades 1578, 1609
g m Liv Aslaksdtr.(?), ikkje kjende born.

Som me var inne på i bolken om den udela garden var det ei Liv Aslaksdotter som sto som medunderskrivar med Tarald i skøytet då han selde halve Trydal til Torleivssønene frå Rygnestad i 1609. Etter samanhengen kan ho ha vore kona hans, men ho er ikkje nemnd fleire vender i kjeldene våre, så denne gjetinga kan ikkje kontrollerast. Kanskje er ho likevel rett?

Fyre dei fekk jernovnar å leggje takka på, laut bakstekjeringane plassere henne på ein smia trifoting over open varne, som på denne teikninga i Olaus Magnus si bok Historia om de Nordiska Folken, som kom ut i 1555.

Av rygnestadbrørne var det berre Torleiv som ikkje sidan kom til å bu i Trydal, men han som budde her lengst var Eivind. Han kom fyrst inn med det same etter handelen i 1609 og sat tom. 1613. Då flutte han til eit bruk på Nomeland, der han budde tom. 1629. Medan Eivind var på Nomeland budde Svein, og tidvis også Jorunn, mor hans, i Trydal. Men då Svein i 1630 flutte til Åsland i Mosokn i Telemark (jfr. Mo bygdebok I, 636 og 647), kom Eivind attende til Trydal og budde her livet ut, til 1666. Den tredje av brørne, Dreng, var berre innom i Nordstog eit par år, i 1650-51, og då som sambrukar med Eivind.

Då har me kome så langt at me kan setje opp nokre familieoversyn, som liksom det meste av dei hine opplysningane våre om dei gamle rygnestadane (bortsett frå slutningane om korleis det hadde seg med bruken av Trydal), er henta hjå Alfred Ryningen i Vallesoga. Avdi me her har tre brør som skiftest om å bruke same garden, er det rimeleg å taka utgangspunktet i foreldra deires, særleg ettersom også mora, Jorunn, på 1620-talet er oppført som oppsitjar i Trydal ilag med Svein («Suend Trydal med hans moder», står det). Dermed får me også med alle dei av syskena av Eivind, Svein og Dreng, som ein elles kjenner til. Rekkjefylgja dei imellom, særleg mot. jentene, lyt verta slumpesam, ettersom ein ikkje kjenner fødselsåret for nokon av dei.

Men det er kjent at Torleiv var den eldste av sønene, og Dreng den yngste, og ettersom Eivind heitte etter morfaren, var han rimelegvis den nest eldste.

  • Åsmund Torleivsson Rygnestad n 1584-94, d fyre 1596, sjå Valle III, 647 f
g m Jorunn Eivindsdtr. Nomeland, d ca 1631. Born, iallfall:
  • Torleiv n 1596-1640, g m Åse Jonsdtr. Homme, n m.a. 1638, busett Nordigard Rygnestad, bnr 8, sjå Valle, VI, 362 f
  • Eivind, skifte 1667, g m Hæge, sjå nedanfor
  • Svein, n 1611-54, g m ukj., sjå nedanfor
  • Dreng, n 1624-83, g m ukj., sjå nedanfor
  • Torbjørg, n 1632-38, g m Augund Jonsson Homme, n 1594-1617, busett Nigard Svalestoga Homme, gnr 31, bnr 1, jfr Valle V, 315
  • Margit, n 1632-36, g m Torjus Gjermundsson Rike, n 1610-49, busett Holum, gnr 38, bnr 2, jfr. Valle V, 33
  • Signe, n 1632-36, g m Hallvard Ulvsson Uppstad, n 1624-37, busett Uppstad Der nede, gnr 60, bnr 3, jfr Valle II, 471
  • Ingebjørg, n 1632, d då, ug, jfr Valle VI, 108, 342, 364
  • Gyro, n 1632, d då g m Tarjei Pålsson Løyland, busett Systog Dale, gnr 27, bnr 5, jfr Valle VI, 46

Som nemnt var Eivind den fyrste av brørne som sat på garden. Her set me likevel inn omtalar av Svein og Dreng fyre han, for Eivind var her også etter dei hine, og då gjev det betre flyt i den vidare framstillinga å plassere han til slutt i syskenlaget, og taka fram Svein fyrst:

  • Svein Åsmundsson Rygnestad, n 1609-54,
gm. ukj. Born, iallfall:

Svein er den oppsitjaren i Nordstog som vart avkravd straffeskatt til kongen i 1615. Denne skatten vart pålagt alle bønder i Råbyggjelaget avdi dei hadde nekta å yte mannskap og pengar til Christian IVs krig mot Sverige i åra 1611-13 (Kalmarkrigen). Skatten gjekk ut på inndraging av halve verdien av all eigedom - odelsgods unnateke. I praksis vart det - iallfall i Bykle - ikkje inndrege fast eigedom i det heile, men byklarane måtte ut med halve verdet av det dei gav opp av lausøyren sin. For at dette skulle kunne gjennomførast skulle dei møte på eit skatteting i Rike med det dei åtte av heimil og kretur, slik at sorenskrivaren fekk setje på verditakstar og rekne ut skatten.

Etter kva skrivaren fann ut sat då Svein Trydal inne med fylgjande:

Som det går fram av lista hadde Svein Trydal to «stålbogar». Dette var skjotevåpenet i bondevæpninga fyre børsene kom på vange. Teikning frå Olaus Magnus, Roma 1555.
  • Uteståande pengekrav (10 rd.)
  • reide pengar ( rd 1 ort 16 skill.)
  • 1/8 lodd sylv (1 ort)
  • 3 pund kopar (9 rd)
  • 1 lita gryte (2 ort)
  • 1 øks (2 ort)
  • 5 tjeld (3 rd 3 ort)
  • 1 børse (3 rd 2 ort),
  • 2 stålbogar (3 rd)
  • 1 treårs fole (6 rd)
  • 4 kyr (15 rd.)
  • 1 kvige (2 rd 2 ort)
  • 1 vetrungskvige (1 rd)
  • 2 spekalvar (1 rd.)
  • 4 geiter (2 rd.)
  • 2 sumarkje (1 ort)
  • 4 sauer (2 rd)
  • 4 sumarlam (2 ort).

Det samla verdet av desse eignelutene var 63 rd 3 ort 6 skill. Skrivaren fekk rett nok til å leggje på endå 3 peningar (= 3/8 skilling), men den karen rekna sjeldan rett. Av summen skulle kongen ha halvparten i skatt: 31 rd 1 ort 15 skill 1 1/2 peningar.

Ein kan godt stille seg tvilande til om innhaldet i lista ovanfor var alt Svein Åsmundsson åtte. Vonleg har han funne høve til å halde unna ein god del. Vanleg handreidskap vart ikkje teke med i registreringa, så øksa i lista ovanfor er helst ei våpenøks. Men ein ekstraskatt på over 30 dalar var ikkje lettvinn å greie ut, ikkje eingong for Svein Trydal, endå om han tykkjest ha vore ein av dei 5-6 bøndene i Bykle på denne tid som var best i stand.

Etter Svein tek me også stutt med oss broren Dreng. Jamvel om han som regel budde i Nordstog Rygnestad, var han oppsitjar her ilag med broren Eivind eit par år fyrst på 1650-talet.

  • Dreng Åsmundsson Rygnestad, 1609-83
g m ukj. Born, iallfall:

Då kan me endeleg taka fyre oss til den av brørne som sat her lengst, og som fekk etterkomarar her: Eivind Åsmundsson heldt til i Trydal att frå 1630 og til han døydde i 1666, og i skattelistene er han oppførd som eigar og brukar så lenge han livde. Då dei skifte etter han, åtte han 1 hud i Trydal og 1 1/2 kvartel i Hommelunden.

