Olaf Røst

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. aug. 2018 kl. 12:07 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreOlaf Kristoffersen Røst (fødd på Tynset 7. april 1843, død i Kristiania 25. april 1887) var lærar, folkeopplysningsmann og forfattar. Han var ein kjend og markant grundtvigianar, som gjorde seg gjeldande i offentleg debatt om skule, kyrkje og andre samfunnsspørsmål i samtida. Særleg påakta av forfattarskapet hans, og av spesiell verdi ut frå eit lokalhistorisk perspektiv, er boka Minder fra Hjembygden. Det er ei samling eigne livsminne, lokalhistoriske artiklar om og folkeminne frå Tynset. Nært opp til dette føyer seg eit etterlate manuskript med innsamla «bygdehistorier» frå Tynset, som fyrst vart publisert i 1981, nær 100 år etter at Røst gjekk bort.


Familie og sosial bakgrunn

Røst var fødd og oppvaksen på garden Vetlholmoen (gnr. 41.1 Nordre Holmen), ikkje langt frå jernbanestasjonen på Tynset. Faren var gardbrukar og blekkslagar Kristoffer Jonsen Røst (1800-1859). Mora var Kirsti Olsdotter Holand (1809-1891). Det var farens andre ekteskap, etter at han hadde vorte enkjemann i 1840.

Familienamnet Røst kom frå Olafs oldefar, stiger ved Folldal Verk Ole Andersson Røst.

Far til Olaf, Kristoffer, var i følgje bygdeboka oppvaksen hjå skoginspektør Nicolai Hersleb RammRamsmoen på Tynset. Dette gjer sitt til å forklare Olaf Røsts særlege interesse for familiane Ramm og Østgaard, slik det kjem til uttrykk både i Minder fra Hjembygden og i Bygdehistorier... .

Kristoffer Røst kjøpte bruket Vetlholmoen i 1837, seks år før Olaf vart fødd der. Det var eit mindre gardsbruk, som i følgje folketeljinga 1865 fødde åtte storfe, ni sauer og ein hest, og som sådde ei tønne korn.

Olaf Røst gifta seg i 1884 med Constance Emilie Lund (1857-1937) frå Høland. Det vart eit kortvarig ekteskap, da han døydde av tuberkolose tre år seinare. Kona var dotter til gardbrukar Anton Henriksen Lund (Mørktvedt) og Caroline Berthea Christiansdotter Fageraas.


Utdanning og yrkeskarriere

Olaf gjekk vanleg omgangsskule, men fekk etter konfirmasjonen vidaregåande undervisning hjå lærar, gardbrukar og seinare stortingsmann Lars Hektoen frå Tynset. I 1860 tok Røst lærarutdanning ved Asker seminar, der han gjekk ut med beste karakter i desember 1862.

Fyrste stillinga etter lærarskulen var i den nye fastskulen i Tyldalen. Sommarstid arbeidde han som huslærar hjå landhandlaren i bygda, og budde elles ein god del hjå grundtvigianaren Anders Reitan, som var lærar og kyrkjesongar i Kvikne. Røst vart sterkt påverka av Reitans synsmåtar og pedagogikk, og han skreiv seinare ein liten biografi om læremeisteren sin.

Fyrst på året 1866 flytta Røst til Christiania. Han var lærar på Normansløkkens SkoleKampen, som den gongen låg i Aker. Han slutta der i 1878, da han ikkje fann å kunne godta endra vilkår i stillinga som vart stilte i samband med at Kampen og dei andre forstadene vart innlemma i Kristiania det året. Anders Skrondal framheld i Norsk biografisk leksikon at Røst vart utsett for intriger og forbigåingar «på grunn av sine kirkelige og nasjonale synsmåter», utan at dette blir nærare utdjupa. Han hadde i alle høve viktige støttespelarar i teologane Honoratius Halling og Jørgen Moe.

Røst tok seg nå huslærarpost i Høland. Etter fire år flytta han attende til Kristiania, der han budde resten av livet.

Grundtvigianaren

Anders Skrondal, som hadde inngåande kjennskap til grundtvigianismen i Noreg, skriv dette om Røst: «R. var en typisk grundtvigiansk lærerpersonlighet og deltok med munn og penn i tidens kirkelige og nasjonale brytninger.»

