Norske Gaardnavne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Norske Gaardnavne vart utgjeve i åra frå 1897 til 1924 etter manuskript utarbeidd av professor Oluf Rygh. Verket inneheld opplysningar om uttale, historisk skrivemåte og mogleg tyding av namna til matrikkelgardane i Noreg. Det er blitt eit standardverk for stadnamn i Noreg.

Arbeidet i kommisjonen

Ved lov av 6.6.1863 påbaud Stortinget ein alminneleg revisjon av matrikkelen i Noreg. Under arbeidet kom det framlegg om å få retta på inkonsekvensar og feil i gardsnamna. I 1878 vart professorane Sophus Bugge, Oluf Rygh og prost Johan Fritzner oppnemnde som medlemmer i ein kommisjon for revisjon av namna i matrikkelen.

I arbeidet samla dei informasjon om skrivemåtar av namna frå tida før den store språklege endringa mot slutten av mellomalderen. Vidare samla dei opplysningar om korleis namna vart uttalt i folkeleg uttale. Kommisjonen kom til at skrivemåten for gardsnamna så vidt som muleg måtte liggje nær uttaleformene.

Kjeldene for gardsnamna

Sidan språket har endra seg frå gardsnamnet vart til, vil dei eldste skriftlege kjeldene ha størst verdi når vi skal finne fram til tydinga av eit gardsnamn. Derfor leita kommisjonen etter namneformer frå tidleg mellomalder — i soger, jordebøker og brev samla i Diplomatarium Norvegicum. Men skrifttradisjonen er ikkje eldre enn at mange namn kan vere tusen år eldre enn den eldste skriftlege kjelda for namnet. For store deler av landet manglar skriftlege mellomalderkjelder for dei aller fleste gardsnamna.

Det andre hovudhjelpemiddelet var den munnlege uttalen. Kommisjonen heldt seg utelukkande til uttalen som vart bruka i dagleg tale blant allmogen. Her såg dei at dei noverande uttaleformene stod i same forhold til dei opphavlege namna som det noverande bygdemålet til oldspråket. Nær byane hadde feilaktige skriftformer påverka uttalen, men òg i slike bygder kunne ein uttale nedervd frå dei opphavlege namneformene vere bruka blant ein mindre del av folket.

Undersøkingane rundt uttaleformene var det Bugge og Rygh som sørga for, eit arbeid dei hovudsakleg utførte i sommarferiane sine. Dei kunne ikkje vitje kvar ei bygd i landet; dei fleste opplysningane fekk dei ved ekserserplassar, lærarseminar og andre stader landsfolk fanst samla.

Drøftingar rundt gardsnamna

I verket er det drøfta kva for grammatisk form namna har - herunder kjønn, tal, kasus og om namnet står i bunden eller ubunden form. Det er òg gjort greie for lydlege forandringar gjennom tidene, om slikt er dokumentert.

Tydinga av namnet er sett i samanheng med korleis gardsnamn vert til:

  • Naturnamn (høgder, skråningar, skard, nes, øyar, fossar, myrar, flater o.s.b.)
  • Namn avleia av bruken av landet (hamner, vegar, eid o.l.)
  • Namn frå tre, buskar og plantar
  • Namn knytta til dyr og dyreliv
  • Namn knytta til korleis garden er vorten til, bygningar på garden eller anna menneskeverk på staden
  • Namn som kjem frå andre ord for bustad eller dyrka land
  • Namn avleia av bruken av garden eller andre tilhøve knytta til gardshistoria
  • Namn frå vesen knytt til folketrua
  • Samanlikningsnamn, t.d. med klestykke o.a., eller med kroppsdelar, dyr eller reiskap
  • Namn avleia av elvenamn
  • Namn som inneheld personnamn eller tilnamn
  • Rosande og nedsetjande namn


Publisering

Etter at matrikkelen var ferdigstilt i 1892, vart materialet oversendt Riksarkivet. Interessa for arbeidet var så stor at Stortinget i 1896 løyvde pengar til trykking av opplysningane som var samla til bruk ved matrikkelrevisjonen. I 1897 vart det første bandet i serien Norske Gaardnavne trykt.

Norske Gaardnavne vart utgjeve med eitt band for kvart amt og eit band med forord og innleiing, slik at folk kunne kjøpe enkeltband. Då Oluf Rygh døydde, var innleiingsbandet og dei to første amtsbanda (Smaalenenes Amt og Akershus Amt) utgjevne, og band 3 og første halvdel av band 4 var på det næraste ferdige til å trykkast (Hedemarkens Amt og Kristians Amt, første halvdel). Manuskriptet til dei neste banda vart bearbeidd av Albert Kjær, Hjalmar Falk, Amund B. Larsen, Magnus Olsen og Karl Ditlev Rygh.

I 1924 vart det ved Just Qvigstad og Magnus Olsen utgjeve eit 18. band med namn på matrikulerte jordeigedommar i Finmarkens amt.

Det er sidan gjeve ut fleire faksimileutgåver av verket.

Med stønad frå Norsk kulturråd og 9 fylkeskommuner er det laga ei digital utgåve av Norske Gaardnavne, slik at ein no kan søkje i oppslagsverket på nettet. Førsteamanuensis Tom Schmidt ved Seksjon for navnegransking ved Universitetet i Oslo, har hatt det faglege ansvaret for den digitale utgåva.

Bruk av namneverket

Om gnr 24 i Vangen sokn i Aurland, Nordre Bergenhus, skreiv Rygh og Kjær: «Østerbø. Kaldes au'rdalen. - Vrdall NRJ. III 404. 1563. 1603. Ourdall 1563. Østebøe 1667. 1723. Efter den opg. Udtale er det ældre Navn *Aurdalr. Se forøvrigt under Herredsnavnet og jfr. frg. GN. Det synes rimeligt, at det senere Navn egentlig er at forstaa som *Øvstebø (*Øfstibær), den øverste Gaard (jfr. GN. 22); Øvste- kan i ældre Tids Skrivemaade sammenblandes med Øst-, Øster-.» - Foto ca 1900.

I Noreg er Norske Gaardnavne eitt av nokså få nasjonale standardverk. I 18 band er nær alle dei om lag 50 000 gardsnamna i landet vårt tolka og drøfta på ymse vis. Verket tar òg opp namna på sokn og herad slik dei var ved førre hundreårsskifte.

Serien Norske Gaardnavne er blitt ståande som standardverket for skriving og tyding av stadnamn i Noreg. Det tyder ikkje at alle namna er tolka rett. Men i seinare tolkingar er det ofte vist til tolkinga i O. Rygh.

Skrivemåten kan heller ikkje stå som nokon fasit, sidan Rygh har normert namna til riksmål anno 1900. I dag vil vi normere namna etter gjeldande rettskrivingsprinsipp. Men med uttaleformene i lydskrift er verket ein god hjelp når vi vil følgje stadnamnlova og ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen.

Oversikt over serien Norske Gaardnavne:


Andre etterlatne arbeid etter Oluf Rygh var

  • Gamle Personnavne i norske Stedsnavne (utgjeve 1901)
  • Norske Elvenavne (utgjeve ved Karl Ditlev Rygh 1904)

Bakgrunnsstoff

Kjelder