Nynorsk kultursentrum

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. mai 2021 kl. 08:22 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Den frilynde ungdomsrørsla» til «[[Kategori:Den frilynte ungdomsrørsla»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting som arbeider for nynorsk skriftkultur i gjensidig samarbeid med Ivar Aasen-instituttet i Volda. Stiftinga eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Det siste er under etablering (2012). Senteret gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt. Høgdepunktet er Dei Nynorske Festspela i slutten av juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen.

19 fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar, kulturinstitusjonar og organisasjonar står bak stiftinga: Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Sunnmøre museum, Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta kommune, Høgskulen i Volda, Volda kommune, Møreforsking Volda, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Vestmannalaget, Universitetet i Bergen, Møre Folkehøgskule, Universitetet i Tromsø, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Hordaland fylkeskommune og Universitetet i Oslo.

Stiftinga vart skipa 31. august 1993 og er organisert med eit styre og eit råd.

Styreleiar for Nynorsk kultursentrum er Reidar Sandal (2012), oppnemnd av Kulturdepartementet.

Kjelder og litteratur: