Notbåten «Trollet»: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Kjelder: kategori)
({{nn}})
Linje 26: Linje 26:
[[Kategori: Høydalen (Volda)]]
[[Kategori: Høydalen (Volda)]]
{{F1}}
{{F1}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 25. jan. 2016 kl. 10:11

Notabåten Trollet
Foto: Arne Høydal

Notbåten «Trollet» var kjøpt frå Årsheim notlag 25/9 1951. Prisen står i kassaboka for Høydal notlag 25/9 1951; «kjøpt ein gavlbåt Kr 3800,00». Den var registrert i Selje kommune med SF 113 S og hadde namnet «Drott». I Volda kommune kom denne båten ikkje med i det offisielle registeret over fiskebåtar. Dette kjem truleg av at seljar ikkje har meldt frå om at båten var seld. Men bilder viser at båten var registrert i Volda med M-9-VA. Det er ikkje klart kva namn båten vart registrert med i Volda kommune, men den vart i daglegtale kalla «Trollet», som vel er eit klengenamn. Båten var bygd som klinker med speiel. Det var lagt dekk med ca 45 cm høg ruff til atterkant rorhus. Tradisjonell innreiding av lugar framom maskinskottet. Lugarkappe framom rorhuset. Bak rorhuset var båten åpen med notrull bak på speielen. I notromet var bygt ei notkasse slik at når ein greidde inn nota kunne ein stå på utsida av kassa og slapp å trakke i nota, burtsett frå han som la «minot», midnot.

I fiskeriregister for Selje kommune i Sogn og Fjordane finn ein spesifikasjonar på båten. Den er registrert som motorbåt Åpen. Lengde / breidde / djupne i fot er; 28,0 / 10,0 / 3,3. Motor er 12 hk «Wichmann». Seinare gjekk krumtappen (veivakselen) på denne motoren. Det vart kjøpt ny motor frå Olav Midthun, Haugesund. Motoren var «Skud» 18 hk og prisen var kr 2000,00. Det var ein motor som trengde litt meir plass enn den gamle, så monteringa tok litt tid. Det måtte mellom anna lagast nytt motorfundament. Utvendig vart det lagt på ei langsgåande forsterking. Båten vart teken i bruk, men motoren vart vel aldri brukt for fullt då det røynde båten i sterkaste laget. Kassaboka i åra etter at båten vart innkjøpt viser at notlaget har teke mange fangstar rundt i Austefjordområdet. Det er bokførte landlutar som vitnar om dette.

Om vinteren vart båten sett på land i det halvferdige nothuset. Når notdrifta minka vekk fram mot 1960 vart båten ståande i naustet til ca 1979, då tok brørne Steinnes over båten.

Siste reis

Ein av brørne Steinnes hadde vorte merksam på at der stod ein gamal notgavl i nothuset i Bøstranda. Brørne snakkast og tok kontakt med folk i bygda. Dei fann ut at maskina var fast, men ved hjelp av varme fekk dei den laus. Det var også eit strev å få båten på sjøen, for båtframtrekket var ikkje tillaga, så det var berre å bruke det ein fann av lunnar og liknande. Båten kom flot, men den lak som ventande etter mange år på land. Folk i bygda kom med sagspon, og båten vart maura. Det hjelpte litt, men fortsatt var lekasjen i meste laget. Luftflaska, også kalla startflaska, var tom, men karane hadde med ein liten kompressor som vart sveiva for hand, så dei fekk innpå nok luft til å starte.

Dei byrja gå ut fjorden, men på Furnesfjorden tok båten inn meir sjø enn dei klarde å lense ut. Dei gjekk då opp i ei styd i Furneset så dei fekk lensa båten. Framhaldet gjekk bra heilt til dei var rett av Volda sentrum, midt i leia for ferga, då stoppa motoren. No var gode råd dyre for det fanst ikkje startluft att på flaska. Yngste broren laga ein fakkel som vart duppa i diesel for på denne måten å bli sett av ferga, medan den nest yngste pumpa det han kunne for å halde båten flytande.

Etter mykje strev i mørkret klarte endeleg dei to eldste gutane å få starta maskina att ved å bikke den att og fram med foten. Den gjekk lenge nok til at dei kom seg inntil Vikeneskaia. Det synte seg då at glødespiralen var avbrend. Det hadde etter kvart vorte natt, men då ein av dei fire brørne arbeidde i ei elektroforretning, gjekk dei dit og laga seg ein ny provisorisk glødespiral. Lufta var som sagt oppbrukt så no måtte dei bikke i gang motoren på nytt, det gjekk bra og no gjekk han finare enn før. Det vil seie, no gjekk han rette vegen, og då vart det også ei anna framfart.

Steinneset hadde dei ikkje nokon god stad å legga båten, den tok inn sjø endå. Så løysinga var å setja han fram på sandgrunnen ved Holvika nord for Berkneset. Der prøvde dei med litt reparasjon, men det var vanskeleg når ikkje båten stod på slipp. Det vart vurdert å få han opp på Steinneset, men dei såg det nyttelaust. Båten vart ribba for lause ting og olje og seinare sekt ved Alida.

Kjelder