Forskjell mellom versjoner av «Ole Amundsson Kabbeseter»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: Ole Amundsson Kabbeseter (1778-1816) var fødd på Flatmark i Grytten prestegjeld i 1778. Av folketeljinga i 1801 kan ein sjå at Ole Amundsson på dette tidspunktet budde på garden...)
 
Linje 12: Linje 12:
 
{{DEFAULTSORT: Kabbeseter, Ole Amundsson}}
 
{{DEFAULTSORT: Kabbeseter, Ole Amundsson}}
 
[[Kategori: Personer]]
 
[[Kategori: Personer]]
[[Kategori: Valgmenn frå Møre og Romsdal våren 1814]]
+
[[Kategori: Valgmenn]]
 
[[Kategori: Rauma kommune]]
 
[[Kategori: Rauma kommune]]
 
[[Kategori: Fødsler i 1778]]
 
[[Kategori: Fødsler i 1778]]
 
[[Kategori: Dødsfall i 1816]]
 
[[Kategori: Dødsfall i 1816]]

Revisjonen fra 2. jan. 2015 kl. 15:39

Ole Amundsson Kabbeseter (1778-1816) var fødd på Flatmark i Grytten prestegjeld i 1778. Av folketeljinga i 1801 kan ein sjå at Ole Amundsson på dette tidspunktet budde på garden Ormheim, i same prestegjeld, saman med foreldra og ein bror. Her var han framleis då han i 1804 gifte seg med Kari Iversdtr. Hoset frå Lesja.

I 1804 kjøpte han også garden Mjelva, der han m.a. oppførte ei stovebygning i stein. I 1809 fekk han premie av Det kgl. danske Landhusholdningsselskap for steinhusbygging, jorddyrking mm. Ole Amundsson starta i 1812 (eller noko før) eit teglverk på Grøttøra ved utlaupet av Rauma. Her vart det produsert både takstein og murstein. I 1812 selde han Mjelva og kjøpte seg eit stort område i Ulvådalen. Her rydde han seg ein ny gard, Kabbesetra, og etter dette fekk han tilnamnet "Kabbin". På Kabbesetra dreiv han sagbruk. Eit ras vinteren 1816 tok både husa og folket på Kabbeseter. 10 av 13 menneske omkom, og mellom dei omkomne var Ole Amundsson sjølv og kona Kari.

Ole Amundsson var valmann for Grytten prestegjeld våren 1814.

Kjelder:

  • Arkivverket. Digitalarkivet. Folketeljinga 1801. Grytten prestegjeld.
  • Knut Foss: "Kabbin", Romsdal sogelags årsskrift 1925, s. 26-29.
  • Bjørn Austigard: "Teglverka på Nes og Høljenes. 160 år med industrihistorie ved Rauma", Årbok for Romsdalsmuseet 1995, s. 35-74.