Ole Erikson Myklemyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. mai 2011 kl. 09:19 av Kallrustad (samtale | bidrag) (lenker til NHL-artikkelen fanejunker)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre

Ole Erikson Myklemyr (fødd 7. januar 1873, død 12. februar 1953) var frå Myklemyr i Jostedalen. Han var son av Erik Olson Myklemyr (1831-1878) og Martha Larsdotter (1848-1899) som hadde bruket Nedre Myklemyr (bnr. 7).

Ole gifte seg fyrste gongen i Bergen 8. juli 1896 med Anna Marie Krogsrud (1872-1906) frå Modum. Etter at Anna Marie døydde, gifte Ole seg opp att 7. november 1908 med Anna Pedersdotter Vigdal (1880-1953) frå Vigdalen.

Ole var fanejunker i Forsvaret, og 4. oktober 1900 fekk han makeskift seg til gardsbruket Øy (bnr. 9) på Myklemyr. Her var Ole og Anna Pedersdotter buande så lenge dei levde.

Han fekk fire born i det fyrste ekteskapet og fem i det andre.

Ole Myklemyr var ordførar i Jostedalen frå 1908 til 1910. Mora Martha Larsdotter kom frå ei tjukk ordførarslekt på Nedre Fåberg. Far hennar og bestefar til Ole, lensmann og gardbrukar Lars Rasmusson Faaberg, var den fyrste ordføraren i Jostedalen med gardbrukarbakgrunn. Ordføraren i periodane før og etter Ole Myklemyr, Lars Rasmusson Faaberg (1866-1957), var såleis syskenbornet til Ole.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 39. (Digital utgåve, NBdigital)


Forgjengar:
 Lars R. Faaberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Lars R. Faaberg