Forskjell mellom versjoner av «Ole Amundsson Kabbeseter»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(kat)
Linje 6: Linje 6:
  
 
==Kjelder:==
 
==Kjelder:==
* Arkivverket. Digitalarkivet. Folketeljinga 1801. Grytten prestegjeld.
+
* {{folketelling|pf01058421000734|Ole Amundsen|1801|Grytten prestegjeld|nn}}
 
* Knut Foss: "Kabbin", Romsdal sogelags årsskrift 1925, s. 26-29.  
 
* Knut Foss: "Kabbin", Romsdal sogelags årsskrift 1925, s. 26-29.  
 
* Bjørn Austigard: "Teglverka på Nes og Høljenes. 160 år med industrihistorie ved Rauma", Årbok for Romsdalsmuseet 1995, s. 35-74.  
 
* Bjørn Austigard: "Teglverka på Nes og Høljenes. 160 år med industrihistorie ved Rauma", Årbok for Romsdalsmuseet 1995, s. 35-74.  

Revisjonen fra 20. mai 2015 kl. 10:30

Ole Amundsson Kabbeseter (1778-1816) var fødd på Flatmark i Grytten prestegjeld i 1778. Av folketeljinga i 1801 kan ein sjå at Ole Amundsson på dette tidspunktet budde på garden Ormheim, i same prestegjeld, saman med foreldra og ein bror. Her var han framleis då han i 1804 gifte seg med Kari Iversdtr. Hoset frå Lesja.

I 1804 kjøpte han også garden Mjelva, der han m.a. oppførte ei stovebygning i stein. I 1809 fekk han premie av Det kgl. danske Landhusholdningsselskap for steinhusbygging, jorddyrking mm. Ole Amundsson starta i 1812 (eller noko før) eit teglverk på Grøttøra ved utlaupet av Rauma. Her vart det produsert både takstein og murstein. I 1812 selde han Mjelva og kjøpte seg eit stort område i Ulvådalen. Her rydde han seg ein ny gard, Kabbesetra, og etter dette fekk han tilnamnet "Kabbin". På Kabbesetra dreiv han sagbruk. Eit ras vinteren 1816 tok både husa og folket på Kabbeseter. 10 av 13 menneske omkom, og mellom dei omkomne var Ole Amundsson sjølv og kona Kari.

Ole Amundsson var valmann for Grytten prestegjeld våren 1814.

Kjelder:

  • Ole Amundsen i folketeljinga 1801 for Grytten prestegjeld frå Digitalarkivet
  • Knut Foss: "Kabbin", Romsdal sogelags årsskrift 1925, s. 26-29.
  • Bjørn Austigard: "Teglverka på Nes og Høljenes. 160 år med industrihistorie ved Rauma", Årbok for Romsdalsmuseet 1995, s. 35-74.