Olav Joleik: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 10: Linje 10:
Olav Joleik gifta seg i 1936 med Laura Bjørnset (1904-1998) Dei fekk to born, fødde i 1936 og 1939. Familien slo seg ned på det veglause småbruket Uføreneset, i nærleiken av barndomsheimen hennar, ytst i Norddalsfjorden ved Florø. Der budde dei til ut i 1950-åra, da dei bygde seg nytt hus litt lettare tilgjengeleg ved Florøvegen.

== Yrkesliv ==
Olav Joleik gjekk folkeskulen i Sunnarvik krins i heimbygda. I sekstenårsalderen gjekk han eit vinterkurs på [[Hordaland fagskule]] i [[Os i Hordaland|Os]], som var ein yrkesskule for metallarbeid og elektronikk.

Etter dette hjelpte han som før besteforeldra på garden, og tok seg elles arbeid med jorddyrking og tømmerhogging. Han var ivrig til å vere med i fiske. Det var både vinter- og vårsildfiske og brislingfiske om sommaren.
Frå 1937, året etter at han gifta seg og stifta familie, var Olav Joleik sjømann i utanriksfart.
== Krigsseglar ==
Han var ute da andre verdskrigen braut ut, og segla i den norske handelsflåten for [[Nortraship]] gjennom alle krigsåra. Han var med ved invasjonen i Frankrike.
Han vart tildelt [[Krigsmedaljen]] og [[Haakon VII’s frihetsmedalje]] for innsatsen.<ref>[https://www.krigsseilerregisteret.no/no/sjofolk/681830/utmerkelser Krigsseilerregisteret ]</ref>

Sideversjonen fra 15. sep. 2020 kl. 19:47

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Olav Joleik var fødd i Lusambo, Kongo, 22. februar 1907, og døydde i Flora (nåverande Kinn kommune) i Sunnfjord 23. september 1999. Av yrke var han jord- og skogsarbeidar, fiskar og småbrukar, sjømann og krigsseglar. Han budde mykje av livet i Eikefjord i Kinn, der han også hadde vakse opp. Olav hadde norsk far og afrikansk mor, noko som gav han ein utsjånad som skilde han ut frå det folk var vane med i ei lita Sunnfjords-bygd på det meste av 1900-talet.

Bakgrunn og familie

Faren, Albert Joleik (1880-1968), var journalist, offiser, bygdebokforfattar og gardbrukar. I åra 1903-1905 var han i teneste i Fristaten Kongo som offiser i kolonihæren til Kong Leopold av Belgia. Mor til Olav, Wanga Djesa, er det lite og inkje av sikre opplysningar om i gjennomgådde kjelder. Namnet hennar blir her skrive som i kyrkjeboka til Oslo domkyrkje, der Olav vart døypt den 27. mars 1908.[1] Det namnet blir også brukt i Krigsseilerregisteret.[2] Andre stader blir ho omtala som f.eks. Wanda Nesja.[3]

Da faren vende attende til Noreg fyrst på året 2008, hadde han Olav med seg. Meininga var visstnok at også mora skulle ha vore med, men ho ombestemte seg i siste liten.[4] I Noreg vart Olav plassert på ein barneheim ei stund, men han kom snart (1909) til besteforeldra sine, Susanne og Abraham Andersen, på garden Vassethole i Eikefjord. Der vart Olav oppfostra. Far hans gifta seg i 1912 og fekk 11 born i ekteskapet. Den familien budde i Bergen, seinare i Naustdal i Sunnfjord, ikkje så langt frå Eikefjord. For Olav var besteforeldra «mor og far», faren og stemora «papa og mama».

Ekteskap og eigen heim

Olav Joleik gifta seg i 1936 med Laura Bjørnset (1904-1998) Dei fekk to born, fødde i 1936 og 1939. Familien slo seg ned på det veglause småbruket Uføreneset, i nærleiken av barndomsheimen hennar, ytst i Norddalsfjorden ved Florø. Der budde dei til ut i 1950-åra, da dei bygde seg nytt hus litt lettare tilgjengeleg ved Florøvegen.

Yrkesliv

Olav Joleik gjekk folkeskulen i Sunnarvik krins i heimbygda. I sekstenårsalderen gjekk han eit vinterkurs på Hordaland fagskule i Os, som var ein yrkesskule for metallarbeid og elektronikk.

Etter dette hjelpte han som før besteforeldra på garden, og tok seg elles arbeid med jorddyrking og tømmerhogging. Han var ivrig til å vere med i fiske. Det var både vinter- og vårsildfiske og brislingfiske om sommaren.

Frå 1937, året etter at han gifta seg og stifta familie, var Olav Joleik sjømann i utanriksfart.

Krigsseglar

Han var ute da andre verdskrigen braut ut, og segla i den norske handelsflåten for Nortraship gjennom alle krigsåra. Han var med ved invasjonen i Frankrike. Han vart tildelt Krigsmedaljen og Haakon VII’s frihetsmedalje for innsatsen.[5]

Referansar

  1. !
  2. !
  3. NBL o.fl. stader.
  4. !
  5. Krigsseilerregisteret

Kjelder og litteratur