Norsk Møbelfaglig Senter

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. mai 2017 kl. 09:22 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Møbelfaglig Senter (NMFS) vart etablert i Sykkylven som ei stifting i 1994. Eigarar av stiftinga vart Sykkylven kommune, Norsk Treindustriarbeiderforbund og Møbelprodusentenes Landsforening. Norsk Møbelfaglig Senter skulle frå starten vere bransjens museum og dokumentasjonssenter. I tillegg sikta senteret inn mot å utfordre møbelbransjen til nytenking og utvikling, særleg innan produktutvikling og design. Dei første åra, då senteret heldt til i den representative Berli-villaen på Klokkehaug i Sykkylven, vart det skipa til ei rekkje design- og temautstillingar.

I 2000 flytte NMFS til nye lokaler, i tidlegare Strømme Konfeksjonsfabrikk i Sykkylven sentrum. I 2004 vart NMFS konsolidert med Sunnmøre Museum og er no ei av 12 avdelingar i Stiftinga Sunnmøre Museum. Sidan då har den museale og historiefaglege aktiviteten vore det sentrale i institusjonen si verksemd. Senteret utvida i 2011 utstillingsareala sine og opna sommaren 2012 ei utstilling som vart kalla Ver så god, sitt! Kjetil Tandstad har frå 2009 vore dagleg leiar ved NMFS. Senteret er ope for besøkande alle kvardagar heile året.