Som lærarstudent las han ivrig Ole Vigs skrifter. I Kristiania vanka Røst i ein grundtvigiansk vennekrins som samlast på Møllergata skole. Han var også med i eit nasjonalt orientert, litterært og intellektuelt miljø rundt Ernst Sars, Aasmund O. Vinje, Kristofer Janson, Hans Ross, J.C. Krogh, H.E. Berner, Elias Blix og fleire.

Røst gjorde sommaren 1868 ei reise i Danmark, der han møtte Grundtvig personleg og konfererte med leiande personar blant danske folkehøgskulelærarar.

Med si grundtvigianske innstilling tillet Røst seg ein del avvik frå den gjengs pedagogikken i allmugeskulen. Mellom anna let han borna gjerne sleppe å pugge Pontoppidans forklaring, han innførte bruk av juletre i skulen, song Ivar Aasens songar og nytta flittig P.O. Boisens grundtvigianske Bibelske Sange og Karl Seips visebok i undervisninga.

Publisisten

Mykje av det Olaf Røst publiserte, var innlegg i norske og nordiske tidsskrift og blad om nasjonale, kyrkjelege og pedagogiske spørsmål. Han har også gjeve ut større arbeid, deriblant livsskildringar av Hans Nielsen Hauge, Aasmund Olavsson Vinje og Anders Reitan. Ein god del er basert på innsamla tradisjonsmateriale. Røst etterlet seg eit stort upublisert manuskript med tittelen Bygdehistorier fra Tønsæt, som ligg i Nasjonalbibliotekets handskriftsamling. I ei tillempa og språkleg omarbeidd form vart dette publisert i 1981 ved bygdebokforfattaren Bjarne Grandum, under tittelen O. Røst: Bygdehistorier fra Tønset. Et skriftstykke frå 1880-åra. Gjenfortalt 100 år etter av Bjarne Grandum.

I tillegg til å utgje ei rad bøker og artiklar, var Røst medutgjevar av bladet Den norske Folkeskole (3. rekkje, 1865-1866), og av Magne. Tidsskrift for kirkelig og folkelig opplysning (1882-1886), det siste saman med Viggo Ullmann og Hans Wexelsen.


Eit frampeik mot bygdeboksjangeren?

Både Minder... og Bygdehistorier... er utvilsamt inspirert av Nikolai Ramm Østgaards En Fjeldbygd, både kva gjeld val av tema og føremål. Det er nærliggjande å tru at Røst har meint desse arbeida om heimbygda nærmast som oppfølgjarar av «Tynnsæt-Boka», som Røst fortel at En Fjeldbygd vart omtala som lokalt. Men både Minder fra Hjembygden og Bygdehistorier fra Tønsæt er i høg grad sjølvstendige arbeid, som skil seg frå Østgaards mellom anna ved at Røst skil klårare mellom fiksjon og dokumentasjon. Båe forfattarane gjer greie for sine medvitne val av sjangrar. Ein kan godt sjå både En Fjeldbygd, og enda meir på Røsts arbeid som eit frampeik mot bygdeboklitteraturen som skulle byrje bløme for alvor nokre tiår seinare.

Røsts målsetjing, slik han uttrykkjer i føreordet til Minder... , peikar både mot bygdeboksjangeren, folkeminnevitskapen og mot mentalitets- og kulturantropologisk innretta historieskriving: «Jeg haaber, at man vil finde at Bogen indeholder ikke faa Oplysninger om Sæder, Skikke og Forholde i Tønsæt, og at den giver et lidet Indblik i Livsoppfatningen og Tankegangen hos Folket i denne Egn.» Og som undertittel på det etterlatne manuskriptet med bygdehistorier, hadde Røst sjølv sett «Bidrag til Opplysning om egnens Natur og Folkeliv».


Kjelder og litteratur

  • Olaf Røst i Historisk befolkningsregister.
  • Holmen nordre i folketelling 1865 for Tynset prestegjeld fra Digitalarkivet
  • Grandum, Bjarne: O. Røst: Bygdehistorier fra Tønset. Et skriftstykke frå 1880-åra. Gjenfortalt 100 år etter av Bjarne Grandum. Tynset 1981.
  • Norsk Forfatter-Lexicon 1814-1880. Av J.B. Halvorsen, bind 4, Kristiania 1896.
  • Skrondal, Anders: artikkel om Olaf Røst i Norsk biografisk leksikon, bd. 12, Oslo 1954.
  • Streitlien, Ivar A.: Tynset bygdebok. Gard og ætt. Bind I. Tynset 1972.