Ola Skotte

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ungdomsstemne på Otta 1919
Foto: Ola Skotte

Ola Skotte (fødd 29. oktober 1893 i Lesja død 27. desember 1986) var ein lærar og forfattar av lokalhistoriske bøker og artiklar m.a. i Årbok for Gudbrandsdalen (Dølaringen Boklag) og Årsskrift for Lesja historielag. Han var aktiv i museumsarbeidet i Lesja. Skotte var gift med Anne Holsbrekken frå Lesja. Han tok eksamen ved Elverum lærarskule i 1916 og vart tilsett som lærar i Skjåk same året. Året etter flytte han attende til Lesja og vart lærar i Bøgrende til han gjekk av med pensjon i 1960.

Ola Skotte var òg ein habil amatørfotograf, og det er teke vare på bilde etter han attende til 1919.

Lokalhistorisk bibliografi:

  • Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna (1949, saman med Sigurd Einbu)
  • Lesja ysteri 25 år. 1924-1949 (u.å.)
  • Lesja og Dovre branntrygdelag. 1861-1961 (1961)
  • Lesja sparebank gjennom 100 år. 1863-1963 (u.å.)

Sjå òg:

Litteratur