  • Eivind Åsmundsson Rygnestad, n 1609-67, d 1666
g m Hæge, d fyre skifte 1667. Born, iallfall:
  • Arne, f fyre 1626, skifte 1689, g ca 1637 m Gunhild Sveinsdtr, sjå nedanfor
  • Ånund, d fyre 1666, g m Gunhild Jonsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Birgit, d fyre 1667, g m ukj. Olav, born:
  • Olav
  • Gjermund
  • Knut
  • Birgit
  • Gyro, d fyre 1667, g m Åvold Tarjeisson Gjerden, born: sjå Gjerden Der inne, gnr 15, bnr 3
  • Torbjørg, d fyre 1667, g m ukj. Torleiv, born:
  • Anne Torleivsdtr.
  • Ingebjørg, d fyre 1664, g m Olav Jonsson Byklum (?), born:

Alfred Ryningen skriv om desse folka (Valle VI, 623f):

[...] me kjenner ikkje opphavet til Hæge, og kvar det vart av borni er heller ikkje visst. Av «adressaW som dotteri Ingebjørg er utstyrd med, må ein vel tru ho har halde til på Byklum i Bykle. Det er eit spursmål om ikkje yro var gift med Åvold Tarjeisson i åro i Bykle. Bykleboki opplyser at den mannen hadde vore tvigift, og at ein ikkje kjenner namnet på andre kona. Same kjelda har (ma.) dei Åvoldssønene og Åvoldsdøtrene som er nemnde her ovanfor.

Eit par stig vidare kjem ein likevel: Den yngre bror av Arne, Ånund, døydde - som det vil ha gått fram ovanfor - fyre faren. Han var gift og hadde born, ser me, men me veit ikkje sikkert kvar han budde. Likevel ser det ut til at han var i Trydal, og me trur helst at at han var sambrukar med faren, og set han difor inn på denne staden.

  • Ånund Eivindsson Trydal, f ca 1630, d etter 1658, fyre 1667
g m Gunhild Jonsdtr. Byklum, til stades 1667, 1683. Born iallfall:
  • Såve, f ca 1652, g 1687 m Jorunn Torleivsdtr.Stavenes, sjå Der inne, gnr 17, bnr 1, jfr. Storstein, bnr 3
  • Ånund, f ca 1659, d ca 1711, ug, sjå Storstein, bnr 3

Gunhild Jonsdotter var frå Innistog, og dotter åt Jon Åsmundsson på det bruket og kona, Birgit Olavsdotter, fødd Brokka. Sønene åt Gunhild og Ånund vert nærare omtala der dei budde.

Når det gjeld Gyro Eivindsdotter, syster åt Ånund, er det rett at ho var andre kona åt Åvold Tarjeisson Gjerden, slik Vallesoga gjer framlegg om. Me veit ikkje nett kva tid Åvold døydde, men meiner at det må ha vore kring 1660. I ei jordebok frå 1670 finn me enka Gyro Eivindsdotter oppskrive som eigar av ein part på 1 1/2 skinn i Trydal. Me går ut ifrå at dette var ein ideell ervepart og ikkje noko eige bruk. Frå skiftet etter Eivind Åsmundsson, far hennes, veit me at Gyro var død fyre 1667, så når ho figurerer som eigar i 1670, er det eit døme på etterslep i matrikkelføringa.

Ingebjørg Eivindsdotter skal i fylgje det nemnde skiftet ha budd i Byklum, og vore gift med ein «Ulf». Dette har den haken ved seg at det ved dette leitet ikkje fanst nokon Ulv i Byklum, eller i Bykle i det heile. Men så tilfeldig som det var med stavemåten, både av personnamn og alle andre ord, i denne tida, ville det ikkje vera noko særsyn om «Ulf» var ei feilskriving for «Olluf». I så fall var Ingebjørg gift med Olav Jonsson i Innistog, som vitterleg hadde kona Ingebjørg Eivindsdotter og sønene Olav og Torleiv i det fyrste ekteskapet sitt. I bolken om Innistog har me kome til at Ingebjørg må ha vore død fyre 1664, så alt dette passar godt ihop. At det verkeleg var vår Ingebjørg Eivindsdotter som var gift med Olav Jonsson, kan vel likevel ikkje reknast for heilt sikkert, men me vil halde det for mykje sannsynleg.

Når det gjeld Birgit Eivindsdotter, har me derimot ingen gode framlegg til kvar ho kan ha hamna. Mannen hennes har truleg heitt Olav Olavsson, men å identifisere han nærare er vonlaust, ettersom det var altfor mange som heitte såleis.

I 1657 vart det pålagt ein ny skatt dei kalla «Quegskatten», som vart innkravd med ein skilling eller to av kvart dyr. Denne skatten var eit eingongstiltak, og økonomisk sett var han ikkje særleg tungtvegande for nokon, korkje for dei som betala eller for kongens kasse. Men for oss gjev den gamle skattelista eit interessant oversyn over kva folk kringom på gardane sat med av krøter. I Trydal hadde dei då, etter denne lista, ein buskap på 2 hestar, 17 kyr, 21 geiter og 30 sauer. Ved fyrste augnekast kan dette sjå ut til å vera nokså mykje, særleg ettersom ein frå andre kantar av landet veit at kreturtala i kvegskattelista normalt låg 20-30 pst. under dei røynlege buskapane. Men me må koma ihug at den opprekna buskapen var dela på 2 bruk og 4 oppsitjarar, og då vert det ikkje så mykje på kvar, jamvel om me legg på ein tredjepart.

Ved leitet då Eivind Åsmundsson døydde hadde det vore 2 oppsitjarar på hans halvpart av garden i over 20 år. Dette går fram av skattelistene frå 1645 og frametter, som viser at Eivind bruka 1 hud, medan Arne Eivindsson bruka 1/2 hud. Altså har Nordstog vorte dela på same viset som Systog vart på denne tid: Faren har overlate bruken av ein tredjepart av bruket sitt til eldstesonen. Me reknar med at dette var byrjinga på det som seinare vart bnr 1, Der inne, men trur ikkje den fysiske bruksdelinga gjekk fyre seg ved dette høvet. At Arne overtok parten sin akkurat i 1645 skal ein heller ikkje rekne med. Normalt gjekk det nokre år fyrr ei deling av bruken av ein gard ville nedfelle seg i skattelistene, og i dette tilfellet veit me om at eldste dotter åt Arne var fødd ca 1638, slik at faren må ha vore gift då.

Då Eivind døydde i 1666, overtok Arne Nordstog. Men den parten i garden han tidlegare hadde bruka vart då overteken av syskenbarnet Såve Ånundsson. Ved dette leitet, altså litt etter midten av 1660-åra, reknar me med at det må ha vorte gjennomført ei fysisk deling, slik at Nordstog og Der inne vart to separate bruk.

Huslyden åt Arne let seg kartleggje nokonlunde gjennom skiftet etter han frå 1689, og dertil kjem at Vallesoga har gode opplysningar om dei gifte døtrene.

  • Arne Eivindsson Trydal, f fyre 1620, skifte 1689
g m Gunhild Sveinsdtr., d etter 1689, fyre 1714. Born, iallfall:
  • Torbjørg, f ca 1638, d 1728, g m em Torleiv Folkesson Rygnestad Der atte, sjå Valle VI, 299
  • Tarjei, f fyre 1664, d ca 1689 (?)
  • Kjetil, f ca. 1657, d., 1729, g m Gunhild Torleivsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Aslaug, f fyre 1664, ug 1689, seinare lagnad ukj.
  • Gunvor, f fyre 1664, ug 1689, seinare lagnad ukj.
  • Gyro, f fyre 1664, ug 1689, seinare lagnad ukj.
  • Birgit, f 1664 d 1734, g m Åsmund Bjørgulvsen Røysland, busett Sygard Røysland (Valle), sjå Valle VI, 479

Kvar Gunhild Sveinsdotter kom frå har me ikkje funne opplysning om, og me veit heller ikkje kor lenge ho livde, bortsett frå at ho døydde etter mannen sin, men fyre 1714. Manntalslistene frå 1660-åra ymsar ein god del når det gjeld alderen åt Arne Eivindsson, men ingen av dei vil gjeva han fødselsår tidlegare enn 1626. Men når me, slik det er peika på ovanfor, veit at han var godt i gang med eigen familie kring 1638, er det ikkje rimeleg å tru at han var fødd seinare enn 1620, heller noko tidlegare.

