Nylund (Bykle gnr 3/13)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Nylund
Rydda: 1938
Utskilt: 1938
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Bnr: 13
Type: Gardsbruk

Nylund er eit nybruk frå 1940-talet i Berdalen i Bykle kommune. Tunet og jordet ligg ved riksvegen omlag 1 km sør for Nordli og 5 km nordanfor Berdalsbru.

Opptaket til at det vart gardsbruk her var ekspropriasjonssaka mot A/S Sætersdalen på slutten av 1930-åra, der eitt av resultata var at ein noko stor parsell vart utskilt frå bnr 1, 4 og 6, med ei samla skyld på 16 øre, og tildela bnr 13. Denne eigedomen vart i 1939 overteken av Bykle kommune, som selde han etter å ha dela han i to bruk. Det eine var då bruket her, det andre var Steinsland, bnr 17. Kvart av bruka vart sette i ei landskyld på 8 øre.

Bruket her vart i 1942 overteke av Olav E. Sanden (y.). Han var frå Sanden under Stavenes, og son åt Eivind Tarjeisson på det bruket, og kona, Torbjørg Olavsdotter, fødd Bratteland. Me set han opp her med etternamnet Nylund, avdi han sjølv nytta det namnet, og som seg hør og bør skaffa seg løyve til det frå justisdepartementet.

Olav Eivindsson (Sanden) Nylund (1899-1981). Bilete frå militærtenesta, me kan vel gjeta på at det er frå perioden 1918-1920.Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Gunhild Torleivsdotter Nylund. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Olav Eivindsson Nylund, f 1899, d 1981,

g. 1924 m Gunhild Torleivsdtr. Mosdøl, f 1898, d 1966. Born:
  • Jorunn, f 1923, g 1953 m Sigbjørn Eivindsson Hoslemo, sjå Uppigard Hoslemo, gnr 4, bnr 2
  • Eivind, f 1925, d 2006, g m Bjørg Paulsen, f 1937, d 1996, ikkje born, sjå nedanfor
  • Torleiv, f 1928, d 1996, anl.arb. og gbr., g m Dagmar Mydland, busett Hauge i Dalane, Sokndal, born:
  • Marnar, f 1954, g m Inger Marie Støle, busett Sokndal
  • Ove, f 1956, busett Sokndal
  • Hallvard, f 1930, g hv m Reidun Skår, Norheimsund, sjå nedanfor
  • Harald, f 1937, d 2009, dreiv transportfirma, g m Randi Våler, Eidsvoll, f 1938, d 1988, busett Eidsvoll til 1993, sidan Hamar, born:
  • Ole Jørgen, f 1959, busett Eidsvoll, g m Gunhild Johansen
  • Øyvind, f 1963, busett Eidsvoll ; Gunn Elin, f 1965, busett Eidsvoll, g m Øyvind Blakkisrud

Gunhild var frå Berget Mosdøl, dotter åt Torleiv Drengsson Mosdøl på det bruket og kona, Jorunn Torleivsdotter, fødd Gjerden.

Olav og huslyden hans budde lenge i eit hus som sto på ei tomt på Kultro. Hit til Nylund flutte dei, i fylgje eit notat i minneboka til Jorunn O. Nylund, den 14.7. 1943, så då hadde altså Olav hus ferdig. Skøytet hans frå kommunen ved ordføraren var dagsett 8.2. same året. Men kva tid hadde Olav byrja tømmerhogst på eigedomen, og dermed utøva reell eigedomsrett?

Dette vart det springande punktet i ei rettsssak på slutten av 1990-talet, der Marnar Nylund, son av eldste son av Olav, prøva å taka garden på odel. I ein lagmannsrettsdom dagsett 17.3. 1999 vart det bestemt at den reelle overtakinga hadde falle på same datoen som den formelle, altså den dagen skøytet vart skrive, og då vanta det 3 dagar på at Olav Nylund hadde hevda odel på eigedomen. På det grunnlaget tapa Marnar Nylund odelssaka. I 1945/46 var det framme at eigedomar som var selde frå kommunen under krigen burde takast attende, men det nye kommunestyret avgjorde at Olav skulle få ha bruket sitt.

I 1948 hadde han ny, stor uthusbygning ferdig, og i 1952 bygde han nytt våningshus. Det er på 8 x 13 m i to fulle høgder. I 1953 var her 26 mål dyrka jord. Buskapen då var hest, 3 kyr, 3 kalvar, 7 vinterfora sauer og 25 geiter. Sidan vart jordet auka til kring 50 mål. Her vart då etterkvart ein buskap på 2 hestar, 4-5 kyr og kring 20 vinterfora sauer.

I 1963 overtok eldste sonen eigedomen.

Eivind O. Nylund, f 1925, d 2006

g 1974 m Bjørg Paulsen, f 1937, d 1996, ikkje born.

Bjørg kom frå Øverbø, og arbeidde på Bykle hotell då Eivind trefte henne. Foreldra hennes heitte Tordis og Odd Anton Paulsen. Eivind arbeidde på anlegg, og var ikkje gardbrukar. Det tok difor slutt med dyrehaldet på garden kort etter at mor hans døydde i 1966.

I 1996 vart Bjørg, kona åt Eivind, sjuk, og laut flytje på bygdeheimen. Eivind flutte med henne dit, og då ho var borte, vart det til at han vart verande i ein kommunal aldersbustad. Han bodsende då ein yngre bror, som hadde vorte pensjonist eit par år tidlegare, og denne flutte heim og overtok bruket våren 1997.

Etter denne overtakinga fylgde den odelssaka som me har fortalt om framanfor. Den nye eigaren vann saka, og fekk behalde eigedomen.

Hallvard O. Nylund, f 1930

g hv m Reidun Skår. Born:

Hallvard har vore yrkesmilitær, og nådde kapteins grad. Som offiser har han budd mange stader. Særskilt skal nemnast at han hadde to tenesteperiodar i FN-styrkane i Midt-Austen, i 1958-59 i Gaza og i 1982-83 i Libanon.

Totalarealet på eigedomen har vorte oppmælt til ca 3650 mål, av dette omtrent halvparten produktiv skog. Her er utskilt kring 20 festetomter til hytter.


0941 Bykle komm.png Nylund (Bykle gnr 3/13) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Haugen • Neste bolk: Åsland