Olai Skulerud: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Olai Skulerud''', språkforsker, cand. philol i 1906, dr. philos i 1918 på avhandlinga Telemaalet i umriss der det er spesielt tinndialekten han tek for seg. Han var lærar ved...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 6: Linje 6:
Litteratur
Litteratur
Norsk Biografisk Leksikon. - Oslo, 2005
Norsk Biografisk Leksikon. - Oslo, 2005
[[Kategori:Personar]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Språk]]
[[Kategori:Språk]]

Sideversjonen fra 3. mar. 2015 kl. 16:22

Olai Skulerud, språkforsker, cand. philol i 1906, dr. philos i 1918 på avhandlinga Telemaalet i umriss der det er spesielt tinndialekten han tek for seg. Han var lærar ved høgare skuler i Oslo 1907-1926, universitetsstipendiat 1911-1918, statsstipendiat i austlandsk målføregansking 1918-1934 og 1935-1939. Han var fyrstearkivar ved Norsk Målførearkiv 1939-1943. Frå 1943 var han professor i vestlandsk målføregransking ved Bergens Museum (seinare Universitet i Bergen). I 1922 publiserte han fyrste del av hovudverket sitt om lydlæra i tinnmålet, i 1938 kom bolk 2. Til saman utgjorde det 700 sider om dialekten. Han hadde eit mål om å gje ut 3 bind til om målføre i Tinn: formlære, målprøver og ei ordliste, men det vart det dessverre ikkje noko av. Skulerud var i Tinn ved fleire høve. Sommaren 1904 sykla han rundt i Tinn og var i kontakt med bl.a. Ola Lurås og Halvor Haugann (Timmerfutgarden) i Austbygde, Kjetil Mårem i Atrå og Ola Blomhaugen på Mæl. I åra 1912-1916 hadde han lengre opphald i bygdene, og informantane vart fleire i alle sokna i heradet. Det var spesielt ein som utmerka seg: spelemannen Knut Dahle. Ved sida av å vera ein av dei beste hardingfelespelarane i landet var han òg ein dyktig forteljar. Dahle vaks opp på Dale i Vestfjorddalen – seinare flutte han til Jore i Atrå. Slik røynde han dei ulike nyansane som fanst i tinnmålet i dei 4 sokna. Skulerud sjølv seier at Dahle leverte “grunnstokken i tilfanget frå Tinn”.
Skulerud gav også ut hefte med ordliste etter Johan Storms undersøkingr i Tinn kring 1880. Siste gongen Skulerud vitja Tinn var i 1961, åtti år gamal.

Litteratur Norsk Biografisk Leksikon. - Oslo, 2005