Hausten 1683 vart Arne Eivindsson og Såve Ånundsson Trydal og medervingane deira stemnde på odel til «deris aarders Ryddiggiørelse och Fravigelse». Saksøkjaren var Torbjørn Såvesson, eldste son åt Såve Torbjørnsson. Torbjørn budde i Sudigard Berdal i Vinje, men meinte seg å vera rett odels- og åsætesmann til den halvparten av Trydal som Tarald Torgrimson hadde selt til rygnestadane i 1609. På Arne sine vegner møtte sønene Tarjei og Kjetil, medan Såve Ånundsson møtte fram på bygdetinget i Valle for å tala saka si sjølv.

At Torbjørn var av den gamle odelslina, var vitterleg så sant som det var sagt, men om han kunne ha vunne fram med søksmålet sitt er tvilsamt, ettersom både Eivind Åsmundsson og Arne Eivindsson hadde hatt gardane sine i meir enn 20 år, og såleis skulle ha sin eigen solide odel. Likevel ser det ut til at trydølane tok søksmålet alvorleg nok. Saka burde utsetjast, sa dei, for det fyrste avdi ho burde førast som åstadsak, og for det andre avdi Dreng Rygnestad og ervingane etter Svein Åsland i Mosokn burde vera innstemnde som partar.

Sorenskrivaren var samd i desse argumenta, og utsette saka til seinare handsaming, men så vidt me har kunna sjå kom ho ikkje opp fleire vender, så truleg har partane gått til eit eller anna utanomrettslag forlik, kanskje helst såleis at Torbjørn i Berdal har fått nokre dalarar for å stikke pipa i sekk.

Då dei skifte etter Tarjei i 1689 åtte han 7 kalveskinn i Trydal. Dette tyder på at Nordstog hadde vorte dela i hans tid, og at Der inne hadde vorte selt ifrå med ei landskyld på 5 skinn.

Lausøyren i buet var det fylgjande:

  • 2 sylgjer á 2 rd (4 rd)
  • 1 spennepar (2 rd)
  • 1 bøtt koparkjele (1 rd 1 ort 12 skill)
  • 1 gryte (3 ort 12 skill.)
  • 1 tømmermannsøks (2 ort)
  • 1 våpenøks (1 ort)
  • 1 kubjølle (12 skill.)
  • 3 stuttorvslåjåar á 2 skill. (6 skill.)
  • 3 sigdar á 2 skill. (6 skill.)
  • 2 spadar á 2 skill. (4 skill.)
  • 1 kløyvd takke (2 ort 12 skill.)
  • 2 kornbyrer á 2 ort (1 rd.)
  • 1 kiste (1 ort 12 skill.)
  • 2 mjølkerynjer á 4 skill. (8 skill.)
  • 9 mjølkekoller á 4 skill. (1 ort 12 skill.)
  • 1 kinne (8 skill.)
  • 1 smørambar (4 skill.)
  • 1 gamalt ålereip (1 rd 1 ort 6 skill.)
  • 1 gamal hestesile (1 ort)
  • 1 tjeld (2 ort).

Dette kunne tykkjast vera eit magert bu, men så må ein taka med at dei ugifte borna hadde fått heimanfylgjer tilliks med dei gifte fyre skifteregistreringa. Dette gjer at me får ein tokke av at det ikkje kan ha stått så kleint til som lista ovanfor gjev inntrykk av, men endå vil me vel meine at den bøtte koparkjelen og den kløyvde takka ber bod om dårleg råd. Likevel var det lite gjeld, men buet skulda Bjørgulv Dysje 8 dalar og Bjørgulv Bjørnarå 2 dalar, står det. Dei sistnemnde 2 dalarane var eitt års arbeidsløn. Den samla gjelda var då 10 dalar, og den same summen greidde skrivaren å rekne verdet av lausøyren i hop til. Då rekna han nokså gale, for ei korrekt summering gjev 13 dalar 2 ort 16 skilling.

Helst tykte penneknikten det var lettvindt å lata gjeld og lausøyre vega kvarandre akkurat opp, for då slapp han å halde styr på ei rekkje med småsummar når buet skulle delast. Når det gjeld alderen på borna åt Arne, har me, bortsett frå han som fekk garden og dei to gifte døtrene, berre funne oppgåvene i skiftet etter faren, der det står at dei alle var «fullmyndige» i 1689, og altså meir enn 25 år. Men rimelegvis var dei fleste av dei langt eldre enn som så.

Eldstesonen Tarjei var nok kring dei 40 i 1689, ville me tru. Han kverv or kjeldene våre etter skiftesamlinga, og me har ikkje anna forklaring på det enn at han kan ha døytt ved det leitet.

Iallfall vart det Kjetil, den nest eldste av sønene, som overtok garden etter Arne, og bruka han vidare til han sjølv døydde i 1729.

  • Kjetil Arnesson Trydal, f ca 1657, d 1729
g m Gunhild Torleivsdtr. Stavenes, f ca 1662, d 1737. Born, iallfall:
  • Ingjerd, f 1684 g m Olav Torleivsson Byklum, sjå Innistog Byklum, gnr 14, bnr 1
  • Jorunn, g ca 1705 m Folke Tallaksson Brotteli, sjå Brotteli, gnr 7
  • Torleiv, f 1688, d fyre 1716, g m Signe Torleivsdtr. Byklum, sjå Der inne, gnr 17, bnr 1
  • Asbjørn, f ca. 1698, g 1734 m Tore Drengsdotter Nomeland, sjå nedanfor
  • Arne, f ca. 1699, g 1721 m Tone Olavsdtr. Stavenes, sjå nedanfor

Gunhild Torleivsdotter var dotter åt Torleiv Olavsson (e.) og Tone Gunnarsdotter i Utistog Stavenes.

Torleiv Kjetilsson hadde fått seg sitt eige bruk i Der inne, og døydde dessutan fyre far sin, slik at han ikkje godt kunne ha overteke garden her etter han. Nå hefter det alltid noko uvisse ved aldersoppgåvene ved dødsfall i kyrkjebøkene, men slik dei ser ut tykkjest Asbjørn ha vore eit år eldre enn Arne, og då er det rart at ikkje han fekk garden. Kanskje kunne forklaringa vera at Arne hadde gift seg tidlegare, og var i full gang med sin eigen familie då faren døydde? Normalt skulle slikt likevel ikkje kaste om på ei odelsrekkje, men kva grunnen enn kan ha vore, då Kjetil døydde, var det Arne som fekk taka over eigedomen, og Gunhild gav seg i foddog hjå han.

Som heimel for eigedomsretten synte ho til domar frå 19.10.1713 og 30.4.1714. Desse domane har det ikkje lukkast å finne att, så me veit ikkje kva dei gjaldt. Då har me vel ikkje anna å gjera enn å gjeta på at Kjetil har vore ute i ei odelssak og vunne, kanskje var det einkvan frå Vinje som hadde vore frampå att?

Jordegodset i buet etter Kjetil var 1 hud, så han har då tydelegvis kaupt att Der inne av enka etter Torleiv. Etter at dei 3 skinna som Gunhild Torleivsdotter heldt att til trygd for kåret sitt var trekte ifrå, vart det 2 1/4 skinn på kvar brorpart, 1 1/8 skinn på kvar systerpart. Arne løyste ut systrene og brordøtrene med 22 1/2 rd for kvar systerpart i 1734. Då Asbjørn døydde, var hans part framleis uinnløyst, men Asbjørn budde ikkje i Trydal. Me set han likevel opp her, i mangel på betre plassering:

  • Asbjørn Kjetilsson Trydal, f ca 1700, d 1743
g 1734 m Tore Drengsdtr. Nomeland, f ca 1708, d 1782. Born:
  • Kjetil, f 1735, d 1749
  • Gunhild, f 1737, g 1767 m Eivind Arnesson Hoftuft, sjå Valle III, 664 f og V, 252
  • Gro, f 1741, d 1767, ug

Tore Drengsdotter var frå Garden, Nomeland (Valle), gnr 47, bnr 7, og dotter åt Dreng Torleivsson på det bruket og kona, Gro Arnesdotter.

Asbjørn og Tore budde i 1735 som bruksfolk i Brotteli, der dei fekk sonen Kjetil. Då dei fekk dottera Gunhild i 1737, var dei busetar i Mosdøl. Sidan flutte dei åt Nomeland, der dei vart bruksfolk på heimegarden hennes. Der budde dei i 1741, og framleis då Asbjørn døydde 2 år seinare (jfr. Valle V, 664).

