Olav Frøyrak

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Les meir om Olav Frøyrak i Kjeldearkivet

Frøyrak ”der heime”, garden til Olav Frøyrak. Fotografiet er teke frå Sikkom, odden der Skjørings grav var, og der Spelemannssteinen er – Frøyrak var på 1800-talet eit musikalsk senter i Setesdal.

Olav Frøyrak (fødd 1918 på Frøyrak i Bygland, død 2006) var gardbrukar på Frøyrak i Bygland kommune.

Olav vart fødd på Frøyrak i 1918. Som einaste sonen på bruket ”der heime” var på mange måtar lagnaden fastsett: Han skulle bli på Frøyrak og drive garden. Der kom ikkje mange ungjenter til ein veglaus gard på vestsida av fjorden, og som mange andre har opplevd: Ein finn seg sjeldan gifte i skyttarlag og på skogeigarlagsmøte. Så Olav vart aldri gift. Men han var ein staseleg gamalungkar: Høgvaksen, kraftig og med ei kroppshaldning som ein ungdom heilt til det siste – og han var 88 år då han døydde i 2006.

Denne artikkelen trenger kjelder.