Odd Nesje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. des. 2018 kl. 19:44 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (satt inn bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Odd Nesje
Foto: Norske skolefolk, 1952

Odd Nesje (fødd 31. mars 1920 i Oppdal, daud 19. januar 2001) var lærar.

Han var son av rektor Ottar Nesje (1899–1975) og Lydia f. Hornnes (1901–1959). Faren vart rektor i Førde i 1926, men var opphavleg frå Gjøvik og vart seinare rektor der.

Odd Nesje tok eksamen artium ved engelsklinja på Gjøvik høgare skule i 1940 og byrja på Levanger lærarskule. I 1942 var han utvist i samband med sympatistreik under lærarstriden. Endeleg gjekk han ut av Hamar lærarskule i 1946.

Han gifta seg i 1946 med Jofrid Huseklepp. Dei fekk fire døtre mellom 1947 og 1953, men same år døydde ho. Odd Nesje gifta seg opp att med Aslaug Hårklau; dei fekk ein son og tre døtre mellom 1958 og 1963.

Odd Nesje arbeidde ved Naustdal framhandsskule frå 1942 til 1952, bortsett frå det året han studerte i Hamar. I 1952 var han tilsett ved Førde skule, kor han blei verande. Politisk høyrde han til Venstre. Han vart 80 år og er gravlagd i Førde.

Kjelder

  • «Venstrelista for Førde», Firda Folkeblad 18. august 1955
  • Studentene fra 1940 (1965), s. 415
  • Norske skolefolk (1966), band 2, s. 1105
  • DIS-Norge gravminnedatabase (gravminnet)