Norges Kvinne- og familieforbund: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: '''Norges Kvinne- og familieforbund''' blei stifta 15. september 1915 under namnet '''Hjemmenes Vels Landsforbund''' etter at fleire lokale lag av Hjemmenes Vel slo seg saman. I...) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 8: | Linje 8: | ||
Norges Kvinne- og familieforbund var med på å danne [[Forbrukerrådet]] i 1953, [[Norske Kvinners Nasjonalråd]], [[Kvinners Frivillige beredskap]], [[FOKUS (Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål)]], [[Grønn Hverdag|Miljøheimevernet]] ([[Grønn Hverdag]]) og [[Studieforbundet næring og samfunn|Populus]] ([[Studieforbundet næring og samfunn]]) i 1995. I tillegg gir organisasjonen ut medlemsbladet [[Kvinner & familie (magasin)|Kvinner & familie]] (tidl. Husmorbladet) | Norges Kvinne- og familieforbund var med på å danne [[Forbrukerrådet]] i 1953, [[Norske Kvinners Nasjonalråd]], [[Kvinners Frivillige beredskap]], [[FOKUS (Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål)]], [[Grønn Hverdag|Miljøheimevernet]] ([[Grønn Hverdag]]) og [[Studieforbundet næring og samfunn|Populus]] ([[Studieforbundet næring og samfunn]]) i 1995. I tillegg gir organisasjonen ut medlemsbladet [[Kvinner & familie (magasin)|Kvinner & familie]] (tidl. Husmorbladet) | ||
Organisasjonen har meir enn 225 lokallag og 4 000 medlemar ( | Organisasjonen har meir enn 225 lokallag og 4 000 medlemar (2018). [[Ås kvinne- og familielag]] er det eldste nolevande laget i organisasjonen. | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== |
Sideversjonen fra 12. apr. 2018 kl. 08:59
Norges Kvinne- og familieforbund blei stifta 15. september 1915 under namnet Hjemmenes Vels Landsforbund etter at fleire lokale lag av Hjemmenes Vel slo seg saman. I 1933 endra organisasjonen namn til Norges Husmorforbund, og i 1997 til Norges Kvinne- og familieforbund (K&F).
Historikk
Ideen om at husmødrene skulle samle seg i ein organisasjon blei fyrste gong lansert i bladet [[Kvinner & familie (magasin)|Husmoderen) i 1897 som seinare skifte namn til Husmorbladet. Året etter vart Oslo Hjemmenes Vel stifta, som var det fyrste i Europa. Deretter vart det stifta ei rekkje Hjemmenes Vel foreiningar, og i 1915 forente desse seg i Hjemmenes Vels Landsforbund under leiing av Marie Michelet. Formålet med foreininga var helse i heimane, kosthald, husmorrolla og husmorsaken.
Michelet danna Nordens Husmorforbund i 1920, frå 1999 kalla Nordens Kvinneforbund, som i dag (2017) har meir enn 75 000 medlemar. Michelet var også ei av fleire stiftarar av den internasjonale kvinneorganisasjonen Associated Country Women of the World (ACWW) i 1933. Norges Kvinne- og familieforbund har sidan stiftingane vore aktive medlemar i begge desse organisasjonane.
Norges Kvinne- og familieforbund var med på å danne Forbrukerrådet i 1953, Norske Kvinners Nasjonalråd, Kvinners Frivillige beredskap, FOKUS (Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål), Miljøheimevernet (Grønn Hverdag) og Populus (Studieforbundet næring og samfunn) i 1995. I tillegg gir organisasjonen ut medlemsbladet Kvinner & familie (tidl. Husmorbladet)
Organisasjonen har meir enn 225 lokallag og 4 000 medlemar (2018). Ås kvinne- og familielag er det eldste nolevande laget i organisasjonen.