Dermed er me ferdige med Asbjørn, og kan gå over til broren som fekk bruket i 1729.

  • Arne Kjetilsson Trydal, f ca 1699, d 1770
g 1721 m Tone Olavsdtr. Stavenes f 1696, d 1759. Born, iallfall:
  • Ingebjørg, f 1721, d 1722
  • Torleiv, f 1723, d 1805, g 1745 m Tore Åvoldsdtr. Nesland

Tone vart notert med adresse Stavenes då ho gifte seg, far hennes var Olav Torleivsson Stavenes (e.) frå Utistog, som var bruksmann i Uppistog Byklum. Olav var bror åt Gunhild, som var mor åt Arne, og difor laut dei, som det heitte, «løyse kongebrev» for å få lov til å gifte seg. Det kosta 10 riksdalar.

Det er mogeleg at Arne hadde ein son utanfor ekteskap. Iallfall fortel kyrkjeboka frå Mo at ein elles uidentifisert, og dermed ikkje innfødd, «Aadne Kiddelsen», var far til ein Tarjei som vart døypt i den bygda i 1728 (jfr. Mo bygdebok I, 530). Utover dette har det ikkje vore stort å finne om Arne, men av skiftet etter verdotter hans frå 1784 går det fram at han i 1762 overdrog gardsbruket til sonen, og at han då hadde berre 6 kalveskinn å gjeva ifrå seg. Av dette skjønar me at det må ha vorte gjennomført ei ny deling av Nordstog, der hovudbruket og Der inne har vorte sette til å vera like store. Dette må ha skjedd medan Arne Kjetilsson var husbond her på bruket, og me gjet på at det var i byrjinga av husbondstida til Folke Ånundsson Brottveit. Han kom til Der inne i 1731.

Så langt kome kan me vende oss mot den den nye oppsitjaren frå 1762:

  • Torleiv Arnesson Trydal, f 1723, d 1805
g 1745 m Tore Åvoldsdtr. Nesland, f 1723, d 1781. Born:
  • Ingebjørg, f 1746, g 1775 m Knut Åsmundsson Rygnestad., sjå Valle VI, 354
  • Torbjørg, f 1750, d 1750
  • Torbjørg, f 1751, ug 1788, sjå nedanfor
  • Åvold, f 1754, g 1779 m Ingebjørg Gunsteinsdtr. Berdalen, sjå nedanfor
  • Tone, f 1760, d 1760
  • Tone, f 1761, d 1788, ug, sjå nedanfor
  • Hæge, f 1768, d 1834 ug

Tore Åvoldsdotter var dotter åt Åvold Knutsson Nesland på Vodden, og kona, Hæge Knutsdotter.

Torbjørg Torleivsdotter hadde ein son. Han heitte Asbjørn, og vart døypt frå Trydal i 1787. Faren var Tarald Asbjørnsson Stavenes. Etterdi ho kalla opp farfaren, og ikkje sin eigen far, kan me vel rekne med at dei har hatt planar om giftemål, men det vart i så fall av uti inkje. Asbjørn døydde i 1788, vel eitt år gamal. Torbjørg ser ein sidan ikkje meir til i kjeldene, så kanskje ho drog or bygda? I 1795 gifte Tarald seg med ei anna.

Tone Torleivsdotter døydde på barselseng i 1788 «med sitt dødfødte barn». Kven som var barnefaren er usagt.

Hæge Torleivsdotter budde i 1801 i Nordstog hjå brorkona. Ettersom ho var godt vaksen er ho notert som «inderste», dvs. at ho skulle ha sitt eige hushald. Alt då livde ho av «almisser», heiter det, og då ho døydde i 1834 var ho «legdslem».

I 1768 laut Torleiv tinglyse ein panteobligasjon på 99 dalar til kaupmann Chr. Brinch i Kristiansand. Denne greidde han ikkje å betale av på, så då Tore døydde i 1781, og det måtte haldast skifte, sto gjelda med den same summen. Endå var der ein god del gjeld, rett nok berre mindre summar, men nokså mange, slik at buet i alt skulda 227 dalar. Verdet av aktivapostane i buet var berre 173 dalar, så her såg det ut til å vera fallitt, og konsekvensen av slikt var «auctionsberammelse».

På dette punktet i skifteoppgjeret greip odelsmannen, Åvold Torleivsson, ordet, og sa at om han kunne få avlyse auksjonen og behalde garden, så skulle han taka på seg ansvaret for all gjeld. Dette gjekk lensmannen og kreditorane med på, og såleis fekk Åvold overtaka.

Dersom buet verkeleg hadde vore så elendig som det såg ut til, ville truleg kreditorane late auksjonen gå sin gang. Men i røynda gav nok eigedomen tolleg god trygd. For då buet vart registrert, vart garden berre vurdert til 60 dalar, dvs. 10 dalar pr kalveskinn. Dette var ein tradisjonell odelssats på jordegods i Bykle, som hadde vore i bruk i langsameleg tid, sidan fyre landskyldreduksjonen i 1647. Berre som fylgje av denne burde prisen pr skinn vore auka til 15 dalar, men det vart ikkje gjort, iallfall ikkje konsekvent. I 1700-åra hadde prisane på jord i fri handel stige jamt og trutt, men i erveoppgjer heldt dei gjerne fast på dei gamle prisane. Dette var sjølvsagt til fyremon for dei som fekk fast eigedom, men det motsette for dei som skulle løysast ut. I 1784, då skiftet etter Tore Åvoldsdotter vart avslutta, skulle sannsynlegvis tilslaget på ein auksjon over 6 skinn i Trydal ha vorte på kring 600 dalar, og såleis var buet faktisk godt solvent.

Så langt kome kan me gå over til den nye eigaren frå 1784.

  • Åvold Torleivsson Trydal, f 1754, d 1841
g 1779 m Ingebjørg Gunsteinsdtr. Berdalen, f 1751, d 1830. Born:
  • Arne, f 1779, d fyre 1801(?)
  • Tore, f 1781, g 1802 m Torleiv Åsmundsson Stavenes, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1784 g 1805 m Knut Gunnarsson Nesland, sjå Systog Nesland, gnr 10, bnr 4
  • Ingebjørg f 1788, g 1820 m em Olav Knutsson Homme, sjå nedanfor
  • Tone, f 1791, g 1814 m Tor Olsson Berg, sjå Systog Trydal, bnr 2
  • Gro, f 1797, d 1798

Ingebjørg, kona åt Åvold, var fødd i Bratteland som dotter åt Gunstein Tarjeisson og kona, Birgit Olavsdotter. Ved giftemålet vart ho notert med adresse Berdalen avdi foreldra hennes på den tid budde i Hagen, gnr 3, bnr 5.

I fylgje kreturregistreringa i protokollen til jordtakstkommisjonen frå 1802 skulle dei i Nordstog då kunna ha 5-6 kyr og 8 småkretur. Normalt ville me vel oppfatte dette som minimumstal, og seia at så mykje hadde dei nok minst. Korleis det faktisk sto til er likevel uvisst, men truleg gjekk gardsdrifta for halv maskin og knapt nok det, ettersom Ingebjørg ikkje hadde andre karfolk til hjelp på garden enn den 76 år gamle kårkallen Torleiv Arnesson.

Her er Ingebjørg Gunsteinsdotter og ei av døtrene på veg med matforsyning til den fredlause Åvold Trydal, som heldt til i ei av gardens støylsbuer. Teikning 2005 av Tove Krogh.

For husbonden var ikkje heime, han var fredlaus og gøymde seg i heia. Grunnen til dette var at han våren 1799 hadde slege i hel Hallvard Gunnulvsson Moseid. Under rettssaka kom det fram at drapsmannen i lange tider hadde vore sterkt plaga med periodisk hovudvondt, og at han under desse åtaka ikkje visste kva han gjorde. Også dei nærare omstenda kring drapet kunne tyde på sinnsforvirring.

