Norheimsund

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. sep. 2018 kl. 08:13 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Norheimsund - no-nb digifoto 20151022 00015 NB MIT FNR 10249 A.jpg|Motiv frå Norheimsund.|Ukjend / Nasjonalbiblioteket|1951}} '''Norheimsund''' er ein tettstad og administra...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv frå Norheimsund.
Foto: Ukjend / Nasjonalbiblioteket (1951).

Norheimsund er ein tettstad og administrasjonssenter i Kvam herad i Hordaland. Staden har nær 2300 innbyggjarar, og ligg ved riksveg 7 på nordsida av Hardangerfjorden. Norheimsund er eit viktig handelssentrum for ytre Hardanger. Med båtsamband til Utne og Odda og bussruter til mellom anna Bergen og Voss er det òg eit viktig trafikknutepunkt.

En stor brann i 1932 la store deler av sentrum i oske. Ein finn ei rekkje funkisbygg der, eit resultat av oppbygginga etter brannen.

I 2000 fekk Norheimsund Tettstedsprisen for arbeidet med sjøfronten, der det mellom anna hadde kome ein ny kaipromenade. I 2013 fekk tettstaden Statens pris for attraktivt sted.

Hardanger Fartøyvernsenter ligg i Norheimsund. Ein finn òg Thon Hotel Sandven, etablert som Sandven Hotell i 1857 og kjøpt opp av Olav Thon i 2011.

Litteratur og kjelder