Olav Kringen

Olav Kringen (fødd i Sel 27. juli 1867, død i Oslo 6. oktober 1951) var lærar, journalist, politikar og forfattar. Han var redaktør for ei lang rad sosialistiske blad i USA og Noreg, og korrespondent for kjende aviser i fleire andre land. Han var husmannsguten som vart den norske arbeidarrørsla si fremste røyst i internasjonal samanheng rundt førre hundreårsskiftet. Mellom anna var han norsk representant ved Den 2. internasjonale. Han omsette Det kommunistiske manifestet og «Internasjonalen» til norsk, og skreiv fleire bøker om sosialismen og arbeidarrørsla. Politisk høyrde han til den reformistiske fløya av denne rørsla. Han skreiv også dikt og romanar

Olav Kringen.
Foto: Ukjent/Wikipedia.

Bakgrunn og familie

Han var fødd og oppvaksen på husmannsplasen Larsstugu (Kringeneie) under Nørdre Kringen i Sel, like sør for stasjonsbyen Otta. Foreldra var Ole Olsen frå plassen Torestugu (1840-1917) og Anne Johannesdotter frå Larsstugu (1846-1930). Faren skreiv seg på eit seinare tidspunkt for Ole Moen, og han og Anne blir båe også omtala som Kringeneie eller Kringen. Foreldra var ikkje gifte da Olav vart fødd, men inngjekk ekteskap tre år seinare, 7. november 1870.[1] Olav hadde ei mykje yngre syster, Sina (fødd 1884).

Olav Kringen gifta seg i Minnesota den 5. mai 1896 med Inger Maria fødd Randseth (5. juni 1864-15. mai 1944), opphavleg frå Snåsa, dotter av Ole Nilsen Randseth og Kristianna Jonsdotter fødd Langhus. Ho var jordmor. Ekteskapet mellom Olav og Inger Kringen vart oppløyst (etter 1910), og Olav gifta seg på nytt med Kristiane Larsen (f. 22. mars 1882, død 3. juni 1954), dotter av Andreas Larsen og Kristine Larsen.

Til Amerika

Vi kjenner ikkje til at Kringen fekk nokon skulegang i Noreg ut over folkeskulen. Men han hadde to lærarar der som forstod kva evner guten hadde, og som let han lese så mykje han ville i boksamlingane sine. Han arbeidde som gardsarbeidar, tømmerhoggar og fløytar fram til han emigrerte til USA som tjueåring i 1887.

Også foreldra og syster til Olav emigrerte. Foreldra skaffa seg ein farm i det nordlege Minnesota, ein stad Olav Kringen omtalar som «den vidunderlige farm mine foreldre hadde i Park-regionen ved Mississippis og Red Rivers kilder». Av eit bevart brev frå faren til Olav, datert Erhard, Minnesota 9. oktober 1910,[2] framgår det at sonen har bede foreldra om å kome heim og bu på Flekken, dvs. den feriestaden som Kringen hadde skaffa seg nær barndomsheimen ved Otta. Faren takkar for tilbodet, men det vart visst aldri noko av. Det framgår også av brevet at syster Sina er i Amerika på det tidspunktet. Ti år tidlegare budde Sina hjå Olav og Inger i St. Olavsgate i Kristiania.[3]

Arbeidsmann, lærar og journalist i USA 1887-1897

I Amerika tok Kringen seg gardsarbeid og ymse anna i sommarhalvåret, medan han sytte for å få seg skulegang om vintrane. Han gjekk mellom anna på det lutherske Augsburg College i Minneapolis. Han tok lærareksamen og arbeidde som lærar i grunnskulen i Minnesota og Dakota 1892-1895. Så gjekk han over til journalistikken, og var mellom anna redaktør for fråhaldsavisa Nye nordmanden i Minneapolis saman med ein annan norsk-amerikanar, Hans A. Foss (frå våren 1895). På denne tida byrja Kringen å interessere seg for sosialismen, og han fortel sjølv at fråhaldsavisa under hans redaksjon litt etter litt vart eit reint sosialistisk blad.[4]

I Minneapolis delte Kringen hybel med H.A. Foss og med ein annan kjend norsk-amerikansk pressemann, Kristian Prestgard. Prestgard og Kringen hadde felles husvære til Kringen gifta seg våren 1896. Også kunstmålaren Olav Stokstad tilhøyrde ei tid det same bufellesskapet.

Journalist og politikar i Noreg

Snart etter heimkomsten frå Amerika i 1897 vart Kringen tilsett som sekretær i redaksjonen for Social-Demokraten (Det seinare Arbeiderbladet/Dagsavisen) i Kristiania. Det skjedde etter landsmøtebeslutning i partiet, men etter oppmoding frå daverande redaktør Oscar Nissen. Etter fleire redaktørskifte vart Kringen vald som redaktør for bladet i 1903. Året etter vart han attvald i skarp konkurranse med Alfred Eriksen, og Kringen vart sitjande i redaktørstolen til 1906, da han gjekk av som følgje av striden rundt unionsoppløysinga. Kringen ville i samsvar med haldningane til dei svenske sosialdemokratane godta ein del svenske krav til unionsoppløysinga, medan, som det heiter i ein seinare omtale av dette i Romerikes blad: «en stor del av vårt parti ble grepet av en flammende chauvinisme», og Kringen kom på kant med «det nasjonalistiske partiflertall». Han reiste da til Tyskland og gav derifrå særleg innsiktsfulle innblikk i fløydanningane innan den tyske arbeidarrørsla. Han var da i oppdrag for Aftenposten, men arbeidde igjen for Social-Demokraten etter heimkomsten.

Frå starten i 1900 og fire år frametter redigerte Kringen partiets fyrste tidsskrift Det tyvende århundre.