Åvold hadde vore på reise til Kristiansand for å hente varer. Han hadde 3 hestar, og hadde difor leigd med seg eit par karar til hjelp. Den eine av desse var Hallvard Moseid frå Hornnes. På vegen heimatt gjorde dei matkvild ved Senum, og der hadde Hallvard bede om å få betaling for turen, men Åvold hadde då vorte noko hyrren, og sagt at han fekk vente. Då dei kort etter gav seg i veg att, høvde Hallvard, som då sat på hesteryggen, medan Åvold gjekk fyre og leidde hesten, til å halde for dårleg avstand frametter, slik at ridehesten trødde Åvold på hælen. Då vart han så rasande sinna at han treiv ein stein frå vegen, og dreiv til Hallvard i skallen, så han draus av hesten og vart liggjande død. Etter dette drog Åvold til Senum, og fortalde kva han hadde gjort. Lensmannen vart bodsend, og sidan vart det rettssak.

I 1799 var det framleis Christian's norske lov frå 1687 som var gjeldande straffelov. Denne sette dødsstraff for drap, men gjorde unntak for dei drap som var gjorde «udi Vildelse og Raseri», mao. der drapsmannen ikkje var tilrekneleg. I såvorne høve kunne skadevaldaren sleppe med bot eller tukthusstraff. Dette lovlege høvet til å redusere straffa bruka likevel ikkje sorenskrivaren, men det gjorde stiftsoverretten i Kristiansand, som fritok Åvold for bøddeløksa, men påla 6 års tukthus i staden.

Men med det same etter domen rømde Åvold frå Kristiansand, og strauk oppetter dalen. Heime kunne han, som rømling, likevel ikkje vera, men i fjella og skogane kring Trydal gjekk det an å halde seg på frifot og overliva, berre han fekk noko mat- og kledehjelp heimanfrå. Det fekk han visseleg, og faktisk greidde han seg som fredlaus i omlag 10 år. Men då drog kona hans og nokre av grannane til sorenskrivaren, og fekk han til å skrive brev til kongen med bøn om nåde. Denne søknaden vart innvilga, og såleis vart Åvold i 1810 «skiænket sin Frihed» - på det vilkåret at han alltid sidan laut halde seg i Bykle sokn. Det vilkåret braut han med det same, då han for til Stavanger etter kaupmannsvarer, noko som førde med seg ein ny runde i retten, men elles ikkje fekk større konsekvensar. Sidan høyrer ein ikkje meir gjete Åvold i strafferettslege samanhengar. Han drog heim til Trydal, og vart her livet ut.

Odelsguten, Arne Åvoldsson, vart borte frå Trydal lenge fyre det var aktuelt for han å overtaka garden. Me finn han ikkje oppskriven mellom dei gravlagde, men me kan heller ikkje finne ut at han livde nokon stad då folketeljinga i 1801 vart oppteke. Så tidleg som dette er det vonlaust å tenkje seg at han hadde reist til Amerika, og andre utland er lite sannsynlege. Me lyt då berre gå ut ifrå at han ein gong fyre 1801 har døytt og vorte gravlagd utanfor bygda. Hadde han vore i live, skulle ikkje eldste syster hans ha fått overtaka garden, men det gjorde ho.

For i 1806 rekna tydelegvis Ingebjørg Gunsteinsdotter med at Åvold ikkje kom til å koma heimatt, og overlet difor gardsbruket med sine 6 kalveskinn til dottera Tore og versonen Torleiv Åsmundsson mot overtaking av gjelda og eit nokså uspesifisert foddog, som likevel hadde med den spesifikasjonen at ho skulle få sitje på plassen Stigamoen så lenge ho livde. Men då Åvold kom heim frå utlægda, tok han bruken av garden attende, og sat med han til 1826.

Då fekk han skrive ny kårkontrakt med dottera og versonen for seg og Ingebjørg. I fylgje denne skulle dei ha rett til å bu på Stigamoen, og dertil få utlevert 6 tunner jordeple i året og avdråtten av 2 kyr og 12 sauer og geiter. Det er interessant at Åvold tinga seg kår i jordeple, for det var nytt og moderne på denne tid. Men han hadde nok ikkje fått med seg at næringsverdien av jordepletunna var berre ein tredjepart av korntunna. Om han hadde tenkt seg at dei skulle liva to menneske berre av jordeplegraut og mjølk, måtte han ha kravt 18 tunner.

Ovanfor nemnde me at Stigamoen vert omtala som kårbustad for Nordstog i 1806 og 1826. I 1806 budde visseleg Gunstein Såvesson og huslyden hans der, men det var vel tanken at dei måtte vike, når husbondsfolket trong plassen til andre fyremål. Om Åvold og Ingebjørg faktisk kom til å flytje til Moen, er snautt. At dei hadde tinga seg rett til å vera der, er greitt, men det ser ut til at dei likevel vart buande i Nordstog livet ut.

Som me var inne på, var det Tore og Torleiv som kom til å overtaka gardsbruket av Åvold og Ingebjørg. Nedanfor er dei oppskrivne ilag med borna sine. Det lyt vel understrekast at ho heitte Tore, og ikkje Tone, slik det står i den gamle gards- og ættesoga (34). Tore og Torleiv fekk skøyte på garden i 1826 for 496 dalar og foddog. Gardprisen svara akkurat til gjelda, så her vart det ingenting på andre ervingar.

  • Tore Åvoldsdotter Trydal, f 1781, d 1849
g 1802 m Torleiv Åsmundsson Stavenes, f 1772, d 1851. Born:
  • Åsne, f 1803, d 1810
  • Arne, f 1806, g 1830 m Anne Kjetilsdtr. Tveiten, sjå nedanfor
  • Åsmund, f 1808, g 1833 m Gunhild Olavsdtr. Dysje, sjå Stigamoen
  • Torleiv, f 1812, d 1815
  • Åvold, d 1815, 6 veker gml.
  • Torleiv, f 1817, g 1858 m Borghild Tarjeisdtr. Bjones, sjå nedanfor
  • Åsne, f 1820, g 1846 m Vetle Knutsson Nesland, sjå Bykilsmoen, gnr 13, bnr 8
  • Åvold, f 1824, g 1846 m Tore Eivindstr. Trydal, sjå Systog Grasbrokke, gnr 17, bnr 15

Torleiv var frå Systog Stavenes, og son åt Åsmund Torleivsson Byklum og kona, Åsne Asbjørnsdotter. I folketeljinga 1801 ser me at Tore det året var tenestejente i Nordstog Stavenes. Året etter vart ho altså gift med ein av sønene i grannegarden. Torleiv hadde ein eldre bror, Sigbjørn, som skulle ha bruket i Stavenes, medan Tore var odelsjente i Trydal. Difor vart det til at dei flutte heim til henne straks etter giftarmålet.

I 1817 vart Torleiv i Nordstog og Hallvard Knutsson Der inne stemnde for forlikskommisjonen av Tarjei Olsson i Systog og Såve Eivindsson i Storstein avdi Torleiv, etter det dei påsto, skulle ha kryssa deildelinene i utmarka med krøtera sine, og såleis forsynt seg av beitet deira. Saka enda i eit forlik der dei gamle deildene vart stadfeste, og Torleiv vart ilagt sakskostnader både for motparten og for Hallvard Knutsson i Der inne. Hallvard og Torleiv hadde stått saman i saka, men det var Torleiv som fekk skulda for at ho kom opp.

Innhaldet i forliket er elles ein nokså detaljert «grensebeskrivelse». Denne har me referert i bolken om Systog. Men jamvel om det vart semje i 1817, var det utetter 1820-åra stadig strid mellom Systog og Nordstog om beite og driftevegar. Om desse trettene treng me likevel ikkje seia stort. I røynda dreia dei seg om bagatellar, men Olav Tarjeisson i Systog var noko av ein kranglefant, og fann jamt grunnlag for nye søksmål kvar gong ei sak var avgjord.

At Torleiv Åsmundsson og kona hans fekk ein son som heitte Ånund i 1807, slik den gamle gards- og ættesoga (34) seier, er nok ei feilføring. Ingen med det namnet er nemnd i kyrkjeboka.

