Nystog (Bykle gnr 13/10)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Nystog
Mosdøl 37.jpg
Gamlestoga i Nystog 9.4.2003.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1916
Utskilt: 1921
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 13
Bnr: 10
Type: Småbruk

Nystog er eit småbruk under Mosdøl i Bykle kommune. I 1916 sette Knut Hallvardsson Byklum i gang med å byggje seg eit bureisingsbruk på denne parsellen av Torsbu. Storleiken på bruket nå vert oppgjeve til omlag 31 mål, av dette 7 mål med jorde.

Knut kom frå Haugebakk, og foreldra hans var Hallvard Torleivsson Byklum og kona, Birgit Knutsdotter, fødd Byklum. Gunhild, syster åt Knut, var gift med Pål Mikkelsson Byklum i Torsbu, og det var vel ein grunn til at Knut hamna her.

Knut Hallvardsson Byklum (1890-1976), bilete frå ca 1910. Frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
  • Knut Hallvardsson Byklum, f 1890, d 1976
g 1914 m Torbjørg Olavsdtr. Byklum, f 1894, d 1938. Born:
  • Hallvard, f 1914, d 1915
  • Birgit, f 1918, skreddar, husmor, g 1944 m Alv Knutsson Breive, f 1924, d 1989. sjå Vang, gnr 15, bnr 14. Born:
  • Torbjørg Marie, f.1945, g m Reidar Johansson, Kristiansand, busett Sola ved Stavanger
  • Tore, f 1920, d 1995, sydame, husmor, g m Knut Koland, Bjelland, f 1918. Born:
  • Margit, f 1922, d 1992, husmor, g m Ernst With Sørensen, Oslo, busett Oslo, born:
  • Ragnar, f 1956, ug, busett Oslo
  • Torbjørg Anita, f 1960, ug, busett Oslo
  • Gunhild, f 1926, d 1999, husmor, g m Arthur Olsen, Kristiansand, busett Kristiansand, born:
  • Andor, f 1956, g m Hild Tone Heggebø, Sandeid, busett Ølen
  • Knut, f 1959, d 1967
  • Jens Dominicus, f 1967, g m Kamilla Bakkevik, Nedstrand, busett Ølen
  • Torbjørg Carina, f 1971, g m Kåre Topnes, Nedstrand, busett Nedstrand
  • Olav, f 1935, d 1970, røyrleggjar, g m Gunnhild Gjertine Hanssen, sjå nedanfor
  • Hallvard, f 1938, byggmeister, g 1962 m Ingebjørg Ånundsdtr. Rike, busett Byglandsfjord, born:

Etter at han fyrst hadde fått jordvegen i stand, sette Knut seg opp stoge i 1918. I 1920 kom fjos og løe på plass, og året etter fekk han tinglyst skøyte på at han hadde kaupt bruket av verbroren. I 1926 bygde han på stoga si, så ho vart på i alt 65 m² i to fulle høgder. I 1941 sette han dertil opp eit eldhus.

Det dyrka arealet på bruket var ikkje meir enn 7 mål, så det gjekk ikkje an å liva berre av jorda. Knut var vegarbeidar og sidan oppsynsmann på vegen.

Eldste sonen overtok bruket i 1970.

Gunhild og Olav Byklum då dei gifte seg. Frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
  • Olav K. Byklum, f 1935, d 1970, røyrleggjar
g m Gunnhild Gjertine Hanssen, f 1947, d 2006. Born:

Gunnhild var frå Saltdal, Nordland, dotter åt Johan Hanssen og kona, Ingebjørg, fødd Brokke. Mor åt Gunnhild vart fødd i Brotteli som dotter åt Gunnar H. Brokke. Elles høyrer det med å nemne at Gunnar Walter Hanssen i Saltdal, som er gift med Solveig Ånundsdotter Mosdøl frå Solbakken, bnr 13, er bror åt Gunnhild, og at Ulla Ryningen, som er gift med Torgeir A. Ryningen, (sjå Ryningen gnr 15, bnr 37) er syster hennes.

Olav hadde nett overteke bruket, og var i ferd med ferdigstille nytt hus for seg og familien, då han miste livet i ei båtulukke under ein fisketur på Bykil. Gunnhild døydde i 2006. Ho budde i huset frå 1970 saman med sonen Knut, og arbeidde som sekretær i Bykle kommune.

I 1986 vart 15,5 mål av eigedomen, som utgjorde omlag halvparten av det samla arealet på bruket, oreigna av Bykle kommune. Dette området var byrjinga på byggjefeltet Kyrkjelii, der det sidan vart lagt innåt areal frå Torsbu og Holti. Ved oreigninga heldt Gunnhild att 15 års rett til å kaupe attende ei byggjetomt, for det tilfellet at einkvan av sønene hennes ville byggje seg hus på feltet. Konrad Johan kom sidan til å nytte seg av denne retten (sjå Kyrkjelii, nr 14, bnr 65).

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Nystog (Bykle gnr 13/10) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bakken • Neste bolk: Systog