Olav Madshus

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. feb. 2017 kl. 13:36 av Cnyborg (samtale | bidrag) (hbr)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Macbeth i «norsk umskrift ved Olav Madshus».
Foto: Bokhylla

Olav Madshus (fødd 23. september 1869 på Østre Toten, død 1929) var lærar i Grue (frå 1890) og omsetjar.

Han vaks opp i lærarbustaden ved Nordli skole i Østre Toten, der faren Lars Madshus var tilsett. Både Lars og kona Lise var opphaveleg frå Vardal (faren var frå garden Madshus). Dei fekk fire born, og Olav var eldstemann i syskenflokken. Lars Madshus døydde alt i 1880, då sonen Olav var 11 år gammal.

Olav Madshus tok opp arven etter faren, og utdanna seg til lærar. Han var lenge tilsett på folkeskulen på Namnå i Grue. Olav Madshus var mykje med i den frilyndte ungdomsrørsla i Glåmdalsbygdene, som føredragshaldar og tillitsvald i fylkeslaget Varden. Han leia dessutan Kirkenær blandede kor, som 4. juni 1922 song under avdukinga av minnesteinen for brannen i Grue kirke hundre år før.

Han var den fyrste som omsette Shakespeare til landsmål, nemleg Macbeth i 1901. I føreordet skriv han sjølv at dette var «den fyrste freistnaden til ei norsk Skakespeare-umskrift», og takka mellom anna Ivar Mortenson, S. Schjøtt og Arne Garborg for god hjelp. Kaupmannen i Venetia vart òg omsett av Madshus (1905).

Olav Madshus var gift med Marie, fødd 1862 i Grue, og dei fekk borna Aasmund (f. 1900) og Lars (f. 1903).

Kjelder og litteratur