Torleiv Torleivsson vert omtala her, for me har ikkje opplysning om at han budde nokon annan stad. Rett nok vert han i 1860 nemnd som husmann, og kan vel då ha hatt ein plass, men me veit ikkje kvar det var, og set han difor opp på heimebruket.

  • Torleiv Torleivsson Trydal, f 1817, utflytt med huslyden fyre 1865, fyrst til Hetland, sidan Amerika, livde 1880, sjå nedanfor
g 1858 m Borghild Tarjeisdtr. Bjones, f 1819. Born, iallfall
  • Torleiv (y.), f 1858, d fyre 1880
  • Tarjei, f 1860
  • Tora, f 1863

Borghild, som Torleiv gifte seg med i 1858, var ikkje henta langt avstad. Ho var dotter åt Tarjei Tarjeisson Bjones og kona, Margit Olavsdotter.

Torleiv hadde også sonen Olav, fødd i 1846. Mora heitte Eli og var dotter åt Åsmund Kristensson Hisdal og kona, Margit Olavsdotter. Olav Torleivsson døydde i Hisdal i 1858.

Som det går fram ovanfor flutte Torleiv Torleivsson, kona Borghild og sonen Tarjei til Hetland i Ryfylke. Huslyden fekk flytjeattest dit i 1869, men i røynda hadde dei flutt ut fleire år tidlegare, for dei er ikkje å finne nokon stad i landet i 1865. Attesta frå 1869 viser berre at Torleiv det året har fått bruk for ei såvore, og at presten har skrive henne ut på etterskot utan å datere avreisa attende. Me veit heilt sikkert at dei reiste til Amerika, ettersom me har funne dei att i den amerikanske folketeljnga frå 1880, som viser at dei det året var busette ein stad i Ottertail County, Minnesota. Torleiv og Borghild hadde då med seg sonen Tarjei og dottera Tora. Tora var fødd i Noreg i 1863, og dermed kan me nokså trygt gå ut ifrå at dei emigrerte i 1864 eller 1865. Ettersom dei fyrst flutte til Hetland, har dei heilt sikkert teke ut frå Stavanger, men emigrantprotokollane derifrå er så ufullstendige at me ikkje kan finne dei att der, og såleis få greie på utreisedatoen. Denne står rimelegvis også i originalskjemaet frå den amerikanske folketeljinga, men ikkje i den avskrifta av det som me har hatt tilgjenge til via Internett.

Fyrr me kjem til den neste oppsitjaren på garden, lyt takast med noko om ei yngre syster av mor hans og huslyden hennes, for også desse budde truleg her:

  • Ingebjørg Åvoldsdtr. Trydal, f 1788, d 1838
g 1820 m em Olav Knutsson Homme, f ca 1787, d 1823. Born:
  • Knut, f 1820, d 1831,
  • Åvold, f 1821, utfl. til Suldal 1841, seinare lagnad ukj.
  • Torleiv, f 1823, g 1847 m Torbjørg Danielsdtr. Lunden, jfr. Valle VI, 427

Foreldra av Olav Knutsson var husmannen Knut Pålsson Åmli og kona, Gyro Åsmundsdotter, på plassen Grjotsled under Brubakken i Homme, bnr 6. Olav Knutsson hadde tidlegare vore gift med Gunhild Lavrantsdotter Homme, som døydde eitt år etter brudlaupet deira, truleg på barselseng (jfr. Valle III, 521 ff).

Ingebjørg og Olav budde i Trydal, og han vert kalla «leilending». Etterdi me ikkje kan finne at dei har hatt noko eige bruk, reknar me med at dei var bruksfolk i Nordstog og budde ilag med huslyden av syster hennes. Olav Knutsson døydde i ei ulukke i 1823, berre 36 år gamal. Korleis dette gjekk til, veit me ikkje meir om enn det som står i kyrkjeboka, der det heiter at han «faldt ned over et fjeld». Det kan vel hende at Ingebjørg og huslyden hennes kan ha budd ei tid på Stigamoen, men der var det som regel andre som skulle vera på denne tid, så sannsynlegvis heldt dei til i Nordstog det meste av tida, både medan Tore og Torleiv rådde grunnen, og etter at son deira hadde overteke. Han var neste oppsitjar:

  • Arne Torleivsson Trydal, f ca. 1806, d 1856
g 1830 m Anne Kjetilsdtr. Tveiten, f 1809, til Amerika med borna i 1868. Born:
  • Dødfødd gut, 1831.
  • Tore (e.), f 1832, sjå nedanfor.
  • Tore (y.), f 1835 g 1857 m Knut Arnesson Berdalen, sjå nedanfor.
  • Ingebjørg, f 1839, g 1865 m Olav Arnesson Flateland, sjå nedanfor.
  • Torleiv, f 1843, d 1898, ug, sjå nedanfor.
  • Tone, f 1846, d 1848.
  • Tone, f 1850, sjå nedanfor.

Anne var dotter åt Kjetil Knutsson på Evretveit, Tveiten i Valle, gnr 53, bnr 2, og kona, Tore Olsdotter (jfr. Valle III, 288). Ei syster hennes heitte Turid, og var gift med Eivind Ånundsson på Storstein.

Arne og Anne var bruksfolk hjå foreldra hans til 1843, då dei endeleg fekk overtaka «mod betaling af gjæld og føderåd». Den årlege foddogsytinga vart sett til 6 tunner korn og 6 tunner jordeple, 264 liter mjølk, 1 tunne salt og 12 rullar tobakk. Kor stor gjelda var, har me ikkje funne ut, men då Arne fekk overtaka bruket mot å taka ansvaret for henne, var ho nok ikkje så lita.

Same året som han overtok garden auka ho iallfall med 250 dalar, for då gjekk alle trydalsbøndene i lag om å kaupe attende gardsskogen, som hadde vore på utanbygds hender sidan 1600-talet. Seljar var trelasthandlarenka K. G Høyer i Kristiansand, og prisen var 1000 dalar på deling mellom Arne Torleivsson i Nordstog, Hallvard Knutsson Hisdal i Der inne, Eivind Ånundsson i Storstein og Olav Tarjeisson i Systog. Denne handelen var sikkert grei nok for dei av gardeigarane som hadde økonomi til å orke investeringa, men det hadde snautt Arne Torleivsson, som truleg streva med den gjelda han hadde overteke etter faren.

I 1853 sette Arne bort plassen Stigamidjom til Eivind Ånundsson Stavenes og kona, Åse Tarjeisdotter for «begge deres Levetid». Plassleiga vart sett til 1 1/2 mål kornskurd pr år. Me kjem attende til Stigamidjom lenger ut.

Etter familietradisjonen skal Arne Torleivsson ha døytt av sår han vart påførd då han var i ote med ein bjørn.

Tore Arnesdotter (e.) fekk i 1859 ein son, Kjetil, med Lidvard Olsson frå Steinsland i Valle (jfr. Valle III, 556). I 1865 var Tore og Kjetil framleis i Nordstog. Ho var framleis ugift, og vart kalla «inderst», dvs. busete. I 1868 reiste dei til Amerika saman med mora og syskena åt Tore.

Tore (y.) gifte seg i 1857 med yngste sonen åt Arne Olavsson og Sigrid Knutsdotter i Berdalen Der uppe.

