Olav Sande

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Olav Sande kring 1880

Olav Sande (fødd 26. juni 1850 i Kyrkjebø, død 23. august 1927 i Bergen) var lærar, folkeminnsesamlar, tonediktar og målmann.

Oppvekst og utdanning

Sande var son av gardbrukar Øystein Hansson og Gjertrud Endredotter og voks opp i Kyrkjebø i Sogn og Fjordane. Etter konfirmasjonen gjekk han fyrst i lære hjå Edvard Liljedahl før han gjekk Voss høiere almueskole frå 1868. Deretter gjekk han Stord seminar og tok lærareksamen i 1871. Han byrja same året som lærar i heimbygda og fekk i 1872 ein lærarpost på Leikanger der han vart buande resten av livet.

Folkeminnesamlar

Sande byrja tidleg å samle inn folkeminne, og i 1887 gav han ut Fraa Sogn. Segner og annat. I 1892 kom det andre bandet med tittelen Segner fraa Sogn II. I 1899 fekk han statsstipend og utvida då innsamlingsarbeidet til heile Vestlandet. Han arbeida tett med Catharinus Elling (1858-1942).

Han samla òg folketonar, og han skreiv ein del tonar sjølv. Noko av dette vart utgjeve i Norske tonar fyr heim og skule (fem hefte 1905-09).

Politisk engasjement

Sande var politisk aktiv og var vararepresentant til Stortinget 1883-85 for Venstre. Han arbeidde for fråhaldssaka og skipa folkevæpningslag, venstrelag og ungdomslag

Han sat i skulestyret i 26 år og ei tid i heradsstyret.

Målmann

Sande vart tidleg engasjert i målsaka og var med i Målvinarlaget ved Stord seminar. I Sogn og Fjordane vart han ein av pionérane for målsaka. Han tok opp spørsmålet alt i 1872 på eit lærarmøte i Sogndal. I 1880 heldt han føredrag om målsaka på eit prostilærarmøte på Skjolden i Luster, eit møte som ofte vert framheva som eit vendepunkt for målreisinga i Sogn.

I 1882 var han lærar i landsmål på eit sommarkurs for lærarar som Sogndal folkehøgskule skipa til. Sande var nært knytt til miljøet kring folkehøgskulen der målsaka stod sterkt. Han har òg vorte nemnd som den som forma det fyrste utkastet til Vadheimresolusjonen, som Henrik Mohn Dahl fremja sommaren 1884. Vadheimresolusjonen vart vedteke på eit amtslærarmøte i Vadheim i september 1884 og var særs viktig i kampanjen som førte fram til jamstellingsvedtaket mellom nynorsk og bokmål i Stortinget i mai 1885.

Diktar og omsetjar

Sande gav i 1895 ut Bibelsoga aat folkeskulen, den fyrste bibelsoga på nynorsk. Han har skrive ei mengd dikt, og han skreiv mykje for blad og aviser. Han gav ut ei samling forteljingar, Innestengt, i 1889.

På Kristi himmelfartsdar 1927 ble han utnevnt til første æresmedlem av Sogns songarlag, etter først å ha blitt den ære til del å få avsunget flere av hans tekster - og melodier, blant andre «Me standa her som på eit storkna hav».

Bibliografi

  • Frå Sogn. Segner og annat I, Bergen 1887
  • Innestengt. Forteljing, Bergen 1889
  • Segner frå Sogn II, Bergen 1892
  • Bibelsoga for folkeskulen, Kristiania 1895
  • Norske tonar fyr heim og skule I, Syrstrand/Volden 1904
  • Gamla Visur, Bergen 1906
  • Norske tonar fyr heim og skule II, Syrstrand/Volden 1907
  • Norske tonar av - - Tridje bandet, Syrstrand/Volden 1909
  • Hjaa Tomas Eiriksson Svalheim : ein av deim, som låg ute, 1910
  • Norske tonar av - - Fjorde bandet, Syrstrand/Volden 1911
  • Norske folketonar : uppskrivne og utgivne med rikshjelp, 1919
  • Til sygnalaget i Bjørgvin 3dje december 1921
  • Helsing til Bjørnstjerne Bjørnson, U. Å.
  • Firda ungdomslag i 25 år : (1896-1921). Sandane 1922


Kjelder og litteratur