Norske Gaardnavne: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(litt utfyllande, men ikkje alt Ranveig etterlyste)
(sette inn bilete)
Linje 22: Linje 22:


Med stønad frå [[Norsk kulturråd]] og 9 fylkeskommuner er det laga ei digital utgåve av Norske Gaardnavne, slik at vi no kan søkje i ''Norske Gaardnavne'' på nettet. Førsteamanuensis Tom Schmidt ved Seksjon for navnegransking,  [[Universitetet i Oslo]], har hatt det faglege ansvaret for den digitale utgåva.
Med stønad frå [[Norsk kulturråd]] og 9 fylkeskommuner er det laga ei digital utgåve av Norske Gaardnavne, slik at vi no kan søkje i ''Norske Gaardnavne'' på nettet. Førsteamanuensis Tom Schmidt ved Seksjon for navnegransking,  [[Universitetet i Oslo]], har hatt det faglege ansvaret for den digitale utgåva.
[[Fil:Øvstebø.jpg|høgre|mini|400px|Om gnr 24 i [[Vangen]] sokn i [[Aurland]], Nordre Bergenhus, skreiv Rygh og Kjær: «[[Østerbø]]. Kaldes ''au'rdalen.'' - Vrdall NRJ. III 404. 1563. 1603. Ourdall 1563.  Østebøe 1667. 1723.  <small>Efter den opg. Udtale er det ældre Navn *Aurdalr.  Se forøvrigt under Herredsnavnet og jfr. frg. GN.  Det synes rimeligt, at det senere Navn egentlig er at forstaa som *Øvstebø (*Øfstibær), den øverste Gaard (jfr. GN. 22); Øvste- kan i ældre Tids Skrivemaade sammenblandes med Øst-, Øster-.</small>» - Foto ca 1900.]]





Sideversjonen fra 9. mar. 2007 kl. 18:44

Fil:Prof oluf rygh.jpg
Professor Oluf Rygh

Norske Gaardnavne vart utgjeve i åra frå 1897 til 1924 etter manuskript utarbeidd av professor Oluf Rygh. Verket inneheld opplysningar som om uttale og historisk skrivemåte for namna til matrikkelgardane i Noreg.

Bakgrunn

Ved lov av 6.6.1863 påbaud Stortinget ein alminneleg revisjon av matrikkelen i Noreg. Under arbeidet kom det framlegg om å få retta på inkonsekvensar og feil i gardsnamna. I 1878 vart professorane Sophus Bugge, Oluf Rygh og prost Johan Fritzner oppnemnde som medlemmer i ein kommisjon for revisjon av namna i matrikkelen.

I arbeidet samla dei informasjon om skrivemåtar av namna frå tida før den store språklege endringa mot slutten av mellomalderen. Vidare samla dei opplysningar om korleis namna vart uttalt i folkeleg uttale. Kommisjonen kom til at skrivemåten for gardsnamna så vidt som muleg måtte liggje nær uttaleformene.

Kjeldene for gardsnamna

Sidan språket har endra seg frå gardsnamnet vart til, vil dei eldste skriftlege kjeldene ha størst verdi når vi skal finne fram til tydinga av eit gardsnamn. Derfor leita kommisjonen etter namneformer frå tidleg mellomalder - i soger, jordebøker og brev samla i Diplomatarium Norvegicum. Men skrifttradisjonen er ikkje eldre enn at mange namn kan vere tusen år eldre enn den eldste skriftlege kjelda for namnet. For store deler av landet manglar skriftlege mellomalderkjelder for dei aller fleste gardsnamna.

Det andre hovudhjelpemiddelet var den munnlege uttalen. Kommisjonen heldt seg utelukkande til uttalen som vart bruka i dagleg tale blant allmogen. Her såg dei at dei noverande uttaleformene stod i same forhold til dei opphavlege namna som det noverande bygdemålet til oldspråket. Nær byane hadde feilaktige skriftformer påverka uttalen, men òg i slike bygder kunne ein uttale nedervd frå dei opphavlege namneformene vere bruka blant ein mindre del av folket.

Publisering

Etter at matrikkelen var ferdigstilt i 1892, vart materialet oversendt Riksarkivet. Interessa for arbeidet var så stor at Stortinget i 1896 løyvde pengar til trykking av opplysningane som var samla til bruk ved matrikkelrevisjonen. I 1897 vart det første bandet i serien Norske Gaardnavne trykt.

