Forskjell mellom versjoner av «Olav Madshus»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Kjelder og litteratur)
Linje 11: Linje 11:
 
== Kjelder og litteratur ==
 
== Kjelder og litteratur ==
  
*Skakespeare, William: ''Macbeth'' (omsetjar: Olav Madshus), Kristiania 1901. {{Bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2006111601014}}
+
*Shakespeare, William: ''Macbeth'' (omsetjar: Olav Madshus), Kristiania 1901. {{Bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2006111601014}}
 
*Skirbekk, Håvard: Artikkel i ''Norsk Allkunnebok'' band VIII (1958).
 
*Skirbekk, Håvard: Artikkel i ''Norsk Allkunnebok'' band VIII (1958).
 
*{{Digitalarkivet|pd00000003963088|Olaf Madshus|Ministerialbok for Østre Toten prestegjeld, Hoff sokn 1878-1896 (dåpsbarn)}}
 
*{{Digitalarkivet|pd00000003963088|Olaf Madshus|Ministerialbok for Østre Toten prestegjeld, Hoff sokn 1878-1896 (dåpsbarn)}}

Revisjonen fra 27. feb. 2017 kl. 11:34

Olav Madshus (fødd 23. september 1869 på Østre Toten, død 1929) var lærar i Grue (frå 1890) og omsetjar.

Han vaks opp i lærarbustaden ved Nordli skole i Østre Toten, der faren Lars Madshus var tilsett. Både Lars og kona Lise var opphaveleg frå Vardal (faren var frå garden Madshus). Dei fekk fire born, og Olav var eldstemann i syskenflokken. Lars Madshus døydde alt i 1880, då sonen Olav var 11 år gammal.

Olav Madshus tok opp arven etter faren, og utdanna seg til lærar. Han var lenge tilsett på folkeskulen i Namnå i Grue. Olav Madshus var mykje med i den frilyndte ungdomsrørsla i Glåmdalsbygdene, som føredragshaldar og tillitsvald i fylkeslaget Varden.

Han var den fyrste som omsette Shakespeare til nynorsk, nemleg Macbeth i 1901. I føreordet skriv han sjølv at dette var «den fyrste freistnaden til ei norsk Skakespeare-umskrift», og takka mellom anna Ivar Mortenson, S. Schjøtt og Arne Garborg for god hjelp. Kaupmannen i Venetia vart òg omsett av Madshus (1905).

Olav Madshus var gift med Marie, fødd 1862 i Grue, og dei fekk borna Aasmund (f. 1900) og Lars (f. 1903).

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!