Norske Gaardnavne

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. mar. 2007 kl. 20:40 av Knut (samtale | bidrag) (lenkje)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Prof oluf rygh.jpg
Professor Oluf Rygh

Norske Gaardnavne vart utgjevne i åra frå 1897 til 1924 etter manuskript utarbeidd av professor Oluf Rygh. Verket inneheld opplysningar som om uttale og historisk skrivemåte for namna til matrikkelgardane i Noreg.

Bakgrunn

Ved lov av 6.6.1863 påbaud Stortinget ein alminneleg revisjon av matrikkelen i Noreg. Under arbeidet kom det framlegg om å få retta på inkonsekvensar og feil i gardsnamna. I 1878 vart professorane Sophus Bugge og Oluf Rygh og prost Johan Fritzner oppnemnde som medlemmer i ein kommisjon for revisjon av namna i matrikkelen.

I arbeidet samla dei informasjon om skrivemåtar av namna frå tida før den store språklege endringa mot slutten av mellomalderen. Vidare samla dei opplysningar om korleis namna vart uttalt i folkeleg uttale. Kommisjonen kom til at skrivemåten for gardsnamna så vidt som muleg måtte liggje nær uttaleformene.

Etter at matrikkelen var ferdigstilt i 1892, vart materialet oversendt Riksarkivet. Interessen for arbeidet var så stor at Stortinget i 1896 løyvde pengar til trykking av opplysningane som var samla til bruk ved matrikkelrevisjonen. I 1897 vart det første bandet i serien Norska Gaardnavne trykt.

Norske Gaardnavne vart utgjevne med eitt band for kvart amt og eit band med forord og innleiing, slik at folk kunne kjøpe enkeltband. Då Oluf Rygh døydde, var innleiingsbandet og dei to første amtsbanda (Smaalenenes Amt og Akershus Amt) utgjevne, og band 3 og første halvdel av band 4 var på det næraste ferdige til å trykkast (Hedemarkens Amt og Kristians Amt, første halvdel). Manuskriptet til dei neste banda vart bearbeidd av Albert Kjær, Hjalmar Falk, Amund B. Larsen, Magnus Olsen og Karl Ditlev Rygh.

I 1924 vart det ved Just Qvigstad og Magnus Olsen utgjeve eit 18. band med namn på marikulerte jordeigedommar i Finmarkens amt. Serien Norske Gaardnavne er blitt ståande som standardverket for skriving og tyding av stadnamn i Noreg. Det tyder ikkje at alle namna er tolka rett. Men i seinare tolkingar er det ofte vist til tolkinga i O. Rygh. Det er sidan gjeve ut fleire faksimileutgåver av verket.

Oversikt over serien Norske Gaardnavne:

  • Forord og innledning (O. Rygh 1898)
  • I Smaalenenes Amt (O. Rygh 1898)
  • II Akershus Amt (O. Rygh 1898)
  • III Hedemarkens Amt (O. Rygh 1900)
  • IV-1 Kristians Amt (O. Rygh 1900)
  • IV-2 Kristians Amt (O. Rygh, utg.ved A. Kjær 1902)
  • V Buskeruds Amt (O. Rygh, utg.ved Hj. Falk 1909)
  • VI Jarlsberg og Larviks Amt (O. Rygh, utg.ved A. Kjær 1907)
  • VII Bratsberg Amt (O. Rygh, utg.ved A. Kjær 1914)
  • VIII Nedenes Amt (O. Rygh, utg.ved Amund B. Larsen 1905)
  • IX Lister og Mandals Amt (O. Rygh, utg.ved A. Kjær 1912)
  • X Stavanger Amt (O. Rygh, utg.ved Magnus Olsen 1915)
  • XI Søndre Bergenhus Amt (O. Rygh, utg.ved Magnus Olsen 1910)
  • XII Nordre Bergenhus Amt (O. Rygh, utg.ved A. Kjær 1919)
  • XIII Romsdals Amt (O. Rygh, utg.ved K. Rygh 1908)
  • XIV Søndre Trondhjems Amt (O. Rygh, utg.ved K. Rygh 1901)
  • XV Nordre Trondhjems Amt (O. Rygh, utg.ved K. Rygh 1903)
  • XVI Nordlands Amt (O. Rygh, utg.ved K. Rygh 1905)
  • XVII Troms Amt (O. Rygh, utg.ved K. Rygh 1911)
  • XVIII (Tilægsbind) Finmarkens Amt (O. Rygh, utg.ved J. Qvigstad og Magnus Olsen)

Andre etterlatne arbeid etter Oluf Rygh var

  • Gamle Personnavne i norske Stedsnavne (utgjeve 1901)
  • Norske Elvenavne (utgjeve ved Karl Ditlev Rygh 1904)

Lenkjer ut