  • Knut Arnesson Berdalen, f 1829, d november 1865
g 1857 med Tore Arnesdtr. Trydal, f 1835, til Amerika med borna 1868, d 1920. Born:
  • Arne (e.), f 1857, d oktober 1865
  • Arne (y.), f 1859, d 1921, g 1886 m Birgit Ånundsdtr. Trydal (Storstein), busett Marble Township, Lincoln County, Minnesota, born:
  • Thea, g m Sam B. Morris
  • Emma, g m M. Walters
  • Charles, f 1892, d 1972, ug
  • Carolyn Thilda, g m E. R. Haynes
  • Edward, g m Ida Jensvold
  • Albert, ug
  • Selmer, g m Rachel Hurd
  • Florence, g m James Moss
  • Sigrid, f 1862, d 1933, g 1877 m Knut Torleivsson Nomeland, f 1841, d 1915, busett Marble, Lincoln County, Minnesota, born:
  • Sara, f 1878, d 1962, ug
  • Anne, f 1879, d 1974, ug
  • Emma, f 1882, d 1904, ug
  • Thomas, f 1884, d 1984, g m Emma Haase
  • Charles, f 1886, d 1954, g m Tillie Sandburg
  • Serena, f 1889, d 1983, g m George Jukich
  • Thilda, f 1892, d 1985, g m Knut Rye
  • Hilda, f 1895, d 1982, g m John Stephen Hudy
  • Eddie Arnold, f 1897, d 1934, ug
  • Clarence, f 1900, d 1984, g m Bertha Adams
  • Celia, f 1903, d 1971, ug
  • Emory, f 1906, g m Olivia Dahl
  • Anne, f 1864, d 1868

Då dei hadde Store-Arne, sonen, til dåpen i 1857, vart faren oppskriven som bruksmann i Berdalen, og sameleis då Lisle-Arne vart døypt to år seinare. Knut har vel då vore medbrukar hjå bror sin. I 1862, då Sigrid vart døypt, var dei busetar her i Nordstog hjå bror hennes, Torleiv Arnesson. Ved folketeljinga på slutten av 1865 var atter Tore og døtrene busetar her, men då hadde ho vorte enke. Dødsfallet åt Knut står ikkje i Valle kyrkjebok, så berre på det grunnlaget lyt ein tru at han må ha døytt utanfor bygda.

Denne tanken vert stadfest i eit minnestykke som Sigrid, dotter hans, skreiv i 1931-32. Her går det fram at Knut og Tore flutte til Stavanger i 1862, og at Knut då fekk seg arbeid i ei kornforretning. Dette må ha vore om våren eller sumaren det året, ettersom Sigrid vart døypt i Bykle i februar. Systera Anne vart derimot fødd og døypt i Stavanger. Hausten 1864 herja det ein tyfusepidemi i byen, og kort etter at Anne vart fødd døydde broren Lisle-Arne. Eit par veker seinare døydde også far deira. Tore skreiv då heim til mora og fortalde kva som hadde hendt, og noko fyre jol 1865 kom broren Torleiv med hest og slede til Stavanger, og henta henne og borna heim til Trydal. Dette er då bakgrunnen for at me finn dei her i folketeljinga frå 1865, som vart oppteke 31.12. det året.

Fyrr me går vidare, lyt me her taka med ei kjeldetilvising: Mrs Beverly Erickson er dotterdotter åt ovannemnde Sigrid Knutsdotter, og dotter åt Hilda Nomeland og John Stephen Hudy. Ho bur i Clarendon Hills, Illinois, og har sendt oss minnestykket av Sigrid. Ho har også kartlagt lagnadane til mange av trydølane i Amerika, og mykje av opplysningane våre om dei er henta frå hennes arbeid.

Ingebjørg Arnesdotter hadde i 1865 gift seg med Olav Arnesson Flateland, ein son åt Arne Arnesson Helle og kona, Ingebjørg Olsdotter, fødd Flateland, som budde i Uppistog Flateland i Valle. Ingebjørg og Olav budde på Flateland i fleire år (jfr. Valle VI, 232). Me kjem attende til dei om litt, men lat oss fyrst fortelje noko om korleis det arta seg for han som overtok bruket.

  • Torleiv Arnesson Trydal, f 1843, d 1898, ug

Torleiv var berre 13 år då faren døydde i 1856, så det var mora som hadde styren over garden. Ho sat i uskifte etter Arne, og må ha styrt godt, for då ho i 1860 heldt skifte for å gjeva seg i foddog til den då 17 år gamle Torleiv, var der ikkje bokførd gjeld. Men etter at skiftet var avslutta heldt likevel Anne ein lausøyreauksjon, der ho fekk inn omlag 50 speciar. Av dei tinga som gjekk under hamaren var m.a. nokre bøker: 1 huspostill, 1 «Himmelske Herredag», 1 «Sjungende Tidsfordriv» og 3 eksemplar av Kingos salmebok. Såvore var folk jamt traude til å kvitte seg med, så me skjønar at det må ha vore om å gjera for henne å skaffe kontantar.

Som nemnt var der ikkje bokførd gjeld på garden, men systrene åt Torleiv skulle ha 100 dalar i farsarv. For å løyse dei ut lånte han dei 100 dalarane hjå grannen Knut Hallvardsson. Den gjelda skulle vore til å liva med kunne ein tenkje, men i 1865 ser me at Torleiv omlag ikkje hadde kretur, og let ein brukar taka seg av gardsdrifta. Sjølv prøva han å skaffe seg inntekter med skomakararbeid.

Brukaren heitte Knut Tarjeisson Bjones (f 1837). Med seg til gards hadde han den ugifte systera Birgit (fødd 1828), og Anne, dotter hennes (fødd 1854). Systera «hjælper ham [dvs. Knut] med gaardsbruget», står det i folketeljinga frå 1865. Det gjorde ho sikkert, men det var ingen skort på arbeidshjelp i Nordstog ved dette leitet, heller må ein vel seia at her var undersysselsetjing.

For ikkje nok med at systrene av Torleiv, Tore(e.) med eitt barn og Tore (y.) med tre, budde her, så heldt også farbroren Åvold Torleivsson med kone og to born til i same stoga (meir om desse i bolken om Grasbrokke), og endå hadde dei ei ugift innerstjente som heitte Tone Åsmundsdotter (f 1839) buande. Ho var dotter åt Åsmund Torleivsson Trydal på Stigamoen og kona, Gunhild Olavsdotter. Det me elles har å melde om Tone står i bolken om Tykkholt. Medrekna Torleiv sjølv, mora Anne og systera Tone (f 1850), var her i alt 17 menneske.

Som me var inne på ovanfor, hadde Torleiv nesten ikkje buskap, 5 sauer og 6 geiter er han oppførd med. Knut Bjones hadde hest, 6 kyr, 16 sauer og 8 geiter. Sånaden på garden var 3 1/2 tunner bygg og 4 1/2 tunner jordeple. Med den åkeravkastinga dei reknar med i sørenden av Bykle ved dette leitet skulle dette gjeva ei nettoavling på 21 tunner jordeple og 13 tunner bygg, tilsvarande 20 tunner byggverdi i året. Me vil tru at alle dei vaksne etter evne prøva å skaffe seg inntekter utanfor bruket, Åvold dreiv såleis m.a. med skogsarbeid og tømmerfloting, veit me, men kor mykje det kunne verta av dette er uvisst. I alle høve er det tydeleg at her var for mange menneske i høve til ressursgrunnlaget. Same korleis dei dela og tøygde på det dei hadde, måtte det verta trongt.

Endå eit par år beit og sleit det på eit vis. I 1866 nya Torleiv oppatt husmannskontrakta om Stigamidjom med Tarjei Eivindsson Stavenes og kona hans. Kontrakta var omlag som den far av Tarjei hadde fått i 1853, men leiga var auka frå 1 1/2 til 2 mål kornskurd i året. Dermed hadde Torleiv stort sett gjort sitt på garden. På hausttinget i 1867 var ein kaupmann A. Nordby ute etter han for ei bokgjeld på vel 100 dalar, og tidlegare på året hadde presten drege han for forlikskommisjonen for manglande tiendinnbetaling. Etter kvart var det ikkje stort anna å gjera enn å selje og reise. Skøyte vart skrive og tinglese 9.2.1867, prisen var 850 dalar og kauparen var Knut Hallvardsson Trydal i Der inne.

Men lat oss nå ikkje gjera det enklare enn det eigentleg var: Av ein eller annan grunn sytte Knut for at Torleiv skreiv ut skøytet til den 3 år gamle dotter hans, som heitte Gunvor. Kva som var bakgrunnen for denne rare formaliteten veit me ikkje, men såleis står det altså å lesa i panteboka. Der står det også at Knut kaupte eigedomen attende av dottera for 950 dalar 9 år seinare.

