Ola K. Brøste (1875–1970): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Arnfinn Kjelland flyttet siden Ola K. Brøste til Ola K. Brøste (1875-1970))
(Ingen forskjell)

Sideversjonen fra 4. jul. 2019 kl. 07:55

Marianne og Ola K. Brøste.
Foto: Ukjent

Ola K. Brøste (født 5. desember 1875 i Nedre Kleiva i Romsdalen, død 10. desember 1970Verma) var gardbrukar på fjellgarden Ner-Brøste øvst i Romsdalen. Foreldra var Ingeborg Pedersdtr. (1843-1935) frå Nest-TandeLesja og Knut Olsson Kleven (1840-1910) som var født på Ner-Brøste.

Familie

Foreldra til Knut, Sigrid Hansdtr. (1813-1893) og Ola Knutsson (1811-1887) dreiv Ner-Brøste frå 1831. I 1872 selde dei halve garden og kjøpte Nedre Kleiva, flytta dit og nytta Ner-Brøste som seter. Knut fekk skøyte på Kleiva i 1872 og kjøpte att bruksnr. 2 av Ner-Brøste i 1876. Han gifta seg i 1873 i Lesja med Ingeborg, og dei vart buande i Kleiva med Ner-Brøste som seter.

Eldstesonen Ola gifta seg i 1902 med Elianna Jonsdtr. Skjelbostad (1879–1911) frå Skjeldbostad i Innfjorden i Rauma. Dei overtok Ner-Brøste i 1904 og bygde opp den garden som er kjent frå nyare tid. Elianna døydde altså berre 32 år gamal, og Ola gifta seg opp att i 1915 med Marianne Mathiasdtr. Sletta (1882-1963), født i Steinbiten, ein liten husmannsplass under Sletta på sørsida av Verma. Ola og Elianna hadde barna:

  1. Knut (1902-1991),
  2. Ingeborg (1904-2008) og
  3. Johan Olaf (1906-1957)

Ola og Marianne hadde fem gutar:

  1. Edvin (1916-2001),
  2. Mathias (1919-2000),
  3. Alfred Kaspar (1921-1935),
  4. Olav (1924-2011) og
  5. Kåre (1926-2014).

Alfred fekk blindtarmbetenning i februar 1935 og vart sendt til Lillehammer sjukehus, men livet stod ikkje til å redde.

Gjetararbeid

Alt som 8-åring, i 1884, måtte Ola ut som gjetar. Faren, Knut, tok på seg sauar for gjeting utan betaling, men han fekk gjødsla. Første året hadde han 80 sauer frå fleire forskjellige gardar. Betaling var ikkje å få, men han fekk vere med faren til Romsdalsmartnan om hausten.[1]

Garden og gardsarbeid

Da Ola overtok Ner-Brøste, var ikkje jordvegen dyrka opp i nemnande grad. Han, og etter kvart sønene, rydda og dyrka minst 100 dekar. For det fekk han i 1929 diplom og ein sølvkopp. Buskapen var frå starten ein hest og 4-5 kyr. I 1939 var det tre hestar, 27 storfe og ein del sau. I 1938 var kornavlinga på 5000 kg godt bygg. [2]

Hausten 1928 starta Ola bygging av revefarm på garden.

Arbeid for turistforeininga

Turisthytta Vakkerstølen, som Ola bygde.
Foto: Arnfinn Kjelland (2014)

I 1925-26 tok Ola på seg å frakte Pyttbua innover Brøstdalen. Nokre år seinare bygde han sjølv, med hjelp av sønene, Vakkerstølen.

Tømmerdrift og sagbruk

Som nemnt under garden, var skogen viktig. Da Ola bygde om saga til sirkelsag i 1917 var kraftverket ved Stavem under bygging, og da måtte det rivast eit sagbruk som han kunne kjøpe delar frå. Deretter kjøpte Ola mykje tømmer også på Lesja-sida av fylkesgrensa. Særleg i 1933-34 hogde og skar dei mykje tømmer, mellom anna til den nye stugubygninga som Erika og Knut bygde på garden. For oppgjør for fallrettane i Ulvåa bygde han om saga i 1934.

Ola var aktiv på saga så lenge den var i bruk. Siste gongen det er nemnt var i 1959. Da var han 84 år.[3]

Under snøraset!!

Det var om vinteren i 1942 at Ola vart teke av snøras. Det hadde vore bitande kaldt lenge, og snøen var hard. Så kom det 5-10 cm nysnø og vind, som la opp skavlar. Den morgonen han skulle ut for å sjå etter rypesnarene var det 28 minusgrader. Ola hadde akkurat teke av seg skia for å sjå etter nokre snarer, og «før i (eg) hadde fått fast bindingan, so kom det laustnan [...] Ja, i for utover eit høgt stup då. I fekk ikkje røre på hauet so mykje som ein millimeter - skruva fast. Og like dann med føten, og det var fullt med snøv like inn i munn» fortalde han sjølv til Joachim Rønneberg da han var 90 år.[4]

Ola vart liggande 7 timar i fonna. Da hadde han blitt sakna heime og sønene Knut, Olav og Kåre drog avstad for å leite. Ola kunne høyre dei på snøen over seg der han låg i raset, klarte å rope og dei grov han fram. Da hadde han forfyst begge føttene og laut på sjukehus og amputere tærne.

Minner og forteljingar

I 1962 vart Ola intervjua av Arne Randers Heen, der han gjenfortalde historier han hadde høyrt frå bestefar sin og minner frå eigen ungdom, mellom anna rype- og reinsjakt.

Eksterne lenker

Kjelder

Referansar

  1. Frå artikkel i Romsdal Folkeblad 23.12.1968, attgjeve i slektsskriv 1985 s. 72.
  2. Intervju i Romsdalsposten 20.6.1939 og Romsdal Folkeblad 23.12.1968, gjengitt i Slektsskrift 1985 side 69-71 og 73.
  3. Fortalt av Knut, i Slektsskrift 1985 s. 52-54.
  4. Attgjeve i Slektsskrift 1985 s. 57.