Olav Thon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Thon legg fram planane for handlestaden Strøget mellom Torggata 11 og Storgata 13 i Oslo.

Olav Thon (fødd 29. juni 1923 i Ål i Hallingdal) er ein forretningsmann som i lang tid har vore ein av landets rikaste personar. Han åtte Olav Thon Gruppen, ei gruppe selskap som mellom anna består av eigedom, hotell og kjøpesenter. I 2013 overførte Thon mesteparten av formuen sin til Olav Thon Stiftelsen. Han er òg ein ihuga friluftsmann og æresmedlem i Den Norske Turistforening.

Familie

Foreldra hans var Sevat Thon (1880–1973) og Margit Dokk (1888–1980). I 1950 gifta han seg med Inger-Johanne Gjærum (1919–2018), og dei busette seg på Sollihøgda i Hole. Olav Thon kjøpte også morsgarden Dokk i Ål. Som enkjemann gifta han seg opp att med Sissel Berdal Haga (f. 1940).

Olav Thon er bornlaus.

Liv og verksemd

Hotel Bristol i Oslo (opprinneleg frå 1920) vart kjøpt av Olav Thon i 1974, som det fyrste av hotella hans. Her eit bilete frå 2011.
Foto: Stig Rune Pedersen

Han voks opp på fjellgarden Søndre Ton ved Vatsfjorden i Ål, som den yngste av fire sysken. Av utdanning har Thon folkehøgskule og handelsskulekurs, og han lærte seg engelsk på eiga hand.

Alt som 16-åring drog han til Oslo for å selge skinn, og to år seinare opna han sin fyrste pelsbutikk: Volvat PelsMajorstua.

I 1950 byrja han å investere i næringseigedom i Oslo-området. I 2020 åtte Olav Thon Gruppen om lag 500 næringseigedomar, og av desse var det 91 kjøpesenter. Utanfor Noreg har Thon eigedom fleire stader i Sverige (mellom anna i Charlottenberg), i Rotterdam og Brussel.

Hotelldrift har vore ein viktig del av forretningsverksemda til Thon. Det byrja med at han i 1974 kjøpte Hotel Bristol i Oslo. Hotellkjeden Rainbow Hotels (frå 2005: Thon Hotels) vart etablert i 1989. På 2000-talet kjøpte kjeden opp mange hotell i Noreg og fleire stader i Europa og vart eit av dei største hotellkonserna i landet.

29. juni 2023 fylte Olav Thon 100 år.

Kjelder og litteratur

Vidare lesing


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.