Odd Jostein Drotninghaug

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. jul. 2020 kl. 11:25 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Noko formatering/oppdatering)
Hopp til navigering Hopp til søk

Odd Jostein Drotninghaug (fødd 1966 i Straumgjerde) er ordførar i Sykkylven frå 2015. Drotninghaug representerer Senterpartiet og har vore fast representant i kommunestyret i Sykkylven sidan 1999.

Odd Jostein Drotninghaug er son til Leiv og Irene Drotninghaug. Han kan syne til ei svært lang merittliste som tillitsvald i lokale organisasjonar. I yngre år var han aktiv skiløpar i Velledalen idrettslag, men det er som idrettsadministrator han har lagt ned størst innsats.

Fotballleiar

Han var 23 år då han i 1989 vart vald til leiar i idrettslaget Velledalen og Ringen Fotballklubb. VRF var i 60-åra eit av dei beste laga på Sunnmøre, men sleit etter kvart med å fylle tomroma etter dei markante fotballprofilane då dei slutta i 70- og 80-åra. Saman med andre lokale fotballeiarar arbeidde Drotninghaug frå om lag 2000 for å samle senior- og juniorlaga i Sykkylven kommune til eitt felles lag. Ambisjonen var å heve det sportslege nivået lokalt slik at ein kunne ta steget tilbake til det nivået sykkylvsfotballen tidlegare hadde vore på. Drotninghaug vart den første leiaren i det nyskipa FK Sykkylven i 2002.

Kulturpris

Odd Jostein Drotninghaug heldt fram med å engasjere seg i anleggsutviklinga i heimkrinsen, og han var ein drivande kraft bak arbeidet med å få til eit tidsmessig garderobeanlegg på fotballstadion i Straumgjerde, Slettegjerde. Då garderobebygget vart innvigd i 2005, fekk det namnet Oddebu for å ære han som var den største pådrivaren. For innsatsen sin for det lokale idretts- og kulturlivet fekk Odd Jostein Drotninghaug Sykkylven kommune sin kulturpris i 2003. Som sin far, Leiv, har Odd Jostein Drotninghaug vore oppteken av å nytte ut lokale naturressursar både for å styrke det lokale næringsgrunnlaget og å utvikle reiselivet i kommunen. Han har følgt tett kultiveringsarbeidet i Fetvassdraget og har vore aktiv i styret i vassdraget i fleire år.

Restaureringsarbeid

Drotninghaug var, som leiar i Straumgjerde Vel, i 1995, initiativtakar til å setje i gang vølings- og restaureringstiltak på det falleferdige ungdomshuset Vaarvon. Frå 1996 sat han i styret i ungdomslaget Samhald i fleire år medan oppussingsarbeidet på ungdomshuset gjekk føre seg og det vart skipa til midtsommardager i krinsen, med Straumgjerde i vinden-arrangement fleire år på rad.

Ordførar

I politikken har Drotninghaug markert seg som ein løysingsorientert allroundar. I åra 2007 – 2011 var han varaordførar i kommunen. I perioden 2011 til 2015 var han leiar i kontrollutvalet. Ved valet i 2015 stilte han som Senterpartiet sin ordførarkandidat, og etter valet fekk han ordførarvervet gjennom ein samarbeidsavtale med partia Sp, KrF, Venstre, Ap og SV. Drotninghaug har også bak seg ein periode i styret i Møre og Romsdal Sp.

Odd Jostein Drotninghaug var i åra 1986 til 2010 tilsett i møbelbedrifta Hjellegjerde der han hadde fleire leiarstillingar. Han var mellom anna produktutviklingssjef, avdelingleiar, direktør for Hjellegjerde Asia og fabrikksjef. Etter at Hjellegjerde nedbemanna kraftig ved hovudkontoret i Sykkylven, tok han til som rådgjevar ved NAV-kontoret i Ålesund.

Han er frå 2010 gift med Grethe, f. Aure. Saman har dei dottera Solveig.

Kjelder