Norges Kvinne- og familieforbund

Sideversjon per 11. des. 2019 kl. 10:00 av Marthe Glad (samtale | bidrag) (lenke)

Norges Kvinne- og familieforbund blei stifta 15. september 1915 under namnet Hjemmenes Vels Landsforbund etter at fleire lokale lag av Hjemmenes Vel slo seg saman. I 1933 endra organisasjonen namn til Norges Husmorforbund, og i 1997 til Norges Kvinne- og familieforbund (K&F).

Historikk

Ideen om at husmødrene skulle samle seg i ein organisasjon blei fyrste gong lansert i bladet Husmoderen i 1897 som seinare skifte namn til Husmorbladet. Året etter vart Oslo Hjemmenes Vel stifta, som var det fyrste i Europa. Deretter vart det stifta ei rekkje Hjemmenes Vel foreiningar, og i 1915 forente desse seg i Hjemmenes Vels Landsforbund under leiing av Marie Michelet. Formålet med foreininga var helse i heimane, kosthald, husmorrolla og husmorsaken.

Michelet danna Nordens Husmorforbund i 1920, frå 1999 kalla Nordens Kvinneforbund, som i dag (2017) har meir enn 75 000 medlemar. Michelet var også ei av fleire stiftarar av den internasjonale kvinneorganisasjonen Associated Country Women of the World (ACWW) i 1933. Norges Kvinne- og familieforbund har sidan stiftingane vore aktive medlemar i begge desse organisasjonane.

Norges Kvinne- og familieforbund var med på å danne Forbrukerrådet i 1953, Norske Kvinners Nasjonalråd, Kvinners Frivillige beredskap, FOKUS (Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål), Miljøheimevernet (Grønn Hverdag) og Populus (Studieforbundet næring og samfunn) i 1995. I tillegg gir organisasjonen ut medlemsbladet Kvinner & familie (tidl. Husmorbladet)

Organisasjonen har meir enn 225 lokallag og 4 000 medlemar (2018). Ås kvinne- og familielag er det eldste nolevande laget i organisasjonen.

Kjelder