Norn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. nov. 2011 kl. 12:28 av Knut Rage (samtale | bidrag) (Ny side: '''Norn''' (ei omlaging av norrøn) er eit språk som vart nytta på Shetland og Orknøyane før skotsk byrja å ta over på 1400-talet. Den spesielle varianten av norrønt kom i br...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Norn (ei omlaging av norrøn) er eit språk som vart nytta på Shetland og Orknøyane før skotsk byrja å ta over på 1400-talet. Den spesielle varianten av norrønt kom i bruk frå vikingtida over eit større område - Shetland (Hjaltland), Orknøyane, Hebridene (Suderøyane) og delar av det skotske fastlandet. På Shetland var norn i bruk heilt fram til byrjinga av 1800-talet. Ein finn framleis restar av norn i dialektene på både på Shetland og Orknøyane.