Ole Hansson Urdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. feb. 2018 kl. 10:23 av Cnyborg (samtale | bidrag) (hbr)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Hansson Urdahl (fødd 1798, død 1891) var gardbrukar og lensmann i Luster i Sogn og Fjordane.

Urdahl voks opp på Bringe som eldste son av seinare lensmann og stortingsrepresentant Hans Arneson Urdahl (1769-1829) og Anna Hansdotter (1765-1803).

Urdahl vart alt som 18-åring i 1816 tilsett som lensmann i Jostedalen etter faren. I 1835 sette han seg opp ei stove i Sperla i Jostedalen som han nytta på embetsreiser. Ved eit makebyte i 1846 fekk han hand om den delen av bruket som låg i Sperløyane. Stova han sette opp her, var truleg den han hadde hatt i Sperla. Han hadde likevel ikkje embetet lenge etter dette. I 1850 slutta han som lensmann, og i 1853 selde han Sperløyane. I Jostedalen åtte han òg bruket Nigard (bnr. 3) 1839-1841, men budde aldri der.

Urdahl var gift med Margretha Lassesdotter (1793-1847). Ho voks opp på Leri som dotter av Lasse Olson Lerum (1753-1819) og Gjertrud Andersdotter (1769-1823).

Då mora døydde i 1823, vart heimebruket på Leri skøytt til Margretha, og Ole og Margretha flytte då hit. Margretha døydde i 1847, og Ole Urdahl dreiv bruket til sonen Hans Olson Urdahl tok over i 1850. Ole Urdahl flytte då til Sandvik i Gaupne og vart gardbrukar der. Han budde på Sandvik levetida ut.

Ole Urdahl var far til Hans Olson Urdahl (1824-1878) og farfar til læraren Per Urdahl (1854-1935) som etter tur overtok og dreiv Leri.

Kjelder og litteratur

  • Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 312-313
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 173, 180 og 615. Mal:Bokhylla.
  • Ole Hansson Urdahl i Historisk befolkningsregister.


Forgjengar:
 Hans Arneson Urdahl 
Lensmenn i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Lars Rasmusson Faaberg