Norske Rigs-Registranter

Norske Rigsregistranter 1523-1660, bind I-XII er ei trykt samling av brev og forordningar utferda av kongen gjennom Danske kanselli. Kjeldesamlinga på 12 band vart utgjeve for Det norske historiske kildeskriftfond i tidsrommet 1861-1891.

Tittelbladet frå første band av Norske Rigs-Registranter.

Grunnlaget for avskriftene er to rekkjer med kopibøker, Norske registre (for opne brev, dvs. adressert til ålmenta) og Norske tegnelser (for missiv, dvs. adressert til enkeltpersonar eller mindre grupper). Dei originale kopibøkene er nå i det norske Riksarkivet (Danske magasin).

Avskriftene i riksregistrantane er ikkje heilt ord- og bokstavrette i høve til originalen. Det er gjennomført ei viss standardisert rettskriving, teiknbruk osv. Ein del brev er berre attgjevne i utdrag. Breva er kronologisk ordna.

Bruk i lokal- og slektshistorie

Riksregistrantane innheld særs mykje kjeldemateriale til lokalhistoria for alle delar av landet frå 1500- og fyrste halvparten av 1600-talet, ein periode som ikkje så mykje anna arkivmateriale er bevart. Det er greit å finne fram i med gode stad- og personnamneregister.

Redaktører

Desse fagpersonane står som redaktørar/utgjevarar av eitt eller fleire band:

På Nettbiblioteket