Odden gjestgiveri

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. feb. 2018 kl. 15:28 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: '''Odden gjestgiveri''' opna i 1880-åra. Gjestgiveriet er også kjendt under namnet '''Odden hotel'''. Overnattingsstaden låg på ''Sigurdsrud'' ved øvste ende av Tinnsjø, 22...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Odden gjestgiveri opna i 1880-åra. Gjestgiveriet er også kjendt under namnet Odden hotel. Overnattingsstaden låg på Sigurdsrud ved øvste ende av Tinnsjø, 22 km frå Rjukan i Tinn kommune. Staden var ei havn for båtane på innsjøen, og her fanst også rutebilsamband til Rjukan, Kongsberg og Kalhovde.

Gjestgiveriet heldt til i to tømra hus, Nordistogu og Suistogu. I 1950 kunne ein tilby fire gjesterom med tilsaman sju sengeplassar, i tillegg til spisestove og peisstove. Ein hadde også rett til å selje øl. Gjestgiveriet heldt ope frå 15. juni til 1. september.[1] Talet på besøkande avtok i etterkrigstida då transportmidlane og reisevanane endra seg.

Arkiv

Arkivet etter Odden gjestgiveri er ordna ved Norsk Industriarbeidermuseum. Sjå oppføringarkivportalen.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
  • Oppføring på arkivportalen.
  1. Sætherskar, 1949, s. 921