Odda barneskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. jan. 2020 kl. 09:24 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Ullensvang herad» til «[[Kategori:Ullensvang kommune»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Odda barneskule i 2009. Over døra står årstalet då skulen kom på plass, 1912.
Foto: Dag Endre Opedal

Odda barneskule er eit monument over Oddas historie og ser ut som ein stor byskule frå byrjinga av 1900-talet. Schak Bull var første arkitekt. Store barnekull og mange elevar i nær omkrets av skulen har gjort at Odda har hatt ein sentral barneskule og ikkje fleire mindre. Etter at fabrikkane kom i gang i 1908 eksploderte talet på unge barnefamilar. Odda hadde ny skule frå 1893, men no måtte kommunestyret løyva nye pengar.

Arkitekturen

Det var arkitekt Schak Bull som fekk oppdraget å planleggja skulen alt medan Odda var ein del av Ullensvang herad. Bull var ein produktiv arkitekt i Bergen, var i slekt med Ole Bull og var kjend frå markerte bygg som Nina og Edvard Griegs hus på Troldhaugen, Tollboden i Stavanger (1905) og ulike prestisjefyllte nybygg og restaureringsoppdrag i Bergen.

Odda barneskule er monumentalt og det sentrale stilelementet i fasaden er det høge og smale portalfeltet i nybarokk stil; legg merke til mønegavlen på toppen av midtpartiet. Pynteborder i muren har meir inspirasjon frå historismen. Bull fekk seinare mellom anna oppdraget med å teikna Stord lærarskule.

Dei store bygga i den vesle byen er eit særtrekk for Odda. Barneskulen, murboligen og rådhuset saman med cyanamidsilobygga, karbidovnshusa og ikkje minst skalltaket på smelteverket skapar store kontrastar i bygningsmassen og gjev Odda ei spesiell skyline.

Mange byggetrinn

Våren 1912 starta bygginga av ny skule på Bakkemoen som det heitte her og murmeister Sørvig hadde ansvaret. Grunnmuren er av gråstein, medan veggene er murt av teglstein og dekka av murpuss, på same måte som byggemåten for Murboligen i Odda og Tyssedal kraftstasjon som er bygde i same periode. Dei pussa veggene skiller seg likevel ut ved eit karakteristisk ruglete mønster i pussen.

Første byggetrinn hadde 8 klasserom og gymnastikksal i 1. etasje. Mot vest slutta bygget då ved trappehuset. Ved forlenging mot vest i 1918-19 blei trappehuset midtpartiet av sørfasaden. Det var då bygget fekk den nybarokke toppgavlen.

Moderne og i forkant

Skulen var mellom dei aller mest moderne i landet og hadde status som byskule med skulekjøkken, sløydsal og «styrtbad» (dusj). Seinare blei det første barneskulen i landet med symjebasseng, er det sagt. Odda markerte seg tidleg som ein føregangskommune. Kontrastane til nabokommunane var enorm. Bedriftene og fagrørsla stilte mange krav til oppvekstkommunen. Men fabrikkane har aldri sjølve hatt ansvaret for skuledrift i Odda eller Tyssedal.

Skiftande behov

Skulen i dag er eit resultat av mange byggetrinn og fleire arkitektar har sett sitt preg på skulen. Vestfløyen er bygd på 1930-talet og utvida gymnastikkbygg mot aust kom etter 2. verdskrigen. Veksande barnetall på 1950- og 1960-talet førte til rekordmange klassar. I 1912 hadde skulen 13 klassar, medan her må ha vore ca 42 klassar og rundt tusen (!) elevar omkring 1965.

Seinare har stadig skiftande behov medført ombyggingar og tilbyggingar. På den tidlegare skuleplassen mot nord er det kome rom for skulebibliotek, aula og administrasjon. Mot sør langs Skulegata er nytt bygg for SFO knytt saman med skulebygget.

Det har og vore vurdert å byggja eit meir fleksibelt bygg, men skulen står no som eit tydeleg, talande og samlande kulturminne i Odda sentrum.


Koordinater: 60.068708° N 6.543438° Ø