Men endå var det ein interessant komplikasjon til ved salet av Nordstog. Same dagen som skøytet på garden til Gunvor Knutsdotter vart tinglyst, vart det også skrive og tinglyst ein obligasjon frå Torleiv til Knut Hallvardsson for 630 dalar med pant i Nordstog. Kva som kan ha vore meininga med dette er vanskeleg å skjøne. Hadde Torleiv fyrst trudd seg til å berge seg over krisa med eit lån som kunne setje han i stand til å kvitte ut all gamal gjeld, men så, etter at lånet var ordna, funne ut at det gjekk ikkje likevel? Dette er vel ei mogeleg forklaring, men kvifor skulle då den unødvendige obligasjonen tinglysast? Kan det ha vore ei markering av at Torleiv med eit lån på 630 dalar hadde kunna greie den gamle gjelda, slik at han med ein pris på 850 hadde 220 dalar til overs? Me veit ikkje, men kanskje var det slik.

Etter salet i desember 1867 ser ein ikkje meir til korkje Torleiv Arnesson, mora, systrene eller borna deira i kjeldene frå Bykle. Kvar gjorde dei så av seg ? Svaret finn me i det fyrromtala minnestykket, som Sigrid Knutsdotter skreiv i 1932. Her går det ma. fram at dei tok ut til Amerika, at dei drog frå Trydal om morgonen den 24.3.1868, og at dei reiste med hestar og sledar over Suluskar til Stavanger. Med i fylgjet var for det fyrste Anne Kjetilsdotter og dei ugifte borna Torleiv og Tone. For det andre var det Tore (e.) med sonen Kjetil, og Tore (y.) med borna Arne, Anne og Sigrid, og for det tredje Ingebjørg med mannen Olav Flateland og to små søner, som båe heitte Arne. Alle dei nemnde samla seg i Nordstogtunet den morgonen dei tok ut. Einkvarstad nedi Valle slutta Eivind Såvesson frå Storstein, kona Torbjørg Folkesdotter, og borna deires, seg til flokken, og endå var det nokre fleire, som Sigrid Knutsdotter ikkje kom ihug kven var.

Dei tok ut frå Stavanger med briggen «Heros», og hadde ei hard reise, med mykje storm og sjukdom undervegs, og under overfarten døydde både Anne Knutsdotter, syster åt Sigrid, og Folke Ånundsson, son åt Ånund og Torbjørg frå Storstein, det var tyfus som knekte dei. Men resten av fylgjet greidde seg, og den 2.6. 1868 nådde dei endeleg land i Quebec i Kanada. Sidan hamna dei fleste av dei i Minnesota.

Om Torleiv faktisk hadde 220 dalar til overs etter at gjelda hans var betala, slik me ymta om ovanfor, var det reisepengar for fleire enn han sjølv: «I 1867 kunne ei reise til NeW York med seglskip koste 14 spesidalar. Prisane var reduserte for barn ved visse aldersgrenser», skriv historikaren Arnfinn Engen (Utvandringa - det store oppbrotet, Oslo 1978, s. 117). Prisane varierte nok noko, alt etter reiseruta og standarden på skipet. I ei annonse frå Hamar Stiftstidende 14.12.1866 står det at reisa frå Kristiania til Quebec kosta 15 speciar for vaksne, 8 dalar for born mellom 8 og 14 år, og 5 dalar for dei som var under 8 år. I tillegg kom ein dalar pr person i «landgangsavgift». Det skipet det her vart reklamert for var barken «Eucharist», som hadde nytta 34 døger på den siste overfarten.

Olav og Ingebjørg Flateland og borna deira skal me taka med noko meir om. Emigrantskipet la som nemnt ovanfor til lands i Quebec i Kanada. Derifrå reiste dei til Filmore County i det sørlege Minnesota, og budde der ei tid. Sidan flutte dei til Lac Qui Parle River i Lincoln County, nær byen Canby. I 1886 reiste dei med prærieskonnert nord til Fisher i Polk County, Minnesota. Ved dette leitet hadde dei 6 born: Store-Arne, f 1866, Lisle-Arne, f 1867, Emma, Anne, Josie og Tone. Av borna var det berre dei to sønene som var fødde i Noreg.

Me skal fortelje meir om ein av dei, Store-Arne. I 1898 køyrde han saman med Hans Peterson og Torleiv Flårenden med kjerre og hestar nordetter frå Fisher, og fann seg homestead ved Mud River i Marshall County i det nordvestlege hyrnet av Minnesota. Etter å ha bygd seg farm sette han opp ein landhandel, «A. O. Fladeland General Store». Dette var byrjinga på det som sidan skulle verta byen Grygla, så Arne Flateland vert rekna som bygrunnleggjaren.

I 1904 gifte Arne seg med Bertha Nygaard, dotter åt ein stavangeremigrant som tidlegare hadde budd i Thompson, Nord-Dakota. Arne og Bertha hadde ma. dottera Evelyn, som skal ha vore det fyrste barnet som kom til verda i Grygla. Grygla fekk postkontor i 1903, og A.O. Flateland vart den fyrste postmeisteren. Ved dette høvet fekk forresten også staden namnet sitt: Dei hadde ikkje kunna semjast om kva for adresse dei skulle bruke, og difor vart det til at ein inspektør frå Postdepartementet i Washington sette på sitt eige namn. Mannen var polakk og heitte Gryglewicz, og der har me då bakgrunnen for det rare namnet Grygla.

Denne gamle utløa på Hestevelt er truleg frå 1700-talet. Me meiner at ho høyrde til Nordstog fyre delinga i 1908, og då er ho vel det einaste av husa derifrå som framleis står på den opphavlege tomta. Angerd Mosdøl fortel at ungane, då ho var lita, meinte det spøkte i dette huset.
Foto: Aanund Olsnes

A.O. Flateland selde landhandelen i 1910, men i 1916 opna han bilverkstad og bensinstasjon, der han sidan også dreiv som Ford-forhandlar. Han kom også til å gjera teneste ei tid som ordførar (mayor) i Grygla, og som County Commissioner for Marshall County. Han døydde i 1943.

Grygla vart handelssentrum for landbruksområda i dei austlege delane av Marshall County. Staden fekk bystatus i 1917, og vart administrasjonssentrum for det same området, som var ihopsett av fylgjande townships: Ekvoll, Veldt, Valle, Linsell, Espelie, Rollis, Northwest, Northwood, Big Grass, Minnie, Lee, Spruce Wood, Steenerson, Benville og Hamre. Alle desse stadene budde det setesdølar, og ikkje så få av dei var byklarar.

Opplysningane her om A.O. Flateland og Grygla er henta frå boka Grygla. The Biggest Town of its Size. 75 Years of History 1917-1992, Grygla 1992.

Korleis gjekk det så vidare med Nordstog, etter at dei som budde her tok ut til Amerika? I folketeljinga frå 1875 er oppført «Lnr 42, 46c Trydal» med opplysninga «Her bor ingen». Det same gjeld båe Moen-plassane, både Øvre Moen under Nordstog og Ytre Moen under Der inne. Eit par år seinare ser me at Knut Hallvardsson Der inne har funne det praktisk å formalisere det som då hadde vore ein faktisk realitet i 10 år: «Sammenføiet den 2 aug 1877 [lno. 42 og 46 b] med lno. 43 og 46 c, hvorved fremkom lno 42, 46c, 43a, 46b», seier panteregisteret. (Dei to 46-nummera er Nordstog og Der inne sine partar i den heimkaupte skogen frå 1843.) Det var innvikla nok å føre matrikkelen etter 1838-systemet, ser me, men meininga er sjølvsagt at alt det som fyrr hadde høyrt til Nordstog og Der inne, dvs. heile vestsida av Trydal, nå var samla i eitt bruk att.

Med oppkomsten av den nye samlegarden sluttar den eininga som iallfall sidan ca 1667 (då Der inne gjekk ifrå) hadde vore kalla Nordstog å eksistere som eige bruk, og kjem sidan aldri att.

Eigarane budde fram til 1906 i Der inne, og sidan på Moen. Av utskiftingskartet over garden frå 1933 ser me at der så seint som det året framleis sto att nokre hus i Nordstog. Men i dag er det ikkje att anna av denne garden enn sjølve arealet, den kunnskapen som kan hentast i tradisjonen, gamle protokollar og arkivpakker, nokre gamle husmurar på flaten mellom Hestevelt og Smidjebakken og ei gamal utløe på Hestevelt.


0941 Bykle komm.png Nordstog Trydal (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Trydal • Neste bolk: Der inne