Ole Hansson Urdahl: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Ole Hansson Urdahl''' (fødd 1798, død 1891) var gardbrukar og lensmann i Luster i Sogn og Fjordane. Urdahl voks opp på Bringe som eldste son av seinare lensmann og...)
 
(om Jostedalen)
Linje 3: Linje 3:
Urdahl voks opp på [[Bringe]] som eldste son av seinare lensmann og stortingsrepresentant [[Hans Arneson Urdahl]] (1769-1829) og Anna Hansdotter (1765-1803).
Urdahl voks opp på [[Bringe]] som eldste son av seinare lensmann og stortingsrepresentant [[Hans Arneson Urdahl]] (1769-1829) og Anna Hansdotter (1765-1803).

Urdahl vart alt som 18-åring i 1816 tilsett som [[Lensmenn i Jostedalen|lensmann i Jostedalen]] etter faren. Dette ombodet hadde han til 1850.
Urdahl vart alt som 18-åring i 1816 tilsett som [[Lensmenn i Jostedalen|lensmann i Jostedalen]] etter faren. I 1835 sette han seg opp ei stove i [[Sperla (Jostedalen)|Sperla]] i Jostedalen som han nytta på embetsreiser. Ved eit makebyte i 1846 fekk han hand om den delen av bruket som låg i [[Sperløyane (Jostedalen)|Sperløyane]]. Stova han sette opp her, var truleg den han hadde hatt i Sperla. Han hadde likevel ikkje embetet lenge etter dette. I 1850 slutta han som lensmann, og i 1853 selde han Sperløyane. I Jostedalen åtte han òg bruket [[Nigard (Jostedalen)|Nigard]] (bnr. 3) 1839-1841, men budde aldri der.

Han var gift med Margretha Lassesdotter (1793-1847). Ho voks opp på Leri som dotter av Lasse Olson Lerum (1753-1819) og Gjertrud Andersdotter (1769-1823).
Urdahl var gift med Margretha Lassesdotter (1793-1847). Ho voks opp på Leri som dotter av Lasse Olson Lerum (1753-1819) og Gjertrud Andersdotter (1769-1823).

Då mora døydde i 1823, vart heimebruket på Leri skøytt til Margretha, og Ole og Margretha flytte då hit. Margretha døydde i 1847, og Ole Urdahl dreiv bruket til sonen [[Hans Olson Urdahl]] tok over i 1850. Ole Urdahl flytte då til Sandvik i Gaupne og vart gardbrukar der. Han budde på Sandvik levetida ut.

Linje 13: Linje 13:
==Kjelder og litteratur==
==Kjelder og litteratur==
*Øyane, Lars E. (1987). ''Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.'' (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 312-313
*Øyane, Lars E. (1987). ''Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.'' (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 312-313
*Øyane, Lars E. (1994). ''Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.'' (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 173, 180 og 615. ([http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008020701034 Digital utgåve, NBdigital])

{{DEFAULTSORT:Urdahl, Ole Hansson}}
{{DEFAULTSORT:Urdahl, Ole Hansson}}

Sideversjonen fra 27. jan. 2013 kl. 21:17

Ole Hansson Urdahl (fødd 1798, død 1891) var gardbrukar og lensmann i Luster i Sogn og Fjordane.

Urdahl voks opp på Bringe som eldste son av seinare lensmann og stortingsrepresentant Hans Arneson Urdahl (1769-1829) og Anna Hansdotter (1765-1803).

Urdahl vart alt som 18-åring i 1816 tilsett som lensmann i Jostedalen etter faren. I 1835 sette han seg opp ei stove i Sperla i Jostedalen som han nytta på embetsreiser. Ved eit makebyte i 1846 fekk han hand om den delen av bruket som låg i Sperløyane. Stova han sette opp her, var truleg den han hadde hatt i Sperla. Han hadde likevel ikkje embetet lenge etter dette. I 1850 slutta han som lensmann, og i 1853 selde han Sperløyane. I Jostedalen åtte han òg bruket Nigard (bnr. 3) 1839-1841, men budde aldri der.

Urdahl var gift med Margretha Lassesdotter (1793-1847). Ho voks opp på Leri som dotter av Lasse Olson Lerum (1753-1819) og Gjertrud Andersdotter (1769-1823).

Då mora døydde i 1823, vart heimebruket på Leri skøytt til Margretha, og Ole og Margretha flytte då hit. Margretha døydde i 1847, og Ole Urdahl dreiv bruket til sonen Hans Olson Urdahl tok over i 1850. Ole Urdahl flytte då til Sandvik i Gaupne og vart gardbrukar der. Han budde på Sandvik levetida ut.

Ole Urdahl var far til Hans Olson Urdahl (1824-1878) og farfar til læraren Per Urdahl (1854-1935) som etter tur overtok og dreiv Leri.

Kjelder og litteratur

  • Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 312-313
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 173, 180 og 615. (Digital utgåve, NBdigital)