Olav Joleik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav Joleik var fødd i Lusambo, Kongo, 22. februar 1907, og døydde i Flora (nåverande Kinn kommune) i Sunnfjord 23. september 1999. Av yrke var han jord- og skogsarbeidar, fiskar og småbrukar, sjømann og krigsseglar. Gjennom det meste av livet sitt budde han i Eikefjord i Kinn, der han også hadde vakse opp. Olav hadde norsk far og afrikansk mor, noko som gav han ein utsjånad som skilde han ut frå det som folk var vane med i ei lita Sunnfjords-bygd på det meste av 1900-talet.

Bakgrunn og familie

Faren, Albert Joleik (1880-1968), var journalist, offiser, bygdebokforfattar og gardbrukar. I åra 1903-1905 var han i teneste i Fristaten Kongo som offiser i kolonihæren til Kong Leopold II av Belgia. Mor til Olav, Wanga Djesa, er det lite og inkje av sikre opplysningar om i gjennomgådde kjelder. Namnet hennar blir her skrive som i kyrkjeboka til Oslo domkyrkje, der Olav vart døypt den 27. mars 1908.[1] Det namnet blir også brukt i Krigsseilerregisteret. Andre stader blir ho omtala som f.eks. Wanda Nesja.[2]

Da faren vende attende til Noreg fyrst på året 2008, hadde han Olav med seg. Guten vart plassert på ein barneheim ei stund, men han kom snart (1909) til besteforeldra sine, Susanne og Abraham Andersen, på garden Vassethola i Eikefjord. Der vart Olav oppfostra. Far hans gifta seg i 1912 og fekk 11 born i ekteskapet. Den familien budde i Bergen, seinare i Naustdal i Sunnfjord, ikkje så langt frå Eikefjord. For Olav var besteforeldra «mor og far», faren og stemora «papa og mama».

Olav Joleik gifta seg i 1936 med Laura Bjørnset (1904-1998). Dei fekk to born, fødde i 1936 og 1939. Familien slo seg ned på det veglause småbruket Uføreneset, i nærleiken av barndomsheimen hennar, ytst i Norddalsfjorden ved Florø. Der budde dei til ut i 1950-åra, da dei bygde seg nytt hus litt lettare tilgjengeleg ved Florøvegen.

Yrkesliv

Olav Joleik gjekk folkeskulen i Sunnarvik krins i heimbygda. I sekstenårsalderen gjekk han eit vinterkurs på Hordaland fagskule i Os, som var ein yrkesskule for metallarbeid og elektronikk.

Etter dette hjelpte han som før besteforeldra på garden, og tok seg elles arbeid med jorddyrking og tømmerhogging. Han var ivrig til å vere med i fiske. Det var både vinter- og vårsildfiske og brislingfiske om sommaren.

Frå 1937, året etter at han gifta seg og stifta familie, var Olav Joleik sjømann i utanriksfart. Han var ute da andre verdskrigen braut ut, og segla i den norske handelsflåten for Nortraship gjennom alle krigsåra. Han var med ved invasjonen i Frankrike. Han vart tildelt Krigsmedaljen og Haakon VII’s frihetsmedalje for innsatsen.[3]

Seinare år

Etter krigen dreiv Olav og familien småbruket, og Olav tok på seg anna ymse arbeid, slik han hadde drive det tidlegare. Kring 1960 fekk han sukkersjuke. Til slutt vart han rullestolbunden, etter å ha amputert båe beina. Han budde dei siste 21 åra av sitt lange liv på Flora sjukeheim.

«Afrikanar» i Eikefjord

Gjennomgådde kjelder viser ikkje anna enn at Olav Joleik var fullt og heilt integrert i lokalmiljøet i oppveksten og som vaksen. Men folk som kjende Olav Joleik godt, refererer til ei oppleving i møte med storsamfunnet som dei tolkar som aktiv diskriminering. Olav hadde planar om å ta befalsutdanning, men skal ha blitt avvist fordi han ikkje var «reinrasa» norsk.[4] Det let seg neppe heilt oppklare kva realitetar som måtte ligg bak dette.


Referansar

  1. Kyrkjebok for Oslo domkyrkje.
  2. Hjå Lilleholt, K. (NBL) o.fl. stader.
  3. Olav Joleik i Krigsseilerregisteret
  4. Stegane, I. 2002 s. 275. Det blir referert til ein som var i det militære saman med Joleik, og historia blir stadfesta av Ottar Joleik, halvbroren til Olav, i eit radiointervju i NRK 12.4.1998.

Kjelder og litteratur