I 1909 flytta Kringen til Hamar, der han starta avisa Demokraten, og han budde der nokre år. Men etter dette avbrotet heldt Kringen fram i Social-Demokraten i Kristiania som journalist, særleg med utanriksstoff og litteraturomtaler, fram til 1920.

Kringen var også ei tid redaktør for Smålenenes Socialdemokrat, og han stifta og redigerte ein periode Trøndelag Socialdemokrat. Seinare skreiv han mest på frilansbasis i ei rekkje fagforeiningsblad og sosialdemokratiske aviser som Romerikes Blad og fleire.

Ved sida av journalistikken var Kringen ein ivrig og dugande organisator. Han medverka til skiping av ei rekkje partilag og fagforeiningar. Mellom anna var han med ved stiftinga av Kristiania sosialdemokratiske ungdomslag i 1899, og var med blant initiativtakarane til ungdomsforbundet (det seinare AUL/AUF).

Han gjorde seg også gjeldande som utøvande politikar. I perioden 1904-1907 sat han i Kristiania bystyre. Under det viktige partilandsmøtet i 1911, var han i følgje det nemnde stykket i Romerikes blad (1937) den som formulerte innleiingane til dei fleste punkta i partiprogrammet som vart vedtekne. Som partimann var Kringen overtydd reformist med klår fråstand til dei revolusjonære fløyane i partiet, både «tranmælittane» og dei som danna NKP i 1923. Ved den fyrste partisplittinga i 1921 følgde Kringen med inn i Norges sosialdemokratiske Arbeiderparti.

Internasjonalisten

 
Olav Kringen er gravlagt på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012)

Det er fleire gode grunnar til å kalle Kringen ein internasjonalist. Han hadde eit stort nettverk av betydningsfulle sosialistar i mange land som han til dels hadde nær kontakt med. Han skreiv om den norske og nordiske arbeidarrørsla i kjende utanlandske sosialistaviser og -blad som Sozialistische Monatheft i Tyskland, Avanti i Italia, Labour Leader og London Times i Storbritannia og Iskra i Russland. Og det galdt ikkje berre sosialistaviser. I mange år var han fast Europa-korrespondent for Decorahposten, den norskspråklege avisa i Midtvesten som var redigert av hans gamle ven, hybelkamerat og nesten sambygding i Gudbrandsdalen, Kristian Prestgard.

Fleire viktige internasjonale kontaktar fekk Kringen allereie i Amerika. Spesielt må nemnast at han vart personleg kjent med den britiske (skotske) Labour-pioneren Keir Hardie, som var på agitasjonsreise i USA. Deretter vart Kringen fast bidragsytar i Labour Leader.

Kringen var utsending til Den 2. internasjonales kongress i Paris 1900, der det vart vedteke å opprette ein permanent administrasjon for organisasjonen med sete i Brüssel. Kringen var arbeidarpartiets representant i Internasjonalens råd til 1906. Da Den 2. internasjonale (Den Sosialistiske Arbeider-Internasjonale)vart reetablert i Hamburg i mai 1923, var Kringen ein av dei fire delegatane frå Noreg på stiftingskongressen.[5]

Kringen var uvanleg språkmektig og vart mykje nytta som tolk på internasjonale kongressar.

Olav Kringen er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo. Gravminnet er pryda med eit relieff av han.

Bibliografi (ikkje fullstendig)

Olav Kringen var svært produktiv som skribent også utanom journalistarbeidet. Han skreiv ei lang rekkje pamflettar. Han gav ut to romanar og ei diktsamling. Av bokutgjevingar kan nemnast desse:

  • Fagorganisationen. 1904.
  • Die Kirche und der Sozialismus, også publisert på svensk og med eit kapittel utkome på norsk - Kirken set fra et socialistisk synspunkt. 1904.
  • De første socialdemokrater i Norge. 1910.
  • Grundtrekk av socialismens teori. 1911.
  • Thomas More. 1920.
  • Den sociale revolution. Et kort rids av socialismen som virkende kraft i samfundet. 1923.
  • Socialismens veie og maal. Fremstillet i motsetning til diktaturet. 1923.

Referansar

  1. Kyrkjebok for Vågå
  2. I Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, Oslo, avskrift på e-post frå Per Erling Bakke, Otta, til Hans P. Hosar mars 2017.
  3. Olav Kringen i folketelling 1900 for Kristiania fra Digitalarkivet
  4. Intervju i Social-Demokraten 4.10.1917.
  5. Maurseth, P. 19xx:31.

Kjelder og litteratur

  • Arbeidernes leksikon. Bd. 4. Arbeidermagasinets forlag. Oslo 1934.
  • Engen, Arnfinn: Artikkel om Olav Kringen i Norsk biografisk leksikon.
  • Hosar, Kristian: «Redaktøren fra Sel som oversatte "Internasjonalen"» i Århundrets døler. En bok om lillehamringer og døler som preget det 20. århundret. Gudbrandsdølen Dagningen 1999.
  • Maurseth, Per: Gjennom kriser til makt (1920-1935). Arbeiderbevegelsens historie i Norge 3. Tiden Norsk forlag 19xx
  • Prestgard, Kristian: Fra Heidal til Decorah. Veien jeg gikk. Ved G. Harildstad. Snøhetta forlag 1996.
  • Romerikes Blad 20.7.1937: 70-årsomtale av Olav Kringen.
  • Romerikes Blad 9.10.1951: Nekrolog over Olav Kringen.
  • Smaalenenes Social-Demokrat 24.7.1937: 70-årsomtale av Olav Kringen.
  • Social-Demokraten 4.10.1917: Intervju med Olav Kringen.
  • Olav Krigen i Historisk befolkningsregister