Norsk Landboeblad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Den fyrste utgåva av Norsk Landboeblad.

Norsk Landboeblad var ei avis som kom ut i åra frå 1810 til 1816, bladet vart gjeven ut i Volda. Sivert Aarflot var utgjevar og redaktør, frå 1813 gjekk sonen Rasmus S. Aarflot inn som redaktør. Avisa var den fyrste i Noreg som vart redigert frå og prenta på landsbygda.

Høgste tingartal for avisa var kring 600 i andre halvåret av 1810. Prisen, og truleg òg lågare kvalitet for å kutte utgiftene, ledde til at talet så fall. Aarflot tapte store penger på dette, og måtte kutte ned på nummertalet. I 1810 kom det 52 nummer, i 1811 berre 29 og seinare frå 12 til 29 nummer i året.

Til saman vart det 729 sider i løpet av de sju årgangane. Jostein Fet har gått gjennom stoffet, og fann at 8,8 % var nyhende, 80 % var allment opplysningsstoff og resten var ymist anna, som annonser. Av opplysninggstoffet var tekstar om landbruk, fiske og andre næringar det ein fann mest av (40,4 %), følgd av naturfaglege emne (25 %), samfunnsfaglege emne (21,3 %), humanistiske emne (8,5 %) og ymist anna (4,8 %). Av det humanistiske stoffet er det verd å nemne at Aarflot samla inn vessar og magiske formlar, og han skreiv ned kven det var som var heimelspersonar. Slik vart han den første som systematisk samla inn og prenta folkeminne her i landet.

Norsk Landboeblad i Kjeldearkivet:

Litteratur

  • Fet, Jostein: Den gløymnde litteraturen : Gamle bøker og skrifter i privat eie på Sunnmøre. Utg. Samlaget. 2015.


Sivert Aarflot.jpg Norsk Landboeblad er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.