Ole Erikson Myklemyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. feb. 2016 kl. 08:25 av Cnyborg (samtale | bidrag) (hbr, nn)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Mal:Thumb høyre

Ole Erikson Myklemyr (fødd 7. januar 1873, død 12. februar 1953) var frå Myklemyr i Jostedalen. Han var son av Erik Olson Myklemyr (1831-1878) og Martha Larsdotter (1848-1899) som hadde bruket Nedre Myklemyr (bnr. 7).

Ole gifte seg fyrste gongen i Bergen 8. juli 1896 med Anna Marie Krogsrud (1872-1906) frå Modum. Etter at Anna Marie døydde, gifte Ole seg opp att 7. november 1908 med Anna Pedersdotter Vigdal (1880-1953) frå Vigdalen.

Ole var fanejunker i Forsvaret, og 4. oktober 1900 fekk han makeskift seg til gardsbruket Øy (bnr. 9) på Myklemyr. Her var Ole og Anna Pedersdotter buande så lenge dei levde.

Han fekk fire born i det fyrste ekteskapet og fem i det andre.

Ole Myklemyr var ordførar i Jostedalen frå 1908 til 1910. Mora Martha Larsdotter kom frå ei tjukk ordførarslekt på Nedre Fåberg. Far hennar og bestefar til Ole, lensmann og gardbrukar Lars Rasmusson Faaberg, var den fyrste ordføraren i Jostedalen med gardbrukarbakgrunn. Ordføraren i periodane før og etter Ole Myklemyr, Lars Rasmusson Faaberg (1866-1957), var såleis syskenbornet til Ole.

Ole Myklemyr var skulestyreformann i september 1912 då skulestyret gjorde vedtak om å føra møteboka på nynorsk, og han vart såleis den fyrste skulestyreformannen som gjorde dette (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen).

Litteratur

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Lars R. Faaberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Lars R. Faaberg