Norske Gaardnavne vart utgjeve med eitt band for kvart amt og eit band med forord og innleiing, slik at folk kunne kjøpe enkeltband. Då Oluf Rygh døydde, var innleiingsbandet og dei to første amtsbanda (Smaalenenes Amt og Akershus Amt) utgjevne, og band 3 og første halvdel av band 4 var på det næraste ferdige til å trykkast (Hedemarkens Amt og Kristians Amt, første halvdel). Manuskriptet til dei neste banda vart bearbeidd av Albert Kjær, Hjalmar Falk, Amund B. Larsen, Magnus Olsen og Karl Ditlev Rygh.

I 1924 vart det ved Just Qvigstad og Magnus Olsen utgjeve eit 18. band med namn på marikulerte jordeigedommar i Finmarkens amt.

Det er sidan gjeve ut fleire faksimileutgåver av verket.

Med stønad frå Norsk kulturråd og 9 fylkeskommuner er det laga ei digital utgåve av Norske Gaardnavne, slik at vi no kan søkje i Norske Gaardnavne på nettet. Førsteamanuensis Tom Schmidt ved Seksjon for navnegransking, Universitetet i Oslo, har hatt det faglege ansvaret for den digitale utgåva.

Fil:Øvstebø.jpg
Om gnr 24 i Vangen sokn i Aurland, Nordre Bergenhus, skreiv Rygh og Kjær: «Østerbø. Kaldes au'rdalen. - Vrdall NRJ. III 404. 1563. 1603. Ourdall 1563. Østebøe 1667. 1723. Efter den opg. Udtale er det ældre Navn *Aurdalr. Se forøvrigt under Herredsnavnet og jfr. frg. GN. Det synes rimeligt, at det senere Navn egentlig er at forstaa som *Øvstebø (*Øfstibær), den øverste Gaard (jfr. GN. 22); Øvste- kan i ældre Tids Skrivemaade sammenblandes med Øst-, Øster-.» - Foto ca 1900.


Bruk av namneverket

I Noreg er Norske Gaardnavne er eitt av nokså få nasjonale standardverk. I 18 band er nær alle dei om lag 50.000 gardsnamna i landet vårt tolka og drøfta på ymse vis. Verket tar òg opp namna på sokn og herad slik dei var ved førre hundreårsskifte.

Serien Norske Gaardnavne er blitt ståande som standardverket for skriving og tyding av stadnamn i Noreg. Det tyder ikkje at alle namna er tolka rett. Men i seinare tolkingar er det ofte vist til tolkinga i O. Rygh.

Skrivemåten kan heller ikkje stå som nokon fasit, sidan Rygh har normert namna til riksmål anno 1900. I dag vil vi normere namna etter gjeldande rettskrivingsprinsipp. Men med uttaleformene i lydskrift er verket ein god hjelp når vi vil følgje i stadnamnlova og ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen.

Oversikt over serien Norske Gaardnavne:

  • Forord og innledning (O. Rygh 1898)
  • I Smaalenenes Amt (O. Rygh 1898)
  • II Akershus Amt (O. Rygh 1898)
  • III Hedemarkens Amt (O. Rygh 1900)
  • IV-1 Kristians Amt (O. Rygh 1900)
  • IV-2 Kristians Amt (O. Rygh, utg.ved A. Kjær 1902)
  • V Buskeruds Amt (O. Rygh, utg.ved Hj. Falk 1909)
  • VI Jarlsberg og Larviks Amt (O. Rygh, utg.ved A. Kjær 1907)
  • VII Bratsberg Amt (O. Rygh, utg.ved A. Kjær 1914)
  • VIII Nedenes Amt (O. Rygh, utg.ved Amund B. Larsen 1905)
  • IX Lister og Mandals Amt (O. Rygh, utg.ved A. Kjær 1912)
  • X Stavanger Amt (O. Rygh, utg.ved Magnus Olsen 1915)
  • XI Søndre Bergenhus Amt (O. Rygh, utg.ved Magnus Olsen 1910)
  • XII Nordre Bergenhus Amt (O. Rygh, utg.ved A. Kjær 1919)
  • XIII Romsdals Amt (O. Rygh, utg.ved K. Rygh 1908)
  • XIV Søndre Trondhjems Amt (O. Rygh, utg.ved K. Rygh 1901)
  • XV Nordre Trondhjems Amt (O. Rygh, utg.ved K. Rygh 1903)
  • XVI Nordlands Amt (O. Rygh, utg.ved K. Rygh 1905)
  • XVII Troms Amt (O. Rygh, utg.ved K. Rygh 1911)
  • XVIII (Tilægsbind) Finmarkens Amt (O. Rygh, utg.ved J. Qvigstad og Magnus Olsen)

Andre etterlatne arbeid etter Oluf Rygh var

  • Gamle Personnavne i norske Stedsnavne (utgjeve 1901)
  • Norske Elvenavne (utgjeve ved Karl Ditlev Rygh 1904)

Lenkjer ut