Olav Aadde

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Olav Aadde

Olav Aadde (fødd 18. desember 1901 i Inderøy, død 3. mai 1975) var lærar ved Jørstad skole i Snåsa. Han var òg ein engasjert fråhaldsmann, som i åra 1937-39 var formann i Inntrøndelagen fylke av Det norske totalistlag. Fyrst på 1930-tallet stifta Olav Aadde eit blandakor som var knytta til fråhaldslaget i Vestbygda i Snåsa. Dette koret øvde i gangen på Jørstad skole, og heldt det gåande i fire-fem år. Aadde var dessutan varaformann i styret til Breide Samvirkelag.

Han var son av bonde Johan Aadde og Gollaug f. Gaundal. Da sonen vart fødd, budde familien på Viken i Inderøy, og i dåpsregisteret i kyrkjeboka ber han namnet Olaf Kristian. Rundt 1907 flytta Aadde-familien til Levanger og garden Lidarheim. Olav Aadde tok eksamen ved Levanger lærerskole i 1922 og byrja året etter ved Jørstad skole.

Aadde var gift med Borghild Brede. I 1934 hadde dei ein son og ei dotter.

Kjelder og litteratur