Nærbø kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. okt. 2020 kl. 10:05 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nye Nærbø kyrkje.
Foto: Siri Johannessen (2010).
Nærbø gamle kirke
Foto: Jarle Vines (2008).

Nærbø kommune i Rogaland vart oppretta i 1894, då dåverande Hå kommune vart delt i Nærbø og Varhaug. I 1964 vart Nærbø samanslegen med Ogna og Varhaug til den nye storkommunen Hå.

Då Nærbø gjekk inn i Hå, hadde kommunen eit flateinnhald på 65 km2 og 3844 innbyggjarar. Noverande Nærbø sokn tilsvarar den gamle kommunen, men folketalet er no (2014) meir enn dobbelt så høgt, nemleg 8787.

Den kommunale verksemda

Nærbø hadde mellom anna kommunalt elektrisitetsverk, aldersheim og fire folkeskular. I Norsk Allkunnebok (1959) heiter det at «Nærbø er nøytralt i målspm. Nyno. er hovudmål i 3 og bokm. i 1 av dei 4 skulekrinsane».

Kjelder og litteratur