Ole Christian Rasch

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Christian Rasch (fødd 11. februar 1809 i Kristiania, død 25. august 1879) tok teologisk embetseksamen 14. juni 1833.

Luster

Etter studiane var han i lengre tid huslærar hjå sokneprest Fleischer i Luster, der han seinare vart forlikskommisær og kasserar i fattigvesenet. Her gifte han seg 20. mars 1840 med prestedottera Andrea Wilhelmine Daae.

Sokneprest i Jostedalen

28. januar 1854 kom Rasch med familien til Jostedalen for å overta prestekallet etter å ha vorte utnemnd til sokneprest 27. august 1853. I Rasch si tid vart det gjort eit større arbeid med Jostedal kyrkje, som fall saman med at det i 1860 var 200 år sidan kyrkja var bygt. I 1859 vart det skaffa ein ny messehakel, golvet i kyrkja vart opphøgd, det kom på plass ei ny kyrkjeklokke, og kyrkjegarden vart utvida med ny og høgare mur. Mest synleg var endringa i 1862 då den tjørebreidde borkledningen på kyrja vart riven ned og erstatta med kvitmåla bordkledning.[1]

Rasch var ordførar i Jostedalen i tre periodar, fyrst i 1856, så 1859-1861 og 1863-1867. Han styrte òg Jostedal bygdemagasin. Rasch var sokneprest i Jostedalen i over 14 år, som var den lengste perioden nokon prest mellom 1792 (Matthias Foss)og 1930 (Svein Medhus]) var i embetet.

Hafslo og Luster

16. september 1867 vart Rasch utnemnd til sokneprest i Hafslo. Han styrte sokneprestembetet i Jostedalen i eit knapt år til og heldt avskilstala 7. juni 1868. I Hafslo var han til november 1876 då han og kona flytte attende til Luster.

Notar

  1. Øvregard m.fl. 2010, s. 85, 109, 223f

Litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 336. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Christian Bastholm Heltberg 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Andreas Emil Hansen 


Forgjengar:
 Johannes Halvorson Vamberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Lars Tøgerson Kronen 


Forgjengar:
 Lars Tøgerson Kronen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 John A. Haugen 


Forgjengar:
 John A. Haugen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Lars Tøgerson Kronen