Notanaustet i Fresvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. sep. 2017 kl. 07:33 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Notanaustet i Fresvik, i Vik kommune, vart bygd rundt 1910. Fyrst sto det på Buaeigedommen, men vart flytta til naboeigedommen. Det står framleis på denne tufti. Det står på pålar og kjer. Bylgjeblekktaket, golvet og den gisne veggkledningen er ikkje skifta etter alle desse åri.

Notlag

I Fresvik var det fleire notlag eller såkalla landnotbruk. Bøtun Notlag hadde dett notanaustet og Øyralaget hadde sitt eige notanaust på Øyri. Her var det Hovarane som var med. Til vanleg var det 7-8 mann i kvart notlag. Dei fiska etter brisling, bladsild og mussa. Bøtun Notlag hadde ei stor kastenot og ei mindre som vart nytta ved opptak når dei leverte. Det var oppkjøparar som henta silda.

Restaureringsarbeid

Det er lite att inne i notanaustet i dag, men ein 75 år gammal føringsbåt som var nytta i Sjurgarden, er i naustet. I dag er notanaustet i dårleg stand, og mykje må utbetrast viss det ikkje skal bli øydelagt. Stolpane under naustet må skiftast ut, ein må byta kledning på veggane, nye spikarslag, måla taket osv. Dette arbeidet må gjerast no viss me skal klara å bevara det siste notanaustet i Sogn.

Fisketurar

Notlagi rodde rundt i indre del av Sogn og leitte etter sild. Ofte måtte dei overnatta i løer. Ein kar frå eit notlag fortalde at ein kveld då dei hadde lagt seg i høyet, sovna den eine først. Då sette dei andre eit tog om føtene hans og kasta toget over ein bjelke. Dei ville heisa han opp etter føtene når dei skulle vekkja han. Men då dei trekte i toget om morgonen, for støvlane av føtene hans og skorne for til vers, medan eigaren låg fredeleg att i høyet.

Dei hadde mat med seg heimefrå, og ein av dei hadde då bløytt flatbrød med smør og pålegg med seg. Eingong han var på land, nøytte kameratane seg og la eit stykke forcellulose og la i mellom brødet. Dette vart seigt å bita av, og dei andre hadde si store moro då han som hadde klingen sleit og reiv med tennene, før han oppdaga kva som var gale.

Kjelder

Skriftlege kjelder:

  • Pridla nr 3/97: Notanaustet i Fresvik.
  • Pridla nr 1/93: Om fisket etter brisling og anna småsild i Fresvik.

Muntlege kjelder:

  • Kåre Bøthun
  • Bjarne Bøthun

Forfattar: Cecilie Breilid Skogheim , Anna Yi Xiang Bøtun, Dagmar Liliane van Nierop, Solrun Bøtun, Marlen Bøthun Smedegård 2009 (5.-7. klasse)

Teksten om Notanaustet i Fresvik er ein del av Fresvik kulturløype - Vetlerunden i bygdi

Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Notanaustet i Fresvik er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.