Norskehavet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. aug. 2018 kl. 13:16 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Norskehavet''' er den delen av Atlanterhavet som ligg mellom Noreg, Svalbard og Island. Det grensar til Barentshavet i aust, Nordsjøen i sør, Atlanterhavet...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Norskehavet er den delen av Atlanterhavet som ligg mellom Noreg, Svalbard og Island. Det grensar til Barentshavet i aust, Nordsjøen i sør, Atlanterhavet i sørvest og Grønlandshavet i vest.

Avgrensinga til Barentshavet går i ei line mellom SørkappSpitsbergen over Bjørnøya til Nordkapp. I petroleumsforvaltninga er grensa sett til 71°N. Mot Nordsjøen er grensa sett til 61°N, men i petroleumsforvaltninga til 62°N. Mot Atlanterhavet går grensa langs ei line frå rett nord for Shetland over Færøyane til vestspissen av Island. Derifrå går grensa mot Grønlandshavet over Jan Mayen til Sørkapp. Norskehavet har med desse grensane eit areal på kring 2,6 millioner kvadratkilometer.

Litteratur og kjelder