Norske Rigs-Registranter

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. jan. 2012 kl. 10:01 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks bok Norske Rigsregistranter 1523-1660, bind I-XII er ei trykt samling av brev og forordningar utferda av kongen gjennom Danske kanselli. Kjeldesamlinga på 12 band vart utgjeve for Det norske historiske kildeskriftfond i tidsrommet 1861-1891.

Grunnlaget for avskriftene er to rekkjer med kopibøker, Norske registre (for opne brev, dvs. adressert til ålmenta) og Norske tegnelser (for missiv, dvs. adressert til enkeltpersonar eller mindre grupper). Dei originale kopibøkene er nå i det norske Riksarkivet (Danske magasin).

Avskriftene i riksregistrantane er ikkje heilt ord- og bokstavrette i høve til originalen. Det er gjennomført ei viss standardisert rettskriving, teiknbruk osv. Ein del brev er berre attgjevne i utdrag. Breva er kronologisk ordna.

Riksregistrantane innheld særs mykje kjeldemateriale til lokalhistoria for alle delar av landet frå 1500- og fyrste halvparten av 1600-talet, ein periode som ikkje så mykje anna arkivmateriale er bevart. Det er greit å finne fram i med gode stad- og personnamneregister.

Digitalarkivet har lagt ut alle banda som avfotograferingar.


Ekstern lenke

Norske Rigs-Registranter på Digitalarkivets WebBok (nr. 122-133)