Olav Riste

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. okt. 2009 kl. 20:17 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Olav Riste''' f. 6. september 1884, d. 6. desember 1967 var skulemann, bladmann og lokalhistorikar i Volda. Han gjekk ut av mellomskulen i Volda i 1902 og vart student ved [[Hamb...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav Riste f. 6. september 1884, d. 6. desember 1967 var skulemann, bladmann og lokalhistorikar i Volda. Han gjekk ut av mellomskulen i Volda i 1902 og vart student ved Hambros skole i Bergen i 1905. I 1910 vart han medeigar av det private Volda millomskule og gymnasium saman med Fredrik Lampe. I 1912 tok han embetseksamen.

Riste var frå 1917 skriftstyrar for Aarsskrift for Volda sogelag der han skreiv omfattande artiklar om lokalhistoria til heimbygda. Han skreiv òg lokalhistoriske og andre stykke i Syn og Segn, Tidsskrift for Sunnmøre historiske lag, Bergens Historiske Forenings Skrifter og andre stader. Han skreiv òg kapitlet om Rotset i Voldasoga bd. 2 (1971).

Kjelder

  • Nerbøvik, Jostein 1984a: Føreord. I Voldaminne Årsskrift for Volda sogelag 1917-1947 s. 3-4.
  • Nerbøvik, Jostein 1984b: Olav Riste - ein bibliografi. I Voldaminne Årsskrift for Volda sogelag 1917-1